tirsdag 28. juni 2011




Største høgdepunktet sidan sist er vel at vi har vore ute og sigla i den nye båten vår. Ein av dei tidlegare eigarane Richard B., var så snill å vere med oss ut ein tur, både for å vise oss båten og for å fungere som los i Poole sitt vanskelege hamneområde. Her er veldig grunnt med eit par utmudra kanalar. Sjølv om disse er godt merka er det kjekt å ha kjentmann med seg første turen, her er nemleg mykje trafikk både av andre fritidsbåtar og store rutebåtar til Kanaløyene og Frankrike.

Vi var veldig nøgde med båten som sigla godt og reagerte kjapt på roret. Det er stor forskjel på ein båt på 6 tonn og ein på 15! Skilnaden på bermudarigg og gaffelrigg er og lett å merke.

Ellers går dagane med til småforbedringar og ombygging. Jared har demontert cockpitten og planlegg fleire endringar. Små problem med å få tak i material har tvunge fram ei midlertidig pause i dette prosjektet. I mellomtida monterar han den nye gamle ankervinsjen vår som blei sendt i posten fra England til USA, frakta som handbagasje til Noreg, og så igjen draksa til England.

Eva malar taket i framrommet, og ergrar seg over dei som har vore der før og grisa utover. Å bruke tid å energi på å kante med tape verkar tåpeleg når nokon har slurvemala på augemål i årevis. Men det må til dersom eg skal få søve om natta. Medan malinga tørkar fjerner eg gammal maling frå dørken i ankerrommet. Her skal det lakkast slik at det er lettare å halde auge med terverket under. Når eg av og til dukker opp i ei luke med ulike dunstar omkring meg kallar Jared meg "Kjemiske Eva". Han skal vere forsiktig med å krenke den som bryggjer te til han.

Fleire bilete kan nytast på eva sin facebook profil i eit album som heiter England.

lørdag 18. juni 2011

Den spede byrjinga




No har vi vore ein knapp veke i England og byrjer å komme i orden. Bilturen frå Gatwick til Poole gjekk fint. Vi stoppa litt over halvegs i ein ørliten by med det fengande namnet Sherfield English og overnatta på eit koseleg b&b. Etter ein masiv engelsk frukost var vi klare for å halde det gåande i timesvis.

Vi kom til Poole og fann utan store problem Salterns Yacht Marina der Thalia ligg. Yngste generasjonen av dei tidlegare eigarane Jonathan B. møtte oss der, og på trass av å ha ligge til sengs med lungebetendelse dagen før viste han oss fleire av båten sine finesser i berre t-skjorte medan det høljeregna og var ca +14.

Etterpå kjøyrde vi til The Dolphin kjøpesenter i sentrum og handla det mest naudsynte. Då vi kom attende haldt Jared fram med studiane av utstyret på dekk medan fruen skrubba kahytten frå dekk til tak, noko som kanskje sist blei gjort då båten var ny i 1935. Den natta sov vi som stein medan dei engelske bølgjene byssa oss.

Torsdag skulle vi eigentleg ut å prøvesigle med Michael B.,den eldre generasjonen av dei tidlegare eigarane. Det bles diverre kuling, og sidan hamna i Poole er veldig grunn utanom nokre få utmuddra kanalar, blei det til at vi utsette det foreløpig til måndag. Det blei difor ny biltur til sentrum der vi handla inn store mengder hermetikk. Denne skal systematisk prøvesmakast for å finne ut kva som dug som proviant. Vi spaserte og litt i byen, og Jared kjøpte seg ny gitar som testast med stor iver om kveldane til stor glede for resten av mannskapet.

I går måtte leigebilen leverast attende, og vi fekk testa Poole sitt busstilbod. I båten har Jared lempa ut ankerkjettingen som skal bytast ut, og byrja fjerning av gammal måling frammi. Både skrape og skumle kjemikalar nyttast. Folk har palmetre i hagane sine her, men det sør-engelske sommarveret vi gledde oss på let vente på seg. Vi har hatt ekte sunnmørssommar til no med mykje vind og skiftande ver, mest regn diverre. Etter ei spesielt fæl byge såg vi til vårt store vonbrot at det dryp inn fleire plassar. Heldigvis jobbar Jonathan B. som båtbyggjar på marinaen der vi ligg, så vi håper at Jared saman med han skal få båten potte tett før vi reiser.

Den kvelden kosa vi oss med en betre middag og dertil egna tilbehør på marinaens bar, og feira med dette at vi har vore for rette ektefolk å rekne i fem år.

Fleire bilete kan nytas på Eva sin facebookprofil i ei album som foreløpig heiter "England".

mandag 13. juni 2011

Oppdatering




Lang tid har gått og mykje har hendt sidan siste innlegg, så no er det på høg tid med ei oppdatering.

Etter å ha budd i båten vår i vinter, og sigla med han når sjansane baud seg, kom vi til slutt til at han diverre ikkje var båten for oss. Det vart rett og slett litt mykje å handsame for kun oss to. Han blei difor seld i mars til en pensjonert fiskar frå Os, som vi voner får mykje glede av han.

Sjølve stod vi brått utan båt. Jared tråla verdsveven etter gode kandidatar, og det blei tideleg klart at vi måtte utanlands for å finne noko vi likte. Vi var nær med å kjøpe ein canadiskregistrert båt som låg i Sverige, men grunna firkanta reglar og lite hjelpsame funksjonærar på vår side av grensa, fall den planen i fisk.

Dermed fall valet på ein fin liten engelsk cutter. Vi hadde ein kjempefin tur til Sør-England i april og såg på fleire kandidatar. Vinnaren blei ein Harrison Butler på 26 fot. Jareden fall for dei fine linjene og sigleeigenskapane, eg fall for interiøret som minna om ein herres røkeværelse. Etter visninga inviterte dei dåverande eigarane oss på lunsj på den lokale puben, der vi inngejekk ein "gentleman's agreement" om kjøp. Sidan dette har vi ordna med meir papirarbeid enn då eg skulle importere ein ektemann, men no skal det meste vere i orden.

I morgon flyg vi til London, og tek dermed første steget på ei reise som skal vare eit år. Første stopp er Poole, for å gjere nokre små endringar på båten, før vi byrjer med øvingssigling. Når vi er blitt dus med Thalia, sett vi kursen sørover mot Middelhavet.

Vi voner mange vil gle seg over dei sporadiske livstegna her på bloggen vår, og på face.