torsdag 24. november 2011

Nea polis ("Ny by" paa gresk)




Siste dagen min i Roma koste eg meg i ein kjempefin park som heitte Villa Borghese, foer eg tok ettermiddagstoget mot Napoli. Eg hadde litt sommerfuglar i magen, for alle eg hadde snakka med i Roma sa at Napoli var eit tjuvereir fult med veskenapparar og taskenspillarar.

Eg var framme i 21-tida om kvelden, og avtalen var aa ringe Maura, min sofasurfarvert den kvelden, og faa forklart vegen vidare. Skrekk og gru! Telefonnummeret fungerte ikkje, og stasjonen toemtes raskt for alle som ikkje budde der fast. Fortvilt proevde eg aa laste opp ei internettside med telefonnummeret paa den ubrukelege mobilen min som laaste seg heile tida. Etter aa ha maatta bruk utestemme og skubbing paa ein gamal tiggar med en fael verkebyll i andletet var eg klar for aa praie ein taxi og komme meg til eit hotell. Daa kom eg paa at eg hadde nummeret til Marta, som eg skulle bu med natta etter.

Og Marta kom, som ein reddande engel, og henta meg paa stasjonen. Ho losa meg gjennom smug og bakgater fulle med klesvask, altertavler og hoegroeysta italienarar til leiligheta ho delte med tre andre. Lat meg berre seie at norske studentar som faar over 6000kr i maanaden skulle hatt seg en tur og sett korleis andre studentar har det. Der moette eg Jan Paul og David, som var klar med soendagsmiddagen dei henta med mora til JP kvar helg. Det var litt vanskeleg aa settje seg ned med lommene fulle med oljepengar, men maten var god og selskapet uovertruffent.

Dagen etter tok eg den obligatoriske turen til Pompeii. Paa togturen dit kom eg i prat med ein kar som advarte meg mot det spanske kvarteret i Napoli. Berre mafia og lommetjuvar, sa han. Pompeii er diger, heldigvis faar ein utdelt kart og guidebok med billetten. Dei var diverre tom for engelske guideboeker, saa der fikk eg bruk for skuletysken min. Takk Karlsbakk!

Attende i Napoli moette eg Maura (som eg skulle ha budd med foerste natta). Ho jobba som laerar i barneskulen nettopp i det spanske kvarteret som eg hadde blitt advara mot. Eg er veldig gla for at ho viste meg rundt der. "Dei som bur her er ikkje onde", fortalte ho, "dei er kriminelle familiar med smaa barn". Fleire av ungane kom springande for aa helse paa laeraren sin. Etterpaa peika ho ut ein liten gut med ein fotball og soester og sa at dei var arvingane til byens mektigaste mafiafamilie. Sproett. Etterpaa gjekk vi til byens beste pizzeria, og ho tok meg med paa ei oeving med inprovisert teater, som var overraskande lite korny. Oevelsane dei gjorde skulle trene konsentrasjon og snartenktleik, og egna seg ypperleg som drikkeleikar, trur eg.

Siste dagen viste Marta meg "Eggefortet", eit fort der forteljingane seier det er gjoeymt eit egg ein plass. Hvis dette egget knuser, vil Napoli oeydeleggjast. Ikkje saa utrulig med Vesuv saa naer... Den kvelden moette eg Katarzyna, ein sofasurfar som hadde lova aa ta meg med til ein typisk napolitansk resturant. Ikkje uventa laag han i det spanske kvarteret. "Kelnerane" sprang rundt og skreik til kvarandre og han paa kjoekenet, skremte inn ein kar med gitar som spelte nokre strofer foer han stakk, ga oss noko anna enn det vi tinga (som vi aat, uten aa kny)og etter tredje gongen vi etterlyste vinen small det plutseleg rett ved oeyra mi. Kelneren hadde aapna flaska og gliste noegd meda dei andre gjestane flira. Matern var berre ok, men det var ei uforgloeymeleg oppleving, og utan tvil den mest utmattande middagen eg nokon gong har ete!

Etter litt styr med undergrunnsbanetog (i all verda det heiter paa norsk, da?) som ikkje kom (heilt normalt, forsikra Marta meg), var eg paa nattogget mot Palermo.

lørdag 19. november 2011

"Den Evige Stad"




Som nemnt foer (skriver med tastatur uten nordiske bokstaver), ser det ut som om baaten maa bli ei stund paa Sardinia. Vi to kan imidlertid reise rundt for det. Og nett det har vi blitt einige om aa gjere. Sidan vi no i nesten fire maanadar har budd i lomma til kvarandre, blei vi og einige om aa reise kvar for oss slik at vi har noko aa prate om resten av vinteren. Etter ein dag i lag i Roma tek Jared nattog mot Paris, medan eg omsider reiser soerover mot Napoli.

Turen til Cagliari gjekk denne gongen utan dei store hendingane, sidan vi tok buss i staden for aa haike. Fraa Cagliari til Civitavecchia tok vi ferge over natta. Det viste seg at dette var strekninga cruiseskip kjoeyrer foer dei skal doey. Skipet skilta med baade cafe, resturant, kino og butikk, men det einaste som var i drift var ein halvopen bar der dei selde kaffi.

Fraa Civitavecchia tok vi toget inn til Roma. Etter aa ha faatt tak i eit bykart sette vi kursen mot Colosseum, som var like kolosal som namnet seier. Naar vi naerma oss var det lett aa gjere om bylydane og bilduren til fjern applaus og jubel fraa det gamle cirkuset. Det var rett saa eg fekk frysningar nedover ryggen. Etter aa ha sett Palantinerhoegda og Forum spaserte vi til Trevifontena og heiv i ein peng. Saa aat vi ein elendig middag som maatte supplerast med ein god dessert foer Jared saa vidt rakk toget sitt. Saa var eg paa eiga hand.

Eg hadde paa foerehand avtala med eit sofasurferpar (sjaa couchsurfing.com for meir info) aa bu med dei den natta. Etter aa ha tatt eit lokaltog kom Irene og plukka meg opp paa stesjonen. Heime hadde Claudio laga pasta carbonara, og vi diskuterte mytane om vikinar med horn og romerar med vomatorium. Den natta sov eg paa ein sofa med ein katt til aa varme foetene mine. Neste morgon tok dei meg med paa cafe og spanderte kaffi og kake til frukost (urk), foer eg tok toget attende til Roma.

Dag to i Roma gjekk med til aa sjaa Vatikanstaten. Eg blei halvvegs lurt med paa ein dyr men veldig bra guida tur, og fekk sjaa baade museet og Det Sikstinske Kapellet, som var kjempeflott. Den kvelden saag eg Mozart sin"Tryllefloeyten". Sjoelvom alt foregikk paa fransk og tysk (teksta paa italiensk!) var det ei kjempeflott oppleving. Silvia, ein sofasurfer som hadde skaffa meg billetten gjennom jobben sin, moette meg etterpaa. Vi gjekk ut og tok oss ei oel foer ho soerga for at eg kom meg paa rett buss attende til vandrarheimen min.

No set eg kursen mot Napoli og nye eventyr!

tirsdag 15. november 2011

I fare for å gro fast?

Den utypiske vinden frå sør-aust har ikkje endra seg, og vi har så smått fosona oss med at vi blir i Italia ei stund. Folk har byrja å nikke til oss i gatene her i byen, og på kafeen vi gjestar oftast veit dei kva vi skal ha. Veret er langt betre enn det var ei stund, no har vi stort sett sol og gradestokken er av og til opp i mot 20 grader.

Sist helg var vi ein tur til Cagliari. Vi tok ferga over frå Carloforte til Portovesma på Sardinia, og var så heldige å få haik et stykke av vegen. Etter at mange hadde susa forbi oss med stivt blikk, var det til slutt ein gamal kar med tydeleg leddgikt i hendene som stoppa og plukka oss opp. Han snakka til vår store glede svært godt engelsk, og fortalte at han hadde gått på college i Vancouver på 50-talet. No var han 86 år, og hadde nett byrja å lære seg tjekkisk. Problemet var berre at han var svært tunghøyrd, men Jared klarte likevel å kommunisere godt med han, med hjelp av repetisjon og utestemme. Ved ein liten by omtrent halvvegs mellom Portovesma og Cagliari slapp han oss av midt på motorvegen etter å ha kjøyrt forbi avkjørselen sin. Så tok han ein kjekk u-sving, kjøyrte mot kjøyreretninga medan andre trafikantar fløyta og svinga unna, og smatt ned avkjøyrselen og ut av syne. Storaugde og med litt veike kne skunda vi oss av motorvegen og rusla til neste by der ein triveleg engelskmann viste oss vegen til togstasjonen.

Vel framme i Cagliari tok Jared meg med på kleshandel(!). I nye antrekk møtte vi Michelle, ein sofasurfer (for meir info sjå couchsurfing.com) som vi hadde avtalt å møte. Han tok oss med på ein triveleg pub og fortalte oss litt om Sardinias historie før han skunda seg videre til ein anna avtale. Vi fann ein spanande huleresturant der eg åt indrefilet av hest, før vi la i veg på ei ørlita pub-til-pub-runde. Då det blei leggetid var diverre vandrerheimen i byen stengd for natta, så Jared spanderte på strak arm firestjerners hotell på madammen (å nei, å nei). Det var heldigvis ikkje alt for dyrt. Det var fyrste gongen vi sov i ei seng som sto still sidan ein b&b på veg til Poole i juli.

Det er for gale at kameraet låg att i båten. Vi tek sjølvkritikk og lovar bot og betring.

fredag 4. november 2011

Italia, Italia!




På vegen mot Sardinia blei vi igjen råka av usamarbeidsvillig vind, og etter ei skikkeleg ekkel byge med lyn og torden søkte vi tilflukt på Mallorka. I den lille, stygge og krampaktig turistorienterte byen Sta. Rapita låg vi ei natt i turen sin dyraste marina (46 euro!) før vi nærast blei jaga der i frå då dei venta ei gruppe tyskera i større båtar som dei kunne skvise enda meir pengar utav.

Vi kryssa trottig vidare i motvinden, gjennom enda ei tordenbyge, før vi fire dagar seinare endeleg såg italienske fyr i horisonten. Sidan vinden ikkje egna seg til å halde fram mot Sisilia, satte vi kursen mot Isola de San Piedro, ei lita øy på vestkysten av Sardinia. Her la vi til i Marina Sifredi i øya sin einaste by, Carloforte. Eigaren Guiseppe Sifredi, som er på vår alder, ga oss ein kjempedeal. For 10 euro om dagen har vi uavgrensa tilgang på straum, vatten, internett og toalettfasilitetar.

Så er det berre å vente på brukandes vind. Igjen. Guiseppe forsikrar oss om at vindretninga vi har no er utypisk, men ho har vart over ei veke, og vermeldingane lover inga betring. Vi smører oss med tålmod, og prøver å slå i hel tida så godt vi kan. Første kvelden gjekk vi på pizzeria. Eg hadde gledd meg lenge på ekte italiensk pizza, og italiensk meny var ingen hindring. Eg følte meg verdsvant og dristig da eg på måfå peikte på eit namn. Det var berre pizza, kor gale kan det bli? Frykteleg gale. På pizzaen min låg det masse ekle, små slimete ansjosar. Eg prøvde å ete rundt, men heile greia smakte harsk fisk og svineri. Dama som jobba der forsto problemet og ba meg velge ein ny pizza gratis, men eg hadde heilt mista lysta. Slukøyrd gjekk eg der ifrå, og ba om engelsk meny neste gong. Det lønte seg!

Tredje dagen leigde vi scooter og utforska øya. I løpet av ein dag hade vi vore overalt, og sett attraksjonane som var merkte på turistkartet, stort sett naturformasjonar og eit no tomt fuglefjell. Dagen etter besøkte vi eit observatorium som og var merka. Det fekk vi vite seinare hadde vore stengt i to år. Vi fann imidlertid ville granateple utanfor og åt oss mette på dei, så heilt bomtur var det ikkje! I ei saltvattensmyr utanfor byen såg vi flamingo. Vi er i ferd med å bli stamgjestar på ein av dei få kafeane som held ope i lavsesongen, og i går var vi innom byens lille bibliotek og lånte ein av dei åtte DVD'ane dei hadde der. Eg fann og ei bok på engelsk.

I dag fann Jared til si store glede laks i "fersk"varedisken på butikken. Litt for seint såg vi at han hadde reist like langt som oss for å kome hit. Jaja. Han har sikkert ikkje brukt like lang tid, så i dag blir det skikkelig norsk middag: fisk og poteter!