onsdag 29. februar 2012

Vi kryssar Atlantaren! (i fly...)

For dei som ikkje har vore i USA før, så kan eg avsløre at det er ei tildels omstendig affære. Seinast 72 timar før du kjem til landet må du fylle ut ein visumsøknad på internett, der du må krysse av ja eller nei på om du til dømes kjem til USA for å utføre terrorist-handlingar, eller om du hadde samkvem med nazistane under Andre Verdskrig. Heldigvis for meg var min ferdigbehandla på knappe 12 timar, sidan vi hadde kjøpt og betala billettane før vi kom på denne detaljen. Flyturen frå Roma til Washington gjekk greit, og vel framme skiljer vi lag for å gå gjennom kvar sin passkontroll, Jared som Statsborgar og eg som Skummel og Potensielt Farleg Utlending.

Eg viser passet mitt, poserer for det obligatoriske passbiletet og let grensevakta ta alle dei ti fingeravtrykka mine, som vanleg. Det som var uvanleg var at eg fekk beskjed om å gå innom "Kontor B" på veg gjennom bagasjekontrollen. Eg så gjorde, og endte opp i eit lite venterom i lag med fem-seks russiskutsjåande bestemødre. Bak ein skranke sat ein bøs ung mann i uniform. Etter å ha kvinna meg opp ei lita stund tusla eg meg fram til disken. Han tok passet mitt, visumet og tollpapira mine og bad meg setje meg og vente. Eg spurte kva det gjalt. Det visste han ikkje. Eg spurte kor lang tid det kom til å ta. Det visste han ikkje. "Men, officer, eg skal nå eit fly vidare til Philadelphia som lettar om 50 minutt." "Aller her skal nå eit fly." Slukøyrd gjekk eg og sat meg for å vente. Etter ei stund våga eg meg fram att og spurte om eg kunne få seie ifrå til mannen min, som sikkert lurte på kvar eg var blitt av. Eg fekk ikkje forlate rommet, men dersom eg hadde dekning på telefonen min måtte eg gjerne ringe.

Vi blei einige om at vi skulle møtast ved gaten som det neste flyet vårt skulle ta av frå. Med litt under ti minutt att blei eg endeleg kalla fram til skranken. Eg var då aleine i rommet, babushka'ane hadde i tur og orden blitt godkjende. "Det var noko problem med fingeravtrykka dine", kunne han meddele meg, og eg var fri til å gå. Eg bestemte meg for å droppe å sjekke inn bagasjen min, og heller håpe at dei som stod i gaten lot det gå for denne gang. Sidan eg hadde pakka for to vekers tur i Italia var det heller ikkje mykje eg hadde med meg.

I bagasjekontrollen peip det sjølvsagt. Eg fekk beskjed om å ta av meg skoa. Frustrert bøyde eg meg ned for å snøre ned dei store fjellskoa eg hadde på meg. Då eg røyste meg igjen sto der ei ny plageånd og spurte om dette var min sekk? Hadde eg noko flytande i den? Pokker! Sjølvsagt hadde eg det! Det var jo den sekken som eigentleg skulle sendast! Ja, innrømer eg, alle toalettsakene mine. I tur og orden plukker ho ut dei livsfarlege flaskene med sjampo og såpe. Då eg peiker ut at den eine flaska er renseveske til kontaktlinsene mine, legg ho til mi store overrasking den eine flaska attende i sekken min. Christmas spirit!

Dermed beinflyg eg gjennom Washington flyplass med open ryggsekk og lange skoreimer piskande alle vegar. "17.10-flyet til Philadelphia!" skrik eg til ein mann i refleksvest. "Gate 11B. Men flyet er kansellert grunna veret", svarer han. Å ja. Javel. Kremt. Då kan eg vel gå, då. Hm. Eg kasta eit blikk ut vindauget, og jo, eg kunne så vidt skimte eit par pistrete snøfiller som ertande dala ned i skjul.

Ved gate 11B fann eg att mannen min, som hadde fått vete at vi var ombooka til eit fly som letta neste morgon. Etter å ha samrådd med svigerfar tok vi undergrunnsbana så langt ho gjekk, der han henta oss med bil. På Jared sitt guterom velta eg over ende i senga, endeleg framme i "God's own country".

lørdag 25. februar 2012

Alle vegar leder til Rom





Tideleg om morgonen klatra eg av bussen i Bari, på austkysten av Italia. Eg draksa med meg bagsjan min, som eg byrja å bli rimeleg lei av å bere med meg, og sat meg på ein benk på busstasjonen for å vente nokre timar til ting byrja å opne. To timar seinare vakna eg, ganske forvirra, og kunne litt overraska konstantere at eg ikkje hadde blitt rundstelt medan eg sov. Eg fann bagasjeoppbevaringa og betalte blodpris for å kunnne nyte Bari utan 10 tonn på ryggen.

Bari er kjend for ein kjempeflott gamleby frå mellomalderen. Den er nett slik mellomalderbyar skal vere, nemleg ein totalt uoversiktleg labyrint av tildels overbygde smaug og smale brulagte gater. Etter eit kvarter hade e gått meg håplaust og fornøyeleg vill, og råka innom ei bakgate der fire gamle italienarar var i gang med det som såg ut som ei blodeg alvorleg turnering i ludo. Eg reknar med at dei ikkje var heilt einige i kva terningen viste, sidan to av dei var på beina og ropte til kvarandre. Eg lista meg der i frå.

Diverre var kameratet mitt tomt for batteri, så eg har ingen bilete frå vakre Bari.

Etter å ha tilrakt kvar natt i ei ny seng/tog/buss, kjende eg at eg var klar for å roe ned tempoet litt. Eg tok derfor toget attende til Roma (Gamalt jungelordtak: "Roma vart ikkje sett på ein dag.), tok inn på eit halvrimeleg motel og hadde rolege dagar medan eg venta på Jared som stortrivdes i Paris og Renes.

Eg tilbrakte mykje tid i dei store, flotte parkane i byen, særleg Villa Torlonia der eg satt i timessvis under ei furu og las i det nydelege haustveret. Eg traff att Silvia, som skaffa meg operabillettar sist eg var i byen. Tilfeldig gjekk eg inn i ei fin, gamal kyrkje og fann utgravningar av ei eldre kyrkje under denne (bonus!) og utgravningar av eit Mithrastempel fra den helenistiske perioden under denne igjen (jackpott!). Det var ikkje lov å ta bilete der nede, men eg vil absolut tilrå eit besøk av Jesus sin største konkurrent då kristendommen var ny. Kyrkja er via til St. Clement og ligg 5 minutt å gå austover frå Colosseum på gata Via St. Giovanni in Laterano.

Etter nokre dagar med kvile og restitusjon kom Jared med nattoget frå Paris. På motelrommet vårt den kvelden sa han: "Skulle vi ha reist til USA og feira jul?" Og det gjor vi, gristidleg neste morgon!