onsdag 31. august 2011

Biscaia: challenge accepted!




Vi forlot Falmouth i fint ver og med god vind. Første dagen gjekk utan store hendingar, det var likevel med litt sug i magen eg såg lysa frå Cornwall forsvinne under horisonten i skumringen. No kunne det gå over ei veke før vi såg land igjen.

Neste morgon sat dansken ved roret, og vi tre som låg under dekk vakna av rop om "delfin!" Vi skunda oss opp, og tett med båten svømte to store og ein liten delfin. Den lille spegla nøyaktig rørslene til mor si. Etter ei stund forsvann dei, men på ettermiddagen hadde vi pluttseleg omkring tjue delfinar som dansa og leika seg rundt båten i sola. Det var ei fantastisk oppleving, og eg trur det var fleire av oss som var litt blanke i augene medan vi gleda oss over selskapet.

Men det var ikkje berre idyll. Nokre dagar seinare bles det opp til stiv kuling eller liten storm, med bølger som var 7-8 meter. Til slutt var veret så gale at vi ikkje kunne sigle lenger, vi vart nødd til å legge bi og hive ut drivanker. I over eit døgn låg vi og rulla i bølgene. Både å lage varm mat og å sove var så godt som umulig. Neste morgon: Null vind, null bølger, strålande sol. Alle våte klede blei heve ut til tørk, og endeleg kunne vi få nokre timar på puta.

Det verkar som Biscaia meinte ho hadde herja nok med oss etter dette, og vi fekk fantastisk siglevind siste døgnet. Vi surfa av garde til lyden av gledesrop frå karane, når ei ekstra sterk bølge skubba oss av garde. Fruen tedde seg sjølvsagt roleg og verdig heile tida. Den kvelden hadde eg vakt og då det mørkna såg eg lys i horisonten. Ikkje navigasjonslysa til fiskebåtar eller frakteskip men kystfyr! Spania! Etter at eg gjekk av vakt kl 24. fekk eg nesten ikkje sove. Vi hadde vore uta i 8 dagar, eg var trøyt, mørbanka, svolten på mat som ikkje kom utav ei boks og akutt udusja.

Om morgonen når eg kom opp på dekk var vi så nære land at vi kunne sjå husa, men til min store frustrasjon hadde vinden døydd igjen. Vi knaska molefonkent gammal musli med langtidshaldbar melk til frukost, medan vi kunne lukte skogen på land. Det blei for mykje. På med motoren som vi ikkje hadde nytta ein einaste gang i Biscaia, og vi dura inn i La Corona. Her dusja vi som berre pokker, rusla gatelangs i fineveret og åt på ein dritdårleg og ein kjempefin resturant.

Kneika er passert. Vi er i Syden!

fredag 19. august 2011

Koselege Cornwall




Ting gjeng sjølvsagt aldri etter planen. Første forsøket på å forlate Cherbourg måtte avbrytast etter at vind, tidevatten og bølger slett ikkje ville spele på lag. Det blei derfor nokre dagar til i Frankrike før vi våga oss utpå igjen. Denne gongen sikta vi på Cornwall, heilt sør-vest i Storbritania. Der er vi nemlig i ein betre posisjon når vi vil unngå Biscaiabukta på veg til Spania.

Turen over kanalen tok denne gongen fire dagar og tre netter. Veret var langt ifrå det beste. Karane var sjøsjuke og fruen sov omkring fire timar i løpet av overfarta. Dersom vi får liknande høve når vi set kursen sørover blir taktikken min å svime av av utmatting omkring dag fem, trur eg.

Det var derfor med stor glede vi kom fram til Cornwall, og etter nokre uhell fann vi til slutt byen vi leita etter, Falmouth. Den viste seg, noko overraskande, å vere eit populært turistmål i tillegg til eit vanleg utgangspunkt for siglarar på veg sørover. Vi er med andre ord i godt selskap. Karane nyttar trengselen til å tjene seg nokre grunkar som gatemusikantar, og treff rett som det er folk som er ute i same ærend. Då slår dei seg gjerne saman ein times tid, og søt musikk blir til.

Sjølv om vermeldingane framover ikkje er optimale når det gjeld vindretning, vil vi likevel gjere eit forsøk på å komme oss til Syden ein av dei næraste dagane. Å bli fanga nord for Biscaia i vinter er ikkje eit alternativ.

mandag 8. august 2011

Fine dagar i Frankrike




Her i Frankrike har vi kosa oss mykje! Etter å ha slappa av i Cherbourg nokre dagar var vi klare for ein ekspedisjon, og valet fall på St. Vaast (uttalast Sankt Va), ein liten by aust for Cherbourg. Siglinga dit gjekk kjempefint, og vi var framme på ettermiddagen ein gong. Vi ankra opp i bukta utanfor byen siden hamna var stengt. På grunn av den store skilnaden mellom flo og fjøre er hamnene i mange av dei mindre byane bygde nesten som sluser. Etter at Thalia var ankra og i orden tok vi jolla og rodde til Tatihou, ei lita øy utanfor byen som blir landfast når det er fjøre. Her fann vi fleire festningsverk, sauar, måsar og ein diger idyllisk hage. På veg attende til Thalia kunne vi vasse langt utover grunna og plukke blåskjell. Om kvelden rodde vi inn til byen og åt middag.
Då vi skulle attende var det blitt mørkt, og sjølvom vi hadde tent ankerlanterne før vi forlot Thalia, kunne vi ikkje finne ho. Vi rodde rundt i bekmørkre i over ein time, samstundes som alle dei store fiskebåtane var på veg ut med floa. Vinden auka og straumen ville gjerne ha oss med til havs, så til slutt fann vi det tryggast å komme oss i land på Tatihou igjen, som i mellomtida hadde blitt ei øy. Her overnatta vi i eit delvis nedlagt drivhus fullt med kaktus. Det regna og var mørkt og kaldt, men vi trøysta oss med at vi i alle fall hadde fulle magar.

Neste morgon var det sjølvsagt latterleg enkelt å finne Thalia. Vi var ombor igjen litt før 6 om morgonen og sov nokre timar til tidevatnet snudde slik at vi fekk han med oss mot Cherbourg. Det var deileg å komme "heim" til varm dusj og trygg småbåthamn!

Ein gong Jared og Tom var ute og spela musikk i ein park, kom dei i kontakt med nokre franske trillingar som inviterte oss på fest. Saman med meg og vårt nye mannskapsmedlem Nikolai frå Danmark troppa vi opp utanfor den fire-etasjes bygården der dei budde. Dei kunne fortelje at dei hadde spandert hotellrom på mora si, og alle etasjane var fulle med festande ungdomar. Trass i at vi var omkring ti år eldre enn alle andre hadde vi ein utrukig artig kveld der vi lærte ufine franske gloser og den makabre drikkeleiken "le petit Gregory".

No sit vi Granges litt lengre inn i landet der mine foreldre har leigd eit sommarhus med basseng saman med familien Hanken. Her har vi blitt traktert med ekte norsk brennsnut (med fransk vri), og kaker i lange baner. I kveld blir vi kjørt attende til Cherbourg, og i morgon skal vi handle det vi treng av mat for å krysse Biscaiabukta. Bon voyage!

mandag 1. august 2011

Goodbye England, bonjour Francè!




I skrivande stund sit eg på ein internet-cafè i Rue au Blè i Cherbourg. Turen over kanalen gjekk utan dramatikk, sjølvom vi endte opp med motorhavari og total vindstille midt i eit av dei mest rafikkerte havsterkka i verda. Vi kom roande inn i Cherbourg hamn tidleg på ettermiddagen etter to døger på sjøen. Reisa frå England til Frankriket tok oss også frå haust til sommar vêrmessig. Her kosar vi oss i 25+ og sol med små koselege kafear, resturantar og botiquear.

I går var eg og Siv ein dagstur til Bayeux og såg det omgjetne "veggteppet" som er eit 70 meter langt og nesten 1000 år gamalt broderi som fortel historia om då Vilhelm erobra England. I Bayeux har dei og ein kjempefin katedral som vi beundra.

No er motoren i orden og vi har bunkra vatten og handla proviant. Vi skal loffe langs den franske kysten til komande helg, då reiser Siv heim, og vi venter gjesting av familien som er i landet på ferie.

Sjå fleire bilete på Eva sin facebook-profil i albuma "England" og "Frankrike".