mandag 17. oktober 2011

Tilbake til Spania




Vestavinden kom ikkje. Posten, der i mot, kom etter kvart, bortsett frå ein pakke. Dette var ei to meter lang skinne som skal monterast på masta for å få opp eit stormsegl. Etter å ha gått 4km til postkontoret i Gibraltar frå Spania, gjennom passkontroll kvar dag i over ei veke, ringte Jared avsendaren og fikk FedEx sitt pakkenummer. Det viste seg at pakken hadde vore i Gibraltar i over ei veke. Etter å ha snakka med ei veldig uhjelpsom dame i pakkeluka blei vi bedne om å gå til FedEx sitt kontor. (Alle dei andre pakkane var og sendt med FedEx, og hadde likevel dukka opp på postkontoret.)

På kontoret til FedEx, som var på loftet til ei lagerbygning bak flyplassen, sat ein kar som hadde prøvd å ringe oss om pakken, som vi måtte fortolle. Telefonen hadde sjølvsagt vore slått av for å spare batteri. Vi fekk eit ark med fyren, og blei henvist til tollavdelinga som var i ei brakkebygning bak lageret, og for å komme dit måtte vi traske gjennom ein byggeplass i full aktivitet. På tollkontoret traff vi Willy. Han gav oss eit nytt (totalt uforståeleg) ark som måtte fyllast ut med tallkodar verken han eller vi hadde tilgang på. Han tipsa oss om eit kontor i første etasjen der dei kanskje kunne hjelpe oss for ein billig penge. Javel. Vi ned trappene og fann ei dame som aller nådigst kunne hjelpe oss for 15 GBP. Kvar var båten? Den ligg for anker i Spania. Er ikkje båten i Gibraltar? Nei, men vi skal ikkje importere denne skinna til Gibraltar, vi tek ho med oss så snart vi reiser. Men båten ligg ikkje i Gibraltar no? Nei. Sukk. Gå opp i andre etasje og snakk med Willy. Og Willy kleier seg i hovudet og snakkar litt på spansk med ein kolega som trekk på akslene og stempler papiret vårt. Så var det gjort!

Med skinna om bord set vi endeleg kursen inn i Middelhavet. Vestavinden har enno ikkje lat høyre frå seg, så vi kryssar sakte austover eit par dagar, til vinden finn det for godt å døy. Deretter følgjer tre døgn på speilblangt hav. Vi les, søv og badar litt i solsteika. Vi ser havskallpaddar. Småfuglar på veg til Afrika for vinteren tek ei velfortjent pause i riggen. Vi får fisk for fyrste gong sidan den engelske kanalen. Vi anar ikkje kva det er, men han liknar ørlitegrann på makrell, så vi tek sjansen. Han smakar litt som makrell og, og ingen av oss blei sjuke, så eg døyper han "mekrall".

Endeleg blir det vind att, men framleis frå aust. Planen for neste stopp var Formenterra, ei lita øy sør for Ibiza, men etter åtte dagar og inga von om betre vind retter vi kursen meir nord over og ender opp i Moraira i staden. Denne kjempefine lille byen ligg litt nord for Benidorm på Spnia sin austkyst. Her har vi kosa oss med fjelltur, strandtur og god mat. Lageret er igjen fullt med hermetikk, og i morgon set vi kursen mot Sardinia. I austavinden.

Fleire fine bilete kan nytast på Eva si Facebook-side.

tirsdag 4. oktober 2011

Gibraltar




Nokre dagar etter at vi hadde reist fra Tom i Casais gjekk vi tom for kart. Vi brukte derfor ein dag på å sigle mot land i von om å finne ein skipshandel. Hamneboka vår viste at der skulle vere ein slik i ein liten by som heite Villemora. Då vi kom fram viste ankerplassen seg å vere usikker, men vi tok sjansen. Kart må ein ha. Thalia blei bedt om å ligge fint på ankeret sitt medan vi låra jolla og rodde mot land.
Med ein gong såg vi at det hadde skjedd endringar siden hamneboka gjekk i trykken. Skipshandelen viste seg å ha flytta frå hamneområdet til eit kjøpesenter på andre sida av ein kanal som gjekk rimeleg langt inn. Så vi traska av garde i solsteika, med urolige blikk mot den duvande mastetoppen til Thalia langt der ute på andre sida av ein molo.
Omsider kom vi fram til senteret. Det første vi gjekk oss på var ein fotballpub, og senteret var fullt av bleikfeite, brautande britiske turistar. Herleg. Etter å ha spurt oss for fann vi til slutt skipshandelen. Han var stengt, det var nemleg søndag. Fail. Slukøyrde skunda vi oss tilbake til båten, som heldigvis låg der enno. Sjølvom vekedagane mistar meining for siglarbomsar som oss, så ser det ut som om resten av verda framleis nytter dei. Så da så!
Heldigvis hadde vi eit veldig udetaljert kart (Sør-England til Nord-Afrika) der dei viktigaste fyra var merkte, og hamneboka har lista profilane til alle fyra. Vi var derfor ikkje nødde til å sigle heilt i blinde, men var likevel letta då Europa Point var i sikte. Frå Fastlandseuropa sitt sørlegaste punkt kunne vi skimte Afrika under innseglinga til Gibraltar.
Vi visste ikkje heilt kva vi kunne vente oss av Gibraltar, eit lite stykke England på kysten av Spania. Eg hadde likevel ikkje trudd det skulle vere så Engelsk. Sjølvom det verker som om alle ”gib’ar” snakkar både engelsk og spansk, er det ikkje tvil om kva kultur som dominerar. Raude telefonbokser, english breakfast og fotball på storskjerm over alt. I tillegg til hooligans på ferie, held og Europas einaste ville apekattar til på Gibraltar. Trass i lite skilting og verdas dårlegaste turistkart gjekk vi opp til toppen av fljellet, The Rock, på leiting etter desse. (Apekattane altså.) Det var ein fin tur, men apekattar såg vi lite av. Apekattskit, derimot, var det mykje av.
Dagen etter fekk vi til vår store glede besøk av vår favorittdanske, Nicolai. Han skulle friere nokre dagar på Gibraltar før han flaug heim til ny jobb. I det vi tre spaserte rundt The Rock på leiting etter ei strand i sola, traff vi to trivelege britar som hadde sykla frå Nord-Spania.Det førte til både strandtur, middag og moro, og usømleg bruk av offentlege trimapparat. Keep calm and carry on. På baksida av Steinen, midt nede i mellom huse, der fann vi apekattane. Morosame figurar som ikkje var redde folk i det heile. Ei dame som forsiktig klappa ein på ryggen fekk seg ein smekk over handa!
Etter å ha vinka farvel til Nicolai og britane er det berre å vetne på post og vestavind.