fredag 14. september 2012

Ut i ørkenen! (del 1)

I Matmata hadde vi råka utfor ein luring som gjerne ville selge oss ein tur ut i Sahara. Som turistar flest var vi sjølvsagt interesserte i det. Muhammed (for det heitte han faktisk!) lista opp alt vi skulle få vere med på: Først skulle kolegaen hans, Mustafa, kjøyre oss med jeep eit stykke. På vegen skulle vi stoppe i fleire beduinlansbyar, både bebudde og fråflytta. Første natta skulle vi bu på eit hotell ved ein oase, mat og dusj inkludert, og romma var sjarmerande små nomadetelt. Det var og høve for å bade i den naturlege kjelda oasen var gjord av. Dagen etter skulle ein ekte berber kome med dromedarane sine og føre oss ut i ørkenen der han skulle lage eit tradisjonelt måltid til oss, før det var sengetid. Berberen skulle ha med seg telt og soveposar, vi trengte ikkje bekymre oss for ein ting! Neste morgon gjekk turen attende til oasen, der vi skulle få tid til å dusje og kvile oss før Mustafa skulle kjøyre oss attende til Matmata. Kjempeopplegg! For godt til å vere sant, trur du? Prisen var litt stiv for to seglarbomsar, men vi tenkte oss ikkje attende til Sahara med det første, så vi slo til.

Etter å ha humpa tilbake til Matmata i loagane som vi no byrja å bli ganske drevne med, passa vi opp Muhammed som naturleg nok blei glad for å sjå oss. Vi blei ei natt til i hulehotellet vårt, og resepsjonisten,som og heitte Muhammed,  lyste og opp då vi kom. Muhammed (turoperatør) ville gjerne ordne nokre flasker vin til oss, som vi kunne ha med ut i ørkenen. Han hadde nemleg ein kompis som fiksa slikt. Kor mange flasker ville vi ha? Ti? Tolv? Vi tinga fem, og tenkte at det måtta då halde i massevis!

Neste morgon kom Mustafa med jeepen, og vi kørde av garde gjennom tørt og aude fjellandskap. Vegane var ikkje overaskande svært humpete, og det var cd'ane til Mustafa også. Han prøvde den eine etter den andre, og når hakkinga blei for gale heiv han dei rett ut vindauget. Han var ellers ein triveleg og flink guide, som snakka godt engelsk. Første stoppet var ved eit stup der han demonstrerte høgda med å hive stein utanfor, før alle dei tre gutane styrta ivrige mot kanten for å sjå om steinen traff botnen. Det gjorde han, Mustafa var tydeleg stolt av resultatet, og Jared og Mark tydeleg imponerte.

Neste stopp var i ein bebudd berberlandsby. Berberane er dei som befolka Nord-Afrika før arabarane kom og fortrengte dei sørover og inn i ørkenen. Nokre av dei bur no i perifere landsbyar som denne, der bestefar er gjetar med dromedarar eller geiter, dei yngre freistar å fø seg på turisme, men dei fleste flyttar til byane for å jobbe som kelnerar. Mustafa peika ut at husa som var kvitkalka var bebudde, resten stod tomme. Det var dei fleste. Mark redda dagen til ein kar då han kjøpte eit veva teppe til mor si. Handelen blei gjort tradisjonelt over eit glas søt myntete, og det anar oss at Mustafa ordna ein litt rimlegere pris enn det dei hadde håpa å få utav ein amerikansk turist.



Så kom vi til ein forlatt landsby. Den låg oppe på ein åsrygg, nede i dalen var den nye landsbyen der det framleis budde nokre menneske. Mustafa kjøyrde oss inn på den vesle plassen midt i den tomme landsbyen og lot oss strefe. Arkitekturen var veldig eigenarta, og det var ei heilt særskilt stemning inne i alle dei tomme husa. Plutseleg kom det ein kar som gjerne ville vise oss noko. Jared og Mark fulgte nyfikne med, eg ante ugler i mosen og haldt fram på eiga hand. Litt etter kom dei hovudristande attende. Han hadde vist dei ei gamal olivenpresse, ei slik som vi nett hadde sett i den førre landsbyen, og no ville han ha pengar. Resten av opphaldet dilta han etter oss og masa, til Mustafa fekk jaga han vekk.

Ikkje lenge etter byrja vi å sjå ekte ørkensand, og forventningane steig. Snart måtte Mustafa stoppe bilen fordi det var dromedarar i vegen. Vi tok flittig bilete. I horisonten dukka det noko uventa opp ein ganske stor skog. Det var oasen, kunne Mustafa fortelje, vi var snart framme. Vi smilte og snakka oppglødde om å sove i ekte nomadetelt ved ein idyllisk innsjø omkransa av frodig palmeskog midt i ein ørken!