onsdag 28. november 2012

Ørkenvandring 1

Mustafa parkerte bilen utanfor eit hotell som hadde sett betre dagar, slik som det meste av Tunisia si turismenæring. Vi blei møtt av Ali, ein smilande ung araber som viste seg å vere ein slags altmulegmann på hotellet. Han viste oss vegen til teltet vårt, som faktisk heldt litt høgare standard enn venta (frykta?) med ordentlige senger. Det var imidlertid tydelege spor av at vi ikkje var dei første som låg i dei. Nuvel.

Det viste seg at området dei kalla "oasen" var ganske stort, med i alle fall fem hotell som varierte i standard frå svært luksuriøst til... vårt. Sjølve vatnholet var omtrent ein times gange frå teltet vårt. Mustafa tilbaud seg å kjøyre oss dit, etterpå måtte han attende til Matmata, så vi måtte belage oss på å gå heim. Litt mellomnøgde tok vi tilbudet. Vel framme ved den "naturlege" oasen kunne vi konstantere at vatnet blei ført til kulpen i røyr. Varmen gjorde den og til eit svært populært habitat for algar i alle formar og fargar. Rundt kulpen var der fire caféar, der nokre få arbeidsledige unge menn spelte kort. Dei lyste imidlertid opp då vi klatra ut av bilen, kanskje i håp om sjansen til å tene litt pengar, kanskje i håp om å vere vitne til kombinasjonen blondt hår og bikini. I allefall blei dei skuffa. Berre badenymfa Jared hoppa uti, Mark og eg sat molefunkne i skuggen med kvar si fanta.

Etter spaserturen tilbake til telthotellet blei vi servert ein heilt grei couscous av Ali. Kvelden var framleis ung, og vi bestemte oss for å opne den første vinflaska vår. Det var lettare sagt enn gjort! Den einaste vinopnaren på hotellet mangla ein del, slik at ein etter å ha skrudd den ned i korka var nødd å drage den ut med handemakt. Dette var den ikkje meint for, og hadde derfor eit handtak som var vondt å halde i. Naud lærer som kjend edrue turistar å inprovisere. Jared tulla ei t-skjorte rundt det skarpe handtaket for å verne hendene, Mark tok tak i flaska, eg tok tak om livet til Mark, å hoi! Alle enda på rygg i ørkensanden, eg med ein rimeleg storvaksen jøde i fanget, men Mark heldt den opne flaska triumferande i hendene. Etter dette steig stemninga jamnleg. Etter flaske nummer fire var vi heilt overgidde over kor flott det var å vere i Sahara. Sahara, liksom! Kven hadde trudd det? Sahara er nærast eit slags Soria Moria ein ser om på Globus 2! Glade ga vi oss til å vadre rundt på hotellområdet på leit etter... noko. Vi enda opp i hotellets bar, der Ali og ein kompis sat og prata. Som hotellets einaste gjestar fekk vi god bevertning. Særleg trur eg Ali var fasinert av meg som like blid og høgrøysta som dei andre uten blygsel flira og prata i selskap med berre menn. Då han utpå natta fekk sjenke meg ein shot med wiskey som eg kasta ned på strak arm trudde eg augene skulle trille ut av hovudet på han.



Vi vakna neste morgon omkring midt på dagen. Nomaden vår skulle hente oss klokka tre, så vi hadde god tid til ein dusj, litt frukost og mykje vatten. Klokka blei tre. Ho blei fire. Klokka fem kom Ali og henta oss, dromedarane var klare! Nomaden, som heitte Muhammed, snakka berre arabisk, og bittelitt fransk, slik som Jared. Med Ali som tolk forstod vi etter ei stund at han lurte på kvar teltet og soveposane våre var. Visste ikkje dei dumme turistane at det vart kaldt i ørkenen om natta? Med anstrengt roleg stemme forklara Jared at, jau, det visste vi, men Muhammed (i Matmata) hade sagt at telt og soveposar skulle Nomade-Muhammed ha med. Nomade-Muhammed og Ali prata litt fram og tilbake på arabisk med mykje skuldertrekking og risting av hovud. Jared ringte til Matmata-Muhammed, som, ikkje overraskande, la all skuld på Nomade-Muhammed. Med samanbitne tenner sa Jared at det ikkje spilla noko rolle kven si skuld det var, men hvis vi skulle få ri inn i solnedgangen, slik som vi var blitt lova og hadde batalt for, måtte vi finne ei løysing snart. Matmata-Muhammded bad om å få snakke med Ali, som sprang og henta eit lass med stive gamle ullteppe. "Is better! You will sleep under stars, like berber!"