lørdag 8. mai 2010

Stadten overvunne!




Torsdag 6.4 for vi frå Kalvåg og passerte Frøya på innsida. På grunn av alle dei små øyene vart vi nødde til å nytte motor. Då vi kom opp i Bremangerfjorden slo vi han av og kryssa så godt vi kunne i den svake vinden. Det gikk så sakte at fruen til slutt heiv ut eit fiskesnøre i rein keisemd. Snøret gjekk til botns, og då eg skulle dra det opp att var det så tungt at eg var sikker på at vi skulle måtte ete tare til middag. Men den gong ei: På snøret hang det ein velvaksen torsk! Så vart det nykokt torsk både til lunsj og til middag. Nammis!

Etter kvart friskna heldigvis vinden, og jammen dreide han ikkje og blei nærast sydleg. Vi slo fast at vi måtte nytte denne sjeldne lukka og peisa på utover kvelden. Og der framme låg Stadten. Himmelen var lys grå og vinden ein letthandsambar frisk bris. Vi tok sjansen. Med stadige nervøse blikk austover mot land, lista vi oss nordover medan eg sang "Stadten sover, Stadten sover.... men man kan jo aldri være trygg!" inni hovudet mitt. Så var vi nesten forbi, og eg var nesten litt skuffa. Det gjekk nærast for lett. Lindesnes var langt verre!

Men då vakna jammen Stadten! Vinden dreide vestleg og auka til stiv kuling. Det veksla mellom å regne og å sludde. Kl. 3 om natta krafsa Jared oss i land på Nerlandsøya. Frua hadde då for lengst søkt tilflukt under dekk, og var veldig glad for å kome i land nord for Stadt.

Dagen etter vakna vi til sol og fint igjen, vi kunne sjå Runde og kjende oss rett som heime. Resten av turen gjekk uten dramatikk (sjølvom vi syns det var litt for grunt under Rundebrua), og i 21-tida la vi til i Brosundet. Pappa henta oss, og heime var det pizza. Nydla gøtt!

tirsdag 4. mai 2010

Vi mot vinden


Trass i ugunstig motvind og regnbyger gjorde vi ein kjempeinnsats og kom heilt til Herland på Atløy sist sundag. Vi hadde då kryssa over fylkesgrensa til Sogn og Fjordane, og var godt nøgde med det. Sjølvom vi kryssar som heltar vert vi likevel nødd til å nytte motoren av og til, der det rett og slett er for trongt eller vinden er heilt umogeleg. Vi kjenner tidspresset no.

Då vi vakna mandags morgon, kunne kapteinen konstantere at vi snart var tomme for motorolje. Optimistiske la vi i veg på jakt etter ein bensinstasjon. Etter å ha gått ei stund kom vi over eit informasjonsskilt som viste at næraste butikk og bensinstasjon var på andre sida av øya. Bomtur.

Dagen byrja med sol og fint vêr (motvind, sjølvsagt), men ute på sjøen var det surt. Byger for forbi og slapp frå seg både regn og haggel på oss, masse ekkel vind hadde dei og med. Då vi nærma oss Florø fekk vi og sterk straum imot oss, og måtte til slutt motvillige slå på motoren eit stykke før vi sigla inn i Florø hamn. Etter at vi hadde funne ein bensinstasjon og handla olje snødde det på oss. I mai. Vi skunda oss attende til båten og fyrte opp i dieselomnen vår for å få fart på den globale oppvarminga.

I dag vakna vi til lite vind. Heldigvis friskna han då vi kom litt utpå, og vi kryssa trottig vidare. Planen var å passere Bremangerlandet på innsida fordi kysten såg så rotete ut, men då vi kom opp i Frøysjøen og snudde baugen nordaustover kom vinden plystrande rett ned fjorden. Det freista ikkje å krysse rett mot vinden i slike tronge farvatten. Heldigvis er vi fantasifulle og tilpassningsduktige folk, så vi bestemte oss for å snu heilt rund og bli i Kalvåg natta over. Dagens etappe vart derfor ikkje så lång som vi hadde håpa, men den tidlige slutten i dag gjer at vi kan starte tidleg i morga. I Kalvåg traff vi ei gruppe som var på "Kystkultur-tur". Dei hadde sett oss der vi baksa oss nordover, og spanderte lokalt øl på oss. Nais.

søndag 2. mai 2010

Ferden går videre...




Onsdag 28. reiste vi frå Sagvåg med splitter ny klo på gaffelbommen vår. Vinden var kjempefin, så vi var blide og fornøgde sjølv om det regna og var tåkete. Turen gjekk greit og roleg føre seg, og då vi kom til Bergen i 21.30-tida var vi glade for å komme i hamn. Tåka var då så tett at vi ikkje kunne ha sigla noko lenger i alle fall.

Neste morgon fekk vi låne dusj, vaskemaskin og tørketrommel av min venninDe Siv, noko som var kjærkome, sidan kapteinen var fri for rein intmbekledning. Deksguten virka nøgd med førehalda slik som dei var. Då dette var teke hand om spaserte vi byen på kryss og tvers, før vi møtte Siv, Mari Dorte og Frank for ein framifrå middag på HotWok. Etterpå tok Siv oss med til ein fantastisk pub som heitte Henrik, der dei hadde mykje godt og spanande øl frå inn- og utland. PS: Gratulerer med dagen, Mamma!

Fredag kom i vi oss relativt tidleg av garde, sjølvom kvelden før hadde vore litt sein og litt fuktig. Dette var siste dagen det var meldt medvind nordover, så vi var ivrige på å komme eit godt stykke. Til vårt store vonbråt var vinden veldig svak, så vi veksla stort sett mellom å sige sakte eller ligge still. Den kvelden la vi til ved ei privat hyttebrygge halvegs i det smale sundet nordaust for Radøya, i mangel på noko anna i mils omkrets.

I går vakna vi til kraftig nordavind. Vi kryssa tappert heile dagen, og nytta berre motor på dei smalaste stadane der det ikkje var plass til å vende. På Feste fekk vi bunkra både diesel og vatten. Då kvelden kom kunne vi glade konstantere at vi hadde kome eit godt stykke, og då vi la til i Skjerjehamn vinka H.K.H. Olav V oss blidt velkomne. Vi var så heldige å få med oss ein gratiskonsert med Håvart Lothe, det gjorde seg godt etter ein dag på sjøen!