lørdag 18. juni 2011

Den spede byrjinga




No har vi vore ein knapp veke i England og byrjer å komme i orden. Bilturen frå Gatwick til Poole gjekk fint. Vi stoppa litt over halvegs i ein ørliten by med det fengande namnet Sherfield English og overnatta på eit koseleg b&b. Etter ein masiv engelsk frukost var vi klare for å halde det gåande i timesvis.

Vi kom til Poole og fann utan store problem Salterns Yacht Marina der Thalia ligg. Yngste generasjonen av dei tidlegare eigarane Jonathan B. møtte oss der, og på trass av å ha ligge til sengs med lungebetendelse dagen før viste han oss fleire av båten sine finesser i berre t-skjorte medan det høljeregna og var ca +14.

Etterpå kjøyrde vi til The Dolphin kjøpesenter i sentrum og handla det mest naudsynte. Då vi kom attende haldt Jared fram med studiane av utstyret på dekk medan fruen skrubba kahytten frå dekk til tak, noko som kanskje sist blei gjort då båten var ny i 1935. Den natta sov vi som stein medan dei engelske bølgjene byssa oss.

Torsdag skulle vi eigentleg ut å prøvesigle med Michael B.,den eldre generasjonen av dei tidlegare eigarane. Det bles diverre kuling, og sidan hamna i Poole er veldig grunn utanom nokre få utmuddra kanalar, blei det til at vi utsette det foreløpig til måndag. Det blei difor ny biltur til sentrum der vi handla inn store mengder hermetikk. Denne skal systematisk prøvesmakast for å finne ut kva som dug som proviant. Vi spaserte og litt i byen, og Jared kjøpte seg ny gitar som testast med stor iver om kveldane til stor glede for resten av mannskapet.

I går måtte leigebilen leverast attende, og vi fekk testa Poole sitt busstilbod. I båten har Jared lempa ut ankerkjettingen som skal bytast ut, og byrja fjerning av gammal måling frammi. Både skrape og skumle kjemikalar nyttast. Folk har palmetre i hagane sine her, men det sør-engelske sommarveret vi gledde oss på let vente på seg. Vi har hatt ekte sunnmørssommar til no med mykje vind og skiftande ver, mest regn diverre. Etter ei spesielt fæl byge såg vi til vårt store vonbrot at det dryp inn fleire plassar. Heldigvis jobbar Jonathan B. som båtbyggjar på marinaen der vi ligg, så vi håper at Jared saman med han skal få båten potte tett før vi reiser.

Den kvelden kosa vi oss med en betre middag og dertil egna tilbehør på marinaens bar, og feira med dette at vi har vore for rette ektefolk å rekne i fem år.

Fleire bilete kan nytas på Eva sin facebookprofil i ei album som foreløpig heiter "England".

mandag 13. juni 2011

Oppdatering




Lang tid har gått og mykje har hendt sidan siste innlegg, så no er det på høg tid med ei oppdatering.

Etter å ha budd i båten vår i vinter, og sigla med han når sjansane baud seg, kom vi til slutt til at han diverre ikkje var båten for oss. Det vart rett og slett litt mykje å handsame for kun oss to. Han blei difor seld i mars til en pensjonert fiskar frå Os, som vi voner får mykje glede av han.

Sjølve stod vi brått utan båt. Jared tråla verdsveven etter gode kandidatar, og det blei tideleg klart at vi måtte utanlands for å finne noko vi likte. Vi var nær med å kjøpe ein canadiskregistrert båt som låg i Sverige, men grunna firkanta reglar og lite hjelpsame funksjonærar på vår side av grensa, fall den planen i fisk.

Dermed fall valet på ein fin liten engelsk cutter. Vi hadde ein kjempefin tur til Sør-England i april og såg på fleire kandidatar. Vinnaren blei ein Harrison Butler på 26 fot. Jareden fall for dei fine linjene og sigleeigenskapane, eg fall for interiøret som minna om ein herres røkeværelse. Etter visninga inviterte dei dåverande eigarane oss på lunsj på den lokale puben, der vi inngejekk ein "gentleman's agreement" om kjøp. Sidan dette har vi ordna med meir papirarbeid enn då eg skulle importere ein ektemann, men no skal det meste vere i orden.

I morgon flyg vi til London, og tek dermed første steget på ei reise som skal vare eit år. Første stopp er Poole, for å gjere nokre små endringar på båten, før vi byrjer med øvingssigling. Når vi er blitt dus med Thalia, sett vi kursen sørover mot Middelhavet.

Vi voner mange vil gle seg over dei sporadiske livstegna her på bloggen vår, og på face.

torsdag 30. desember 2010

Extreme makeover, part 1






Då turen var over og vi hadde bodd ei stund i båten vår følte vi at vi byrja å kjenne han litt betre. Å halde ein slik båt i orden er ein heiltidsjobb, og ikkje uventa var det blitt mykje å ta igjen over dei siste åra. I tillegg ville vi gjere ein del ikkje heilt naudsynte, men ynskjelege, endringar både over og under dekk.

Etter at teakdekket var pussa og hadde fått fleire sjenerøse lag med kinesisk treolje tok vi til med det som hasta mest, nemleg sjølve skroget. Skroget var frå før dekka med fleire tjukke lakkstrøk. Fordelen med lakk er at ein har gode høve til å halde oppsyn med treverket og lettare kan oppdage fukt og råte. Mange meiner og at det er pent at treverket viser. Ulempa er at dersom lakken får ei lita skade og det lek inn nokre dråpar vaten hindrar han treverket i å tørke. Vi valde derfor å fjerne lakken og gi båten nokre strøk med tradisjonell linoljebasert måling.

Først måtte fleire lag med lakk fjernast. Båten blei med litt om og men satt på land på slippen på Longva, før den lange, tunge og keisame jobben med å pusse vekk lakken byrja. Vi fekk heldigvis låne pussemaskiner med pappa og Atle Longva, og pussa oss gjenom omkring 150 ark med pussepapir. Om noko var dei billege arka frå Biltema betre enn merkevarene.

Når lakken var vekk fekk skroget fire strøk med ei blanding av terpentin og rå linolje. Dette trekk inn i treverket og hindrar råte. Når denne hadde tørka var vi klare for måling. I "Ottar", eit blad som Tromsø Museum gjev ut, fann vi ei oppskrift på måling som dei nyttar på nordlandsbåtane sine. 2/3 kokt linolje + 1/3 terpentin blandast med like mykje fargepulver. Losbåtane var tradisjonelt kvite, så vi tinga titankvitt fargepullver frå Ekjord Farvehandel i Oslo.

Vi vart gledeleg overraska over dekkingsevna til målinga, og to strøk var nok. Han fekk og eit nytt lag med botnsmurning. I skøyten drista vi oss til ei småfrekk svart stripe. Dermed var skroget ferdeg, akkurat i tide til vinteren. Vi er særs nøgde med resultatet sjølve og gler oss til å lufte båten ordentleg i ny finstas!

torsdag 3. juni 2010

Sånn gjeng no dagane!




No har vi budd i båten i nesten ein månad, og vi har fleire prosjekt på gong. Vi har byrja å bygge om under dekk: Badet er snart ferdigflytta, og dermed får vi plass til ei dobeltsen framme i baugen. Det blir stas! Med tid og stunder skal også kjøkenet utvidast og forbetrast, eg gler meg særskilt til å få steikovn og meir enn ei kokeplate. Då kan eg utvide middagsreportoaret mitt. Når veret er fint nyttar vi og sjansen til å slipe ned dekket. Planen er å olje det etter kvart.

Den største endringa om bord er likevel at Pimpernell har flytta inn. Han har heldigvis funne seg godt til rette, og blitt ein kløpper til å kome seg i land og om bord frå diverse kaier og brygger, både ved flo og fjøre. Han spankulerte fram og attende på dekk store delar av den fyrste seglturen sin (Lausund-Longva), og vil no helst kun tiltalast som "kaptein O'Malley". Admiral Seth og dekksgut McClune lar han stort sett få vilja si i det.

I tillegg til båtprosjekta gjeng det og ein del tid på å stelle i kjøkenhagen vår. Forrige helg låg vi og luka fra morgon til kveld, og resultatet var solbrende nakkar og gode vekstvilkår for bønner, erter, kålrabi, reddik, pastinakk, tomat, paprika, broccoli, kvitkål, gul lauk, purre, kvitlauk, charlottlauk, gulrøter, aubergin, agurk og melon(!). Det blir spanande å sjå kva som klarer seg, kryss fingrane for ein god somar!

Eller gler vi oss til tre veker i USA om ca 20 dagar!

lørdag 8. mai 2010

Stadten overvunne!




Torsdag 6.4 for vi frå Kalvåg og passerte Frøya på innsida. På grunn av alle dei små øyene vart vi nødde til å nytte motor. Då vi kom opp i Bremangerfjorden slo vi han av og kryssa så godt vi kunne i den svake vinden. Det gikk så sakte at fruen til slutt heiv ut eit fiskesnøre i rein keisemd. Snøret gjekk til botns, og då eg skulle dra det opp att var det så tungt at eg var sikker på at vi skulle måtte ete tare til middag. Men den gong ei: På snøret hang det ein velvaksen torsk! Så vart det nykokt torsk både til lunsj og til middag. Nammis!

Etter kvart friskna heldigvis vinden, og jammen dreide han ikkje og blei nærast sydleg. Vi slo fast at vi måtte nytte denne sjeldne lukka og peisa på utover kvelden. Og der framme låg Stadten. Himmelen var lys grå og vinden ein letthandsambar frisk bris. Vi tok sjansen. Med stadige nervøse blikk austover mot land, lista vi oss nordover medan eg sang "Stadten sover, Stadten sover.... men man kan jo aldri være trygg!" inni hovudet mitt. Så var vi nesten forbi, og eg var nesten litt skuffa. Det gjekk nærast for lett. Lindesnes var langt verre!

Men då vakna jammen Stadten! Vinden dreide vestleg og auka til stiv kuling. Det veksla mellom å regne og å sludde. Kl. 3 om natta krafsa Jared oss i land på Nerlandsøya. Frua hadde då for lengst søkt tilflukt under dekk, og var veldig glad for å kome i land nord for Stadt.

Dagen etter vakna vi til sol og fint igjen, vi kunne sjå Runde og kjende oss rett som heime. Resten av turen gjekk uten dramatikk (sjølvom vi syns det var litt for grunt under Rundebrua), og i 21-tida la vi til i Brosundet. Pappa henta oss, og heime var det pizza. Nydla gøtt!

tirsdag 4. mai 2010

Vi mot vinden


Trass i ugunstig motvind og regnbyger gjorde vi ein kjempeinnsats og kom heilt til Herland på Atløy sist sundag. Vi hadde då kryssa over fylkesgrensa til Sogn og Fjordane, og var godt nøgde med det. Sjølvom vi kryssar som heltar vert vi likevel nødd til å nytte motoren av og til, der det rett og slett er for trongt eller vinden er heilt umogeleg. Vi kjenner tidspresset no.

Då vi vakna mandags morgon, kunne kapteinen konstantere at vi snart var tomme for motorolje. Optimistiske la vi i veg på jakt etter ein bensinstasjon. Etter å ha gått ei stund kom vi over eit informasjonsskilt som viste at næraste butikk og bensinstasjon var på andre sida av øya. Bomtur.

Dagen byrja med sol og fint vêr (motvind, sjølvsagt), men ute på sjøen var det surt. Byger for forbi og slapp frå seg både regn og haggel på oss, masse ekkel vind hadde dei og med. Då vi nærma oss Florø fekk vi og sterk straum imot oss, og måtte til slutt motvillige slå på motoren eit stykke før vi sigla inn i Florø hamn. Etter at vi hadde funne ein bensinstasjon og handla olje snødde det på oss. I mai. Vi skunda oss attende til båten og fyrte opp i dieselomnen vår for å få fart på den globale oppvarminga.

I dag vakna vi til lite vind. Heldigvis friskna han då vi kom litt utpå, og vi kryssa trottig vidare. Planen var å passere Bremangerlandet på innsida fordi kysten såg så rotete ut, men då vi kom opp i Frøysjøen og snudde baugen nordaustover kom vinden plystrande rett ned fjorden. Det freista ikkje å krysse rett mot vinden i slike tronge farvatten. Heldigvis er vi fantasifulle og tilpassningsduktige folk, så vi bestemte oss for å snu heilt rund og bli i Kalvåg natta over. Dagens etappe vart derfor ikkje så lång som vi hadde håpa, men den tidlige slutten i dag gjer at vi kan starte tidleg i morga. I Kalvåg traff vi ei gruppe som var på "Kystkultur-tur". Dei hadde sett oss der vi baksa oss nordover, og spanderte lokalt øl på oss. Nais.

søndag 2. mai 2010

Ferden går videre...




Onsdag 28. reiste vi frå Sagvåg med splitter ny klo på gaffelbommen vår. Vinden var kjempefin, så vi var blide og fornøgde sjølv om det regna og var tåkete. Turen gjekk greit og roleg føre seg, og då vi kom til Bergen i 21.30-tida var vi glade for å komme i hamn. Tåka var då så tett at vi ikkje kunne ha sigla noko lenger i alle fall.

Neste morgon fekk vi låne dusj, vaskemaskin og tørketrommel av min venninDe Siv, noko som var kjærkome, sidan kapteinen var fri for rein intmbekledning. Deksguten virka nøgd med førehalda slik som dei var. Då dette var teke hand om spaserte vi byen på kryss og tvers, før vi møtte Siv, Mari Dorte og Frank for ein framifrå middag på HotWok. Etterpå tok Siv oss med til ein fantastisk pub som heitte Henrik, der dei hadde mykje godt og spanande øl frå inn- og utland. PS: Gratulerer med dagen, Mamma!

Fredag kom i vi oss relativt tidleg av garde, sjølvom kvelden før hadde vore litt sein og litt fuktig. Dette var siste dagen det var meldt medvind nordover, så vi var ivrige på å komme eit godt stykke. Til vårt store vonbråt var vinden veldig svak, så vi veksla stort sett mellom å sige sakte eller ligge still. Den kvelden la vi til ved ei privat hyttebrygge halvegs i det smale sundet nordaust for Radøya, i mangel på noko anna i mils omkrets.

I går vakna vi til kraftig nordavind. Vi kryssa tappert heile dagen, og nytta berre motor på dei smalaste stadane der det ikkje var plass til å vende. På Feste fekk vi bunkra både diesel og vatten. Då kvelden kom kunne vi glade konstantere at vi hadde kome eit godt stykke, og då vi la til i Skjerjehamn vinka H.K.H. Olav V oss blidt velkomne. Vi var så heldige å få med oss ein gratiskonsert med Håvart Lothe, det gjorde seg godt etter ein dag på sjøen!