torsdag 30. desember 2010

Extreme makeover, part 1






Då turen var over og vi hadde bodd ei stund i båten vår følte vi at vi byrja å kjenne han litt betre. Å halde ein slik båt i orden er ein heiltidsjobb, og ikkje uventa var det blitt mykje å ta igjen over dei siste åra. I tillegg ville vi gjere ein del ikkje heilt naudsynte, men ynskjelege, endringar både over og under dekk.

Etter at teakdekket var pussa og hadde fått fleire sjenerøse lag med kinesisk treolje tok vi til med det som hasta mest, nemleg sjølve skroget. Skroget var frå før dekka med fleire tjukke lakkstrøk. Fordelen med lakk er at ein har gode høve til å halde oppsyn med treverket og lettare kan oppdage fukt og råte. Mange meiner og at det er pent at treverket viser. Ulempa er at dersom lakken får ei lita skade og det lek inn nokre dråpar vaten hindrar han treverket i å tørke. Vi valde derfor å fjerne lakken og gi båten nokre strøk med tradisjonell linoljebasert måling.

Først måtte fleire lag med lakk fjernast. Båten blei med litt om og men satt på land på slippen på Longva, før den lange, tunge og keisame jobben med å pusse vekk lakken byrja. Vi fekk heldigvis låne pussemaskiner med pappa og Atle Longva, og pussa oss gjenom omkring 150 ark med pussepapir. Om noko var dei billege arka frå Biltema betre enn merkevarene.

Når lakken var vekk fekk skroget fire strøk med ei blanding av terpentin og rå linolje. Dette trekk inn i treverket og hindrar råte. Når denne hadde tørka var vi klare for måling. I "Ottar", eit blad som Tromsø Museum gjev ut, fann vi ei oppskrift på måling som dei nyttar på nordlandsbåtane sine. 2/3 kokt linolje + 1/3 terpentin blandast med like mykje fargepulver. Losbåtane var tradisjonelt kvite, så vi tinga titankvitt fargepullver frå Ekjord Farvehandel i Oslo.

Vi vart gledeleg overraska over dekkingsevna til målinga, og to strøk var nok. Han fekk og eit nytt lag med botnsmurning. I skøyten drista vi oss til ei småfrekk svart stripe. Dermed var skroget ferdeg, akkurat i tide til vinteren. Vi er særs nøgde med resultatet sjølve og gler oss til å lufte båten ordentleg i ny finstas!

torsdag 3. juni 2010

Sånn gjeng no dagane!




No har vi budd i båten i nesten ein månad, og vi har fleire prosjekt på gong. Vi har byrja å bygge om under dekk: Badet er snart ferdigflytta, og dermed får vi plass til ei dobeltsen framme i baugen. Det blir stas! Med tid og stunder skal også kjøkenet utvidast og forbetrast, eg gler meg særskilt til å få steikovn og meir enn ei kokeplate. Då kan eg utvide middagsreportoaret mitt. Når veret er fint nyttar vi og sjansen til å slipe ned dekket. Planen er å olje det etter kvart.

Den største endringa om bord er likevel at Pimpernell har flytta inn. Han har heldigvis funne seg godt til rette, og blitt ein kløpper til å kome seg i land og om bord frå diverse kaier og brygger, både ved flo og fjøre. Han spankulerte fram og attende på dekk store delar av den fyrste seglturen sin (Lausund-Longva), og vil no helst kun tiltalast som "kaptein O'Malley". Admiral Seth og dekksgut McClune lar han stort sett få vilja si i det.

I tillegg til båtprosjekta gjeng det og ein del tid på å stelle i kjøkenhagen vår. Forrige helg låg vi og luka fra morgon til kveld, og resultatet var solbrende nakkar og gode vekstvilkår for bønner, erter, kålrabi, reddik, pastinakk, tomat, paprika, broccoli, kvitkål, gul lauk, purre, kvitlauk, charlottlauk, gulrøter, aubergin, agurk og melon(!). Det blir spanande å sjå kva som klarer seg, kryss fingrane for ein god somar!

Eller gler vi oss til tre veker i USA om ca 20 dagar!

lørdag 8. mai 2010

Stadten overvunne!




Torsdag 6.4 for vi frå Kalvåg og passerte Frøya på innsida. På grunn av alle dei små øyene vart vi nødde til å nytte motor. Då vi kom opp i Bremangerfjorden slo vi han av og kryssa så godt vi kunne i den svake vinden. Det gikk så sakte at fruen til slutt heiv ut eit fiskesnøre i rein keisemd. Snøret gjekk til botns, og då eg skulle dra det opp att var det så tungt at eg var sikker på at vi skulle måtte ete tare til middag. Men den gong ei: På snøret hang det ein velvaksen torsk! Så vart det nykokt torsk både til lunsj og til middag. Nammis!

Etter kvart friskna heldigvis vinden, og jammen dreide han ikkje og blei nærast sydleg. Vi slo fast at vi måtte nytte denne sjeldne lukka og peisa på utover kvelden. Og der framme låg Stadten. Himmelen var lys grå og vinden ein letthandsambar frisk bris. Vi tok sjansen. Med stadige nervøse blikk austover mot land, lista vi oss nordover medan eg sang "Stadten sover, Stadten sover.... men man kan jo aldri være trygg!" inni hovudet mitt. Så var vi nesten forbi, og eg var nesten litt skuffa. Det gjekk nærast for lett. Lindesnes var langt verre!

Men då vakna jammen Stadten! Vinden dreide vestleg og auka til stiv kuling. Det veksla mellom å regne og å sludde. Kl. 3 om natta krafsa Jared oss i land på Nerlandsøya. Frua hadde då for lengst søkt tilflukt under dekk, og var veldig glad for å kome i land nord for Stadt.

Dagen etter vakna vi til sol og fint igjen, vi kunne sjå Runde og kjende oss rett som heime. Resten av turen gjekk uten dramatikk (sjølvom vi syns det var litt for grunt under Rundebrua), og i 21-tida la vi til i Brosundet. Pappa henta oss, og heime var det pizza. Nydla gøtt!

tirsdag 4. mai 2010

Vi mot vinden


Trass i ugunstig motvind og regnbyger gjorde vi ein kjempeinnsats og kom heilt til Herland på Atløy sist sundag. Vi hadde då kryssa over fylkesgrensa til Sogn og Fjordane, og var godt nøgde med det. Sjølvom vi kryssar som heltar vert vi likevel nødd til å nytte motoren av og til, der det rett og slett er for trongt eller vinden er heilt umogeleg. Vi kjenner tidspresset no.

Då vi vakna mandags morgon, kunne kapteinen konstantere at vi snart var tomme for motorolje. Optimistiske la vi i veg på jakt etter ein bensinstasjon. Etter å ha gått ei stund kom vi over eit informasjonsskilt som viste at næraste butikk og bensinstasjon var på andre sida av øya. Bomtur.

Dagen byrja med sol og fint vêr (motvind, sjølvsagt), men ute på sjøen var det surt. Byger for forbi og slapp frå seg både regn og haggel på oss, masse ekkel vind hadde dei og med. Då vi nærma oss Florø fekk vi og sterk straum imot oss, og måtte til slutt motvillige slå på motoren eit stykke før vi sigla inn i Florø hamn. Etter at vi hadde funne ein bensinstasjon og handla olje snødde det på oss. I mai. Vi skunda oss attende til båten og fyrte opp i dieselomnen vår for å få fart på den globale oppvarminga.

I dag vakna vi til lite vind. Heldigvis friskna han då vi kom litt utpå, og vi kryssa trottig vidare. Planen var å passere Bremangerlandet på innsida fordi kysten såg så rotete ut, men då vi kom opp i Frøysjøen og snudde baugen nordaustover kom vinden plystrande rett ned fjorden. Det freista ikkje å krysse rett mot vinden i slike tronge farvatten. Heldigvis er vi fantasifulle og tilpassningsduktige folk, så vi bestemte oss for å snu heilt rund og bli i Kalvåg natta over. Dagens etappe vart derfor ikkje så lång som vi hadde håpa, men den tidlige slutten i dag gjer at vi kan starte tidleg i morga. I Kalvåg traff vi ei gruppe som var på "Kystkultur-tur". Dei hadde sett oss der vi baksa oss nordover, og spanderte lokalt øl på oss. Nais.

søndag 2. mai 2010

Ferden går videre...




Onsdag 28. reiste vi frå Sagvåg med splitter ny klo på gaffelbommen vår. Vinden var kjempefin, så vi var blide og fornøgde sjølv om det regna og var tåkete. Turen gjekk greit og roleg føre seg, og då vi kom til Bergen i 21.30-tida var vi glade for å komme i hamn. Tåka var då så tett at vi ikkje kunne ha sigla noko lenger i alle fall.

Neste morgon fekk vi låne dusj, vaskemaskin og tørketrommel av min venninDe Siv, noko som var kjærkome, sidan kapteinen var fri for rein intmbekledning. Deksguten virka nøgd med førehalda slik som dei var. Då dette var teke hand om spaserte vi byen på kryss og tvers, før vi møtte Siv, Mari Dorte og Frank for ein framifrå middag på HotWok. Etterpå tok Siv oss med til ein fantastisk pub som heitte Henrik, der dei hadde mykje godt og spanande øl frå inn- og utland. PS: Gratulerer med dagen, Mamma!

Fredag kom i vi oss relativt tidleg av garde, sjølvom kvelden før hadde vore litt sein og litt fuktig. Dette var siste dagen det var meldt medvind nordover, så vi var ivrige på å komme eit godt stykke. Til vårt store vonbråt var vinden veldig svak, så vi veksla stort sett mellom å sige sakte eller ligge still. Den kvelden la vi til ved ei privat hyttebrygge halvegs i det smale sundet nordaust for Radøya, i mangel på noko anna i mils omkrets.

I går vakna vi til kraftig nordavind. Vi kryssa tappert heile dagen, og nytta berre motor på dei smalaste stadane der det ikkje var plass til å vende. På Feste fekk vi bunkra både diesel og vatten. Då kvelden kom kunne vi glade konstantere at vi hadde kome eit godt stykke, og då vi la til i Skjerjehamn vinka H.K.H. Olav V oss blidt velkomne. Vi var så heldige å få med oss ein gratiskonsert med Håvart Lothe, det gjorde seg godt etter ein dag på sjøen!

tirsdag 27. april 2010

Det går likar no!




Sundag 25. fekk vi endeleg medvind, og for ein vind! På grunn av dei store dønningane turde vi ikkje å nytte det handikappa storsiglet vårt så mykje, likevel fauk vi av garde nordover berre med kliver og fokk i vinden. Vêret var fint og stemninga god. Det var deilig å endeleg vere på farta igjen etter å ha lege i ro og trippa utålmodig to heile dagar. Vi var inne på tanken å sigle heile natta, men då vi nærma oss Karmøya løya vinden så mykje at vi kom fram til at det ikkje var verd det. Den natta låg vi i Skudeneshavn, som er ein bedårande liten by vi gjerne kjem attende til.

Morgonen etter var det mykje skodde og regn, og då vi kom ut i Skutenesfjorden var der nesten ikkje vind heller. Meldingane hadde lova oss medvind heimover, så vi heiste litt molefonkne storseglet og håpa på det beste. Inni foldane i seglet hadde ei diger humle søkt ly for regnet. Ho var så kald og våt og pjuskete i pelsen at vi tok ho med inn så ho fekk tørka og varma seg litt. Vi baud ho på bihonning som ho stakk den longe tunga si i et par gongar, så brumla ho i veg mot land mellom regnbygene. Dagen gode gjerning!

Då vi kom inn i Karmsundet friskna heldigvis vinden og vi passerte brua og Haugesund med fin fart. Nord for Karmøya vart vinden enno betre, og vi rett suste avgarde. Utover kvelden minka han att og da vi kom inn i Stokkesundet mellom Stord og Bømlo var vinden så svak og tåka så tett at vi, litt på impuls, svinga inn Sagvågen og overnatta der.

Neste morgon blei vi møtt av nåkre karar frå det lokale kystlaget som sa pene ting om båten vår og gav oss ein nøkkel så vi fekk dussja oss. Dei tipsa oss og om eit båtbyggeri litt lenger ute i vågen, der vi kunne få hjelp for den øydelagde gaffelkloa vår. Og hjå "Skipstømraren" møtte vi velvillige og trivelege karar som lånte Jared verkty og kom med råd og tips. No er den nye kloa snart ferdig, i morgon skal ho monterast før vi breier ut vengane og vender baugspydet heimover att. Bergen neste!

fredag 23. april 2010

Problem solved...?



Etter at min nevenyttige ektemann fekk tak i ein plankebit, ei sag og ei boks med spiker, snikkra han saman ei brukandes naudløysing slik at vi fekk nytta storseglet likevel. Nattsiglinga gjekk føre seg utan store hendingar. Vinden var slett ikkje så bra som yr.no hadde lova oss, og store dønningar gjorde det umogeleg å søve for den som hadde fri. I halv åtte-tida om morgonen søkte vi ly i Rekefjorden, og hadde dermed kryssa grensa til Rogaland. Etter å ha sove til tidleg på ettermiddagen gjekk vi oss ein lang tur og handla litt mat.

I går (fredag) var vêrmeldingane så dårlege at vi eigentleg ikkje hadde tenkt oss ut. Vi var imidlertid ivrige på å komme oss vidare, og vinden var slett ikkje så ubrukeleg som var meldt. Vi hadde fin fart, og var freista til å halde fram og sigle heile natta. Det var imidlertid spådd at vinden skulle snu til rein motvind utover natta, så vi tok ikkje sjansen sidan det er få plassar å søke ly mellom Egersund og Stavanger dersom vêret blir umogeleg. Vi kom i havn i Sirevåg i går kveld, og no ventar vi på passande vind til å komme oss forbi Jæren. Det ser diverre ikkje ut til at det blir nokon sjanse før på sundag.

Vi har rusla langs stranda i Ognabukta og i det spesielle sanddyne-landskapet bak.

tirsdag 20. april 2010

Big problem



Då vi la ut frå Lillehavn i dagtidlig såg vi til vår store glede at vinden var ypperleg for å runde neset. Ikkje lenge etter var vi forbi og både bølgene og vinden puffa oss venlege i ryggen, nordover og heimover. Det såg ut til å kunne bli ein kjempedag, sjølvom det var grått (sikkert den såkalla "skrekkskya" eg las om på framsida til VG) og regna for første gong på turen. Å komme forbi Lista skulle ikkje vere noko problem, kan hende kunne vi ligge ein plass i nærleiken av Stavanger i natt! "Haha, vi er forbi Lindesnes, no kan ingenting stoppe oss!" jubla eg, rimeleg tøff i trynet. Det skulle eg jammen få angre.

Berre ein time seinare knakk eine tinden på gaffelen som held gaffelbommen (den seglet heng frå) inntil masta. Dette gjer at storseglet blir veldig vanskeleg å få opp og ned, og umulig å kontrollere. Med andre ord ubrukeleg.

Med storseglet i fatle tøffa vi oss inn til Listahavn. Her kunne vi konstantere at gaffelen hadde hatt ei sprekke frå før, som den fyrste eigaren har forsterka med to godt kamuflerte boltar. Det har halde i årevis, heilt til i dag, faktisk. Og berre så det er sagt: Vi trur ikkje at han vi kjøpte med ante noko om dette. Han brukte mest motor, og har nok ikkje saumfart siglingsutstyret.

Tilfeldigvis vart båten bygd nett her på Lista, og vi håpa derfor å finne ekspertisa og materiale til å få det fiksa. Vi blei sett i kontakt med ein pensjonert båtbyggar, som kjende att båten. Han hadde vore med på å byggje han i 1984. Dessverre er alle båtbyggeria her lagt ned, og maskinene er demonterte. Materiala importerte dei frå Danmark og Sverige, fortalte han oss, og her er ikkje noko att.

Så no sit vi her. Vi har blitt tipsa om at dei kanskje kan hjelpe oss på det moderne båtbyggeriet i Egersund, men vi har våre tvil. Planen er derfor å finne ein dertil egna trebit, og så får Jared prøve å lappe saman kloa så godt han kan. Vêrmeldingane viser at dersom vi ikkje kjem oss vidare i dag kan vi bli liggande til laurdag, så vi vil forsøke å nytte den gode vinden i kveld og i natt. Vi kan sigle med berre fokket og kliveren, og kun nytte det skadeskotne storseglet når det er forsvarleg.

Vi har forøvrig konkludert med at dette er ein dritdag. Og eg skal ikkje juble ein lyd meir før båten er på plass i Lausundhamna. Æresord.

Musesteg...



Det blei nokre dagar til i Mandal. Vi slo i hel tida så godt vi kunne; fleire rusleturar, mellom anna langs den fine stranda deira og inn i småskogen der det aula av kvitrande småfuglar og blomstrande kvitveis, eg har kjøpt meir lesestoff og vi var på kino og såg "Alice in Wonderland". Ein av dagane gjekk vi på fin resturant og kjøpte dessert og kaffidrikk. Eg åt noko som likna på ein pecan-pai, seinare såg eg eit skilt på utsida av resturanten som proklamerte at nett denne "dessert-pizzaen" var kåra til verdas beste i Las Vegas, 2008. Og god var han!

I går (mondag) hadde vi imidlertid fått nok byliv. Sjølvom vêrmeldingane ikkje var dei beste ville vi likevel gjere eit forsøk på å runde Lindesnes. I byrjinga såg det lovande ut, men så dreide vinden og vi måtte til å krysse. Sjølvom vi kryssa milevis inn og ut på sjøen og holdt på i 6 timar til, måtte vi skuffa innsjå at då kvelden kom hadde ikkje all kryssinga flytta oss noko særleg i det heile tatt i den retninga vi ville. Litt slukøyrde måtte vi tilbringa natta i Lillehavn, rett aust for spissen av Lindesnes.

fredag 16. april 2010

Bytur!



Vi tillot oss å ligge lenge i dagtidlig, og då vi vakna til den same strie motvinden som i går, avgjorde vi at det ikkje blei noko forsøk på å runde Lindesnes i dag. Etter ein nydeleg dusj tok vi oss til Mandal. Her har vi rusla i byen, handla mat, vore opp Uranienborg, kjøpt fiskeutstyr og ete på kinaresturant. Vêrmeldingane for i morgon ser ikkje mykje betre ut. Dersom ikkje vinden spaknar litt slik at det blir mogeleg for oss å krysse, kan det hende vi blir liggande vêrfaste her ei stund. Foreløpig er det deilig å kvile slitne musklar og såre hender (kunsthamp er ikkje snill med kontorhendene mine), men eg er redd vi snart blir rastlause. Kryss fingrane for betre vind!

torsdag 15. april 2010

Motvind...


Siglinga i går (onsdag) gjekk føre seg utan særleg dramatikk. Vinden var svak om morgonen men friskna til utover dagen, og vi susa forbi Kristiansand med fin fart. Den natta låg vi for anker mellom Hærholmane. Sjølve anringa gjekk heldigvis ganske knirkefritt.

I dag vakna vi til ganske sterk motvind. Vi kledde oss i flytedrakter og redningsvestar (skal ein først flyte, kan ein gjere det til gongs!), stappa ein orange handrøyk kvar i lomma tok to rev i segla og budde oss på ein dag med mykje kryssing. Vindretninga og bølgene gjorde det imidlertid veldig vanskeleg å vende, og vi vart nødde til å jibbe mykje. Då mista vi mykje høgde, og etter ein heil dag med strabasiøs sigling, var vi nesten tilbake der vi starta. No ligg vi i gjestehamna i Tregde Marina, eit ørlite hakk nærare Mandal enn i går. Vi lurer på om vi skal ta ein dag på land i morgon dersom vinden er lik i dag. Matlageret vi samla på Råde er snart tomt, og i Den Store Kloke Boken (Redningsselskapet si "Ferie- & Fritidshavner) står det at det skel vere høve for dusjing her. Luksus!

tirsdag 13. april 2010

Førrbannja anker-skit!


Då eg avslutta forrige innlegg var eg lukkeleg uvitande om korleis gårsdagen skulle ende. Vi kom til Auesøya, der vi hadde planlagt å ligge om natta, rett før sola gjekk ned. Ein kombinasjon av kommande nattemyrkre, for kort ankerkjetting og fortøyningstau, mangel på lettbåt og lite manøvreringsplass, gjorde at vi gav opp heile ankringsprosjektet ca kl 1. Då hadde vi bala sidan kl 21. Trøtte (etter å ha sigla halve forige natt kvar), slitne og svoltne (vi hadde ikkje ete sidan lunsj i 13-tida), beit vi i det sure eplet og heiv all stoltheit over bord. Vi slo på GPS og motor, og tøffa med halen mellom beina til Lillesand og gjestebrygga der.

Vi var framme i 3-tida åt vi kvar sine to skiver med varm fiskepudding, drakk ein halv kopp cognac (takk onkel Håkon, det trengdes!), og velta oss i køya.

Neste morgon rusla vi rundt i Lillesand, som er ein aldeles nydelig liten sørlandsby, på jakt etter havnevesent sitt kontor for å betale for oss og kjøpe polettar til ein dusj. Kontoret viste seg å vere umogeleg å finne, så vi vaska oss med klut og satte avgarde i 15-tida. Vinden som var lova såg vi lite til, men den hadde lagt att nokre irriterande bølger på veg forbi.

Kloke av skade stoppa vi tideleg i dag og rakk akkurat å ankre opp før sola gjekk ned. No ligg vi ved Sandøya, litt nærare Kristiansand enn Lillesand. Potetene kokar, og freda har senka seg. Vi skal prøve å få att døgnrytma, og starte tidleg i morgon.

mandag 12. april 2010

Nattsigling



I går (sundag) lista vi oss ut fra Ula utan motor. Vi hadde fin vind til vi runda Svenner fyr, då vart det brått vindstilt. Etter ein times tid byrja han å blese att, men så svakt at vi berre snigla oss av garde mot Sørlandet. Dagens høgdepunkt var då ei nise kom opp etter luft rett ved båten. Ellers slo vi i hel tida på ulikt vis, eg tydde til boka mi og ein kopp (!) Chardonnay, Jared turna forsiktig på baugspydet.

Då kvelden kom hadde vi berre så vidt nådd Jomfruland, og kapteinen beslutta at vi skulle sigle natta gjennom. Som B-menneske tok han fyrste vakta, medan eg tok på meg hundevakta. Eg kom opp på dekk i 2-tida, til gnistrande stjernehimmel med nordlys. Bak oss glitra det i moreld, det var nett som å sigle på sin eigen lille Mjølkeveg!

Det er noko eige med å få eineansvaret for båt og mannskap (Mannskapet eg hadde ansvar for tel berre ein person, men han har ein viss afeksjonsverdi for meg). Når sola nærma seg horisonten fekk eg selskap av fiskabåtane som var på veg til land, og det var godt å kjenne lyset og varmen frå sola i andletet etter timesvis i myrkre.

Etter felles frukost og vaktskifte tok eg meg ein velfortjent lur. No har vinden friskna og vi suser av garde mot Lillesand, der vi skal tilbringe natta i ei naturhavn ved ei lita øy som heiter Auesøya.

lørdag 10. april 2010

Gratis middag!


I dag byrja vi med å sjå gjennom ekstrasegla som vi fann inni båten. Der fann vi fokkeseglet, dermed kunne toppseglet, som til no har tjent som fokk, få ei velfortent pause. Siglinga i dag var prima. Vindstyrka veksla mellom liten og sterk kuling, og sola skein like fint som i går. Vi trena ein del på å jibbe, og fikk nesten taket på det av og til. Læringskurva er stupbratt!

Vi plystra vidare langs Vestfoldkysten, og stoppa relativt tidleg i idylliske Ula. Der fekk vi besøk av tante Vivi m/fam, og var så heldige å bli bedne på middag. Etter ein deilig dusj og ein uovertruffen middag (hamburger OG biff), sit vi stappmette og litt solbrente og ser Farmen på TV. Om ei stund gjeng turen attende til Ula og båten, der vi tek på oss vadmelsbuksene og blir siglarar att. No er planen å sigle uten lange pauser til vi rundar Lindesnes og kjem til Vestlandet og kjentfolk igjen.

Då Håkon kjøyrde oss attende til Ula, hadde han ei lita overasking i bilen. Med oss på reisa vidare har vi med oss ei flaske med Chardonnay, og ei med Otard Cognac. Snakk om fyrsteklasses bunkring! Takk, onkel!

fredag 9. april 2010

Jomfrutur!


For dei av dykk som ikkje har høyrt rykta, slepp vi no katta utav sekken: Vi har kjøpt oss seglbåt! Etter å ha leita meir eller mindre aktivt etter eit småbruk å slå oss ned på utan å finne noko som fall i smak, bestemte vi oss for å tenke alternativt. Valet fall på ein Colin Archer på 34 fot, som vart bygd i 1984. (Eg veit av erfaring at dette er eit bra år å vere bygd i.)

Så i går bar det av gårde med tog til Råde, ein stad nord for Fredrikstad. Vi hadde uhorveleg mykje bagasje med oss, eit heilt flyttelass eigentleg. Særleg eg grudde meg litt til togturen. I tillegg til kvar sin ryggsekk og koffert/bag, draksa vi med oss ein redningsflåte på ca 70kg. På sidene til NSB stod det at togpassasjerar kan ha med seg 30kg bagasje, og vi hadde med oss over det dobbelte- kvar! Det gjekk heldigvis nærast knirkefritt, og på Råde Stasjon kom Frode, som vi kjøpte båten av, og henta oss. Etter eit lynkurs i den uvante elektronikken som følgte med båten handla vi inn nok mat til både Napoleon og hans hær.

Den natta sov vi som kampestein i våre heilt eigne køyer.

I dag byrja vi med å vaske litt i skuffer og skap, og flytte inn for alvor. Så sat vi kursen mot Fredrikstad for å kjøpe naudrakettar, igjen med Frode som velvillig sjofør. Etter eit repetisjonslynkurs, ein prøvetur og lunsj, starta vi den store reisa mot Ålesund.

Sola skein strålande frå knallblå aprilhimmel, men vi ønska oss litt meir vind. Vi klarte likevel å krysse Oslofjorden med æra i behold (d.v.s. utan motorhjelp), og med hjelp frå Redningsselskapets framifrå bok, "Ferie- og fritidshavner", fann vi ei småbåthamn på Østre Bolærne, og kom oss akkurat på plass før sola gjekk ned. No er planen å gruse Jared i eit blodig slag Uno, før vi et kvelds og køyer. Vi gler oss til i morgon!