søndag 27. mai 2012

Brød og Circus!


Etter å ha sett det arkeologiske museet med funn frå utgravingane i Kartago, tok i loage attende til Monastir og planla neste utfart. Denne gjekk til El Jem der ein kan sjå eit gamalt romersk circus i mykje betre stand en Colosseum i Roma. Her vandra vi fritt omkring for ein billeg penge og studerte rissingane i veggane. I tillegg til namn og årstal både med latinsk og arabisk skrift var der skrapa inn mange krumsablar over alt. Eg lurer fælt på kva dei tyder. I El Jem har dei og eit mosaikkmuseum med fantastisk flotte mosaikkar. Bileta i albumet ”Tunisia” på facebook-profilen min tilrådas på det sterkaste. 

I El Jem råka i og utfor den mest ufordragelege og pågåande arabaren til no. Jared måtte truge med vald før han gav opp å selje postkort til oss. Alvorleg talt! På loageturen attende til basen spelte sjåføren ein cd med religiøse songar, nokre av dei med eit vers eller to på engelsk. Ein av desse spelte han tre gongar på rad, mulegens meint til vår fordel. Det var ein ung mann med varsam og nærast gråtkjøvd røyst som song om ”lærarane sin lærar”, Muhammed, som mellom anna hadde lært dei å vere gode, gåvmilde,  rettferdige og smålåtne, og i tillegg fått tid til å endre verda til ein betre stad, gitt. Med dei erfaringane vi har hatt med folket, fekk vi denne songen litt i vrangstrupa etter kvart. Eit er i alle fall sikkert: Kvar einaste ein av arabarane vi har hatt samkvem med må ha sove i timen!

Etter ein kviledag var vi på farta igjen. Mark hadde med seg ei guidebok som vi nytta flittig for å planlegge utfluktene våre. Denne gongen gjekk turen sørover mot Matmata. Her kan ein finne trilodyttar, ein underleg byggeskikk  der ein grev ut ei fem meter djup sjakt ned i bakken, som er åtte meter i diameter. Dette er ”tunet” , og i veggane til dette grev dei ut rom som husar ein utvida familie. Sjølv om dei fleste har hus over bakken no, er det framleis nokon som bur slik. Der er og trilodyttar som er gjort om til hotell, og vi tok oss rom i eit slikt. Den kvelden sat vi i tunhola vår og skremde kvarandre med skumle forteljingar under stjernehimmelen, før vi sov som stein i det svale underjordiske hotellrommet vårt.



Neste morgon blei vi med Mark, som er over gjennomsnittet glad i å sjå film, på pilgrimsferd til Sidi Driss. Denne trilodytten huser kulisser frå ein Star Wars-film. Eg er så lite imponert av desse filmane at eg allereie har gløymt kva for ein av dei det var, men scena viser Luke S. som et lunsj med onkelen sin heime med mor si. Dei som er interesserte kan sjå bilete på face. 


Etter dette venta ein fem timar lang loagetur attende til Monastir, før ein døgns segltur til havs og tilbake for å gje Mark ein smak på seglarlivet. Då vi la til i hamna kom politi og tollar som vanleg for å tigge til seg ”gåver”. Sjølv om vi strengt tatt ikkje hadde vore ute av tunisisk havområde, kunne dei ikkje fatte at vi ikkje hadde noko whiskey til dei. Etter å ha trampa rundt, rota og endevendt båten etter noko som var verd å stele, tok dei frå oss to naudrakettar for å bruke på neste fotballkamp, før dei gjekk misnøgde der i frå. Då var eg så rasande at sjølv om klokka no var fem om morgonen tok det ein time før eg hadde roa meg så pass at eg kunne legge meg for å sove.

torsdag 24. mai 2012

Ved Hanibals porter


Hadde det vore opp til meg så skulle vi ha blitt verande på Pantelleria til vi skulle heim, men vi hadde ein avtale i Tunisia. Venen vår, Mark, kom flygande frå USA til hovudstaden Tunis, og vi skulle møte han på flyplassen. I Tunisia har dei ein teneste der minibussar gjeng i rute mellom dei større byane. Desse blir kalla ”loage”, er rimelege og køyrer frå eigne stasjonar så snart der er åtte passasjerar på plass.  Etter å ha bytta loage i Souse var vi framme i Tunis etter to timar. Mark, som hadde lettare tilgang på internett enn oss, hadde tinga rom på Hotel Ibis. Det viste seg at dette hotellet berre hadde vore ope i tre månadar, noko som gjorde at drosjesjåføren vår ikkje visste kvar det var. Det hindra han ikkje i å leite på måfå ei stund medan taksameteret gjekk. Hotellet var derimot  ei gledeleg overrasking, nytt og moderne med blide og hjelpsame damer i resepsjonen. Serleg kosa eg meg med privat bad, og dusja så spruten stod alle vegar både vel og lenge.

Sidan det tilfeldigvis var bursdagen min tok vi drosje til restaurantområdet La Goulette, og åt steinbukk på den fjonge restauranten Cafè Vert. Deretter kula vi egget på hotellrommet før vi tok ny drosje til flyplassen. Drosjer er veldig billege i Tunisia. Frå hotellet til flyplassen, om lag 20 minutt, kosta det fem dinar som rundt rekna er 25 kroner. Ein må likevel vere obs på skurkaktige sjåførar som ikkje bruker taksameteret (dei seier ofte det ikkje verkar), for så å krevje mangedobla pris av intetanande turistar. Då vi etter å ha møtt Mark kom ut frå flyplassen dreiv sjåførane klappjakt på turistar. Vi blei nærast jaga inn i ein ventande bil, noko som viser seg å vere vanleg prosedyre,  der ein svartmuska kar med eit sjølvsikkert sleipt smil fortalte at det kosta 25 dinar å kjøre drosje i Tunis om natta. Væpna med tips frå vår skotsk-arabiske skipshandlar kunne vi heldigvis berre flire og klatre inni den neste drosja, der sjåføren slo på taksameteret sitt medan han kjefta høglydt på vår ekssjåfør som energisk ropte ”Ok, 20 dinar!” etter oss.

Med ein amerikansk turist med på laget hadde vi ei orsaking til å koste på oss litt turistering vi og. Dagen etter tok vi lokaltog, noko som var ei oppleving i seg sjølv, til det tidlegare kunstnar- og bohemreiret Sidi Bou Saïd. Denne vesle byen er namngjeten for sine vakre kvite og blå hus, og høve til å kjøpe maleri og anna frå kunstnarar som held stand. Etter  ha rusla rundt ei stund og kunn sett små turistsjapper med masseproduserte suvenirar, sat vi kursen mot Kartago i staden. Kartago var som de sikkert alle saman veit godt den store konkurrenten til det gamle Roma. Hanibal  (nei, ikkje kanibalen) kom der i frå. Då Romerriket endeleg klarte å nedkjempe kartagarane var dei så skremte at dei ikkje let stein stå oppå stein i byen, og salta jorda omkring for at riket aldri skulle kunne truge dei igjen. Det er derfor ikkje så frykteleg mykje å sjå av gamle Kartago.

Vi fann derimot etter litt strabasar eit arkeologisk museum og ruinar etter ein gammal romersk villa. Der stod et ein blid kar som gjerne ville vise oss rundt på området. Etter at han hadde fortalt oss nokre meir eller minder truverdige fakta og tømt vatten på nokre flotte mosaikkar for å få fram fargane betre, lurte han Jared med seg bak ein mur. Der grov han fram hovudet av ei gamal keisarleg statue, og tilbaud å selje det for 300 dinar (ca 1500 kr). Jared hadde heldigvis vet til å takke nei. Men då han tok nokre gamle myntar ut av lomma og lurte på om vi var interesserte i dei, blei freistinga for stor for Mark og meg, så vi kjøpte ein kvar for 25 dinar. Orsakinga mi for å smugle ein liten bit av Tunisia si kulturarv ut av landet er at eg reknar med å verdsette den meir enn dei, og alle som vil skal få sjå mynten. Dessutan er ikkje mynten tunisisk, han er romersk. Og å lure med seg funn ut av landet er ein gamal arkeologskikk. Såh deh… Uansett, etter at han hadde vist oss vegen til utgangen spurte han om nokre dinar for omvisninga, sjølv om han allereie var 50 dinar rikare. I det vi forlet staden, høyrte vi at dei andre arabarane som hang rundt billettluka kalla han Ali Baba. Herleg.

søndag 6. mai 2012


Ein kveld vi kom attende til båten vår sto der ein blid mann og venta på oss. Han synst at det var noko kjend med Thalia, og spurte om ho var designa av Harrison Butler?  Det viste seg at han har ein likeeins, berre litt større. Då dette blei klart bad han oss sporenstreks på lunsj.

Federico kom ein time seinare og henta oss i Fiat Pandaen sin. Denne var raud og ikkje turkis, men eg har uansett byrja å få litt sansen for desse små enkle bilane. Etter å ha plukka opp sonen hans, Argante 5 år, bar det opp humpete grusvegar til huset der dei budde. Federico er yrkesdykkar og reiser mykje med jobben. Han har ofte seks månader fri om gongen, og dei ti siste åra har han brukt fritida si på å sigle med dei tre borna sine og å jobbe på huset. Huset er stort og moderne, bygd i gamal pantellerisk stil og kjempeflott.

Då vi var framme fyrte Federico opp grillen medan Argante viste oss rundt på italiensk. Vi nikka og smilte til det han sa, men det var diverre ikkje mykje vi forstod. Det tok han med eit stort, om noko undrande, smil. Snart kunne vi nyte fersk og nygrilla lokal grov pølse med fersk brød og tomat, mozarella og basilikumsalat. Fruktsalat til dessert va heller ikkje feil. Etterpå viste vi og blei vist bilete av båtar og segling på internettet, før vi blei kjørt rundt på ei lita omvisning. Før vi tok avskjed blei vi bedne med på grilling i fjøra neste dag.

Utflukta va en kjempesuksess. Vi grilla kreps og kosa oss i lag med Federico og Argante, Argante si mor Rossana og Rossana si dotter Rakel. Rossana hadde med seg  digre sitronar frå bestemora sin hage. Sjølve fruktkjøtet var på storleik med ei plomme, men det kvite skalet var saftig og smaka som eple!  Vi åt og kosa oss og prata om krig og fred og politikk og sånn, og samanlikna respektive skuleverk. 

Dagen etter tok Rossana oss med for å bade i varme kjelder. Dette var dammar i vasskanten som blei fylde med sjøvatten når det var store bårer, for så å bli varma opp av vulkansk aktivitet. Vi plaska rundt i dammar frå lunkne til glovarme, før vi hoppa i havet då tålegrensa var nådd.



Nokre dagar seinare stod Federiko på kaia igjen. Han hadde med hjelp frå Jared kjøpt eit drivanker han var svært nøgd med, og no ville han be oss på heimelaga fiskecouscous heime med Rossana den kvelden. Vi var ikkje vanskelege å be.  Rossana hadde pussa opp bestefaren sit gamle båthus kjempefint  og budde der. Rakel sov og Argente tusla småtrøytt omkring. Rossana hadde ringt bestemora etter oppskrift og koka couscous på gamlemåten i timesvis. Fisken hadde Federico tatt med spyd då han dykka tidlegare om dagen. Alt smaka nydeleg, og vi delte musikk med kvarandre på you tube. Etter ein uvanleg triveleg lag, køyrde Federico oss attende til byen. Bortsett for at vi råka på kvar sine to glas med Laphroaig på vegen, gjekk det fint for seg.

tirsdag 1. mai 2012




På Pantelleria har vi funne øyparadiset vi har leita etter.  Fyrste morgonen då eg stakk hovudet ut , stod der ein gamal knark og venta. På ei salig blanding av italiensk, fransk og litt nederlandsk, spurte han om vi ville kjøpe raudvin, kvitvin, søtvin, kapers eller oregano? Mest for å vere snill tinga eg ei flaske raudvin av han. 
Den kvelden var vi bedne på ein drink av våre franske vener. Litt før solnedgang  rusla vi over til båten Che te mi. Eg er glad i noko salt med drikke, så eg håpa på at det var satt fram litt potetgull. Og det var der. Så kom vertinna ut med eit brett med assorterte kanapear, og ein bolle med små tomatar fylte med tunfisk. ”Ein skal ikkje undervurdere franske damer på kjøkenet”, tenkte eg glad. Etter ei stund gjekk ho inn og henta ein varm, nylaga quiche. Når den var fortært kom ein heimelaga tiramisu med jordbær på bordet.”Kona mi er fantastisk. Ho er den beste restauranten i Monastir”, sa  Jèan Marie nøgd.  Vi kunne ikkje anna enn å vere einig. Det er ikkje farleg å bu i båt når det er slikt stell å få!
Neste morgon var vår lokale ven på plass med vinflaska vår. Han heitte Pasquale, 75 år gamal, født og oppvekst på Pantelleria. Vinen laga han sjølv, og etter å ha spurt litt, blei vi invitert til å vere med å sjå garden hans. Han kom og henta oss i ein bitteliten turkis Fiat Panda, og vi humpa av garde oppover grusvegane. På det vesle småbruket fekk vi sjå  kjøkenhagen, ein liten olivenlund, ein ”arabisk hage” med sitrontre og tomat, og ikkje minst vinmarkane med sortar som er unike for Pantelleria. Desse brukast til å lage den lokale kvite søtvinen Passito, som han sjølvsagt òg laga. Etter å ha smaka på både raud, kvit og søt frå Pasquales sortiment humpa vi nøgde ned fjellet igjen. I hamna avtala vi at han skulle hente oss neste dag for ei omvisning på øya.
Etter ein såkalla lunsj med Fransoice og Jèan Marie (kylling konfit med sprøsteikte amadinepoteter og smørdampa erter), blei vi henta av Pasquale. Han kjørte oss først gjennom det vakre landskapet til den  vidgjetne innsjøen på øya. Lago er langgrunn og held perfekt badetemperatur i april. Om sommaren er han så varm at ein ikkje kan bade i han. Vi nytta sjansen og sumde heilt ut til der marebakken ledar ned i det djupblåe krateret i midten.  På botnen grov vi opp svart gjørme som lukta promp. Pasquale sa den var bra for huda og raumatiske ledd, så vi smurde kvarandre inn med liv og lyst.
Etter å ha skylt godt av oss kjørte  vi vidare. Etter ei kort vatningspause heime med Pasquale, var vi på vegen igjen, no iført raffe, lånte stråhattar som gjorde at vi såg ganske mafioso ut. Han leda vegen en halvtimes gåtur langs ein sti med flott utsikt over Monastere, ein dal der munkar produserte vin i gamle dagar. Til slutt kom vi fram til ei grotte der damp siva ut. Det var ei naturleg badstue, varma opp av vulkanske krefter.  Berre iført badeklede huka vi oss ned og luska inn i den mørke varmen. Etter eit kvarter kom vi drypande ut at, glade for å kunne tøme ei flaske kaldt vatten over oss. Dagen blei avslutta heime med Pasquale igjen, der seniora serverte te med heimeavla sitron.