mandag 1. august 2011

Goodbye England, bonjour Francè!




I skrivande stund sit eg på ein internet-cafè i Rue au Blè i Cherbourg. Turen over kanalen gjekk utan dramatikk, sjølvom vi endte opp med motorhavari og total vindstille midt i eit av dei mest rafikkerte havsterkka i verda. Vi kom roande inn i Cherbourg hamn tidleg på ettermiddagen etter to døger på sjøen. Reisa frå England til Frankriket tok oss også frå haust til sommar vêrmessig. Her kosar vi oss i 25+ og sol med små koselege kafear, resturantar og botiquear.

I går var eg og Siv ein dagstur til Bayeux og såg det omgjetne "veggteppet" som er eit 70 meter langt og nesten 1000 år gamalt broderi som fortel historia om då Vilhelm erobra England. I Bayeux har dei og ein kjempefin katedral som vi beundra.

No er motoren i orden og vi har bunkra vatten og handla proviant. Vi skal loffe langs den franske kysten til komande helg, då reiser Siv heim, og vi venter gjesting av familien som er i landet på ferie.

Sjå fleire bilete på Eva sin facebook-profil i albuma "England" og "Frankrike".

fredag 22. juli 2011

Wales og søt musikk!




Sist Jared var i Storbritania spela han inn fleire sjølvkomponerte songar ved eit studio i Wales. Sidan vi var i landet leigde vi ein bil og tok turen til Phill og Jane sitt studio i Llanfyllin. Der blei vi gjestfritt innkvartert i ein noko sleten mobile home. I denne traileren budde allereie wales' største edderkoppar, heldigvis gjorde min ridder i skinnande rustning, Tom (!) kort prosess ved hjelp av joggeskoen min.

Karane nytta kveldane til øving og dagane til innspeling, medan eg spaserte når veret var fint og sat inne og las når vere var dårleg. Sangane blir snart å finne på Jared si myspace-side: http://www.myspace.com/jaredmcclune

Turen sit høgdepunk for meg var då Jared bykste ut av bilen, greip ein halvvaksen fasan og sleit hovudet av han med berre nevane. Sidan eg har jobba litt i ein slakterbutikk fekk eg oppgåva å sløye (eller kva no det heiter når det gjeld fugl) og ribbe kreket, før det vart smugla over grensa til England for å ende opp i Tom sin fasanstuing. Nydeleg!

Ellers har materiala vi har venta på i vekesvis endeleg komme. Noko var sjølvsagt feil, men skipperen har bestemt at vi ikkje har tida å vente lenger. Vi klarer oss derfor med det vi har fått tildelt, og cockpitten er nesten ferdig. I dag var vi på bytur og henta segla våre med seglmakaren og mi studievenninDe Siv på Poole Station. Mannskapet er dermed komplett, og vi håper å kunne sette segl sydover om eit par dagar. Slik vermeldingane ser ut no, kan det hende vi set kursen rett mot Frankrike. Endeleg.

mandag 11. juli 2011



Siste nytt frå England er at vi har fått ein til amerikanar ombord. Kompisen vår, Tom, kom flygande i forrige vike. Etter å ha snakka seg forbi ei grinete grensevakt som ville deportere han til Frankrike fordi han ikkje trudde på historia om seglturen, traff han Jared i London. Dei fekk med seg ein Weezer-konsert dei hadde gledd seg til lenge, og sikkert mykje anna fanteri dei ikke har fortalt om. Fruen passa båt og kosa seg med å få litt fred frå mannfolk.

Etter at dei kom hit til Poole har dagane stort sett gått sin vante gang. Etter at eg endeleg får masa dei opp om morgonane arbeidast det gjevnt og trutt på båten. Om kvelden speler dei musikk til meg og øver til innspilling og studiotid når vi reiser på roadtrip til Wales i neste veke. Einaste skåret i gleda er at det har tatt utruleg lang tid å få tak i materiale for å få ferdig cockpiten.

Sist helg for vi ein tur inn til byen for rangel og anna moro. Vi endte opp på ein pub der vi til slutt var åleine med tre halvgamle rare waliserar. Då klokka bikka tolv om natta gjekk det pluttselig opp for oss at Jared hadde bursdag, og då vi endeleg gjekk der i frå kunne bartenderen (som var døv (!) opplyse om at vi hadde satt ny rekort når det gjalt åpningstid. I løpet av den ein time lange spaserturen attende til marinaen kom karane over ei statue av ein gammal helt, og som gamle speiderar var dei ikke heilt upåvirka. (Upåvirka var dei vel heller ikkje på andre måtar...)

Sundag tok vi veldig roleg. Utpå dagen tusla vi bort til marinen sin bar og tinga ein god middag med dessert, som bursdagsbarnet sine svigerforeldre spanderte. Takk for det!

tirsdag 28. juni 2011




Største høgdepunktet sidan sist er vel at vi har vore ute og sigla i den nye båten vår. Ein av dei tidlegare eigarane Richard B., var så snill å vere med oss ut ein tur, både for å vise oss båten og for å fungere som los i Poole sitt vanskelege hamneområde. Her er veldig grunnt med eit par utmudra kanalar. Sjølv om disse er godt merka er det kjekt å ha kjentmann med seg første turen, her er nemleg mykje trafikk både av andre fritidsbåtar og store rutebåtar til Kanaløyene og Frankrike.

Vi var veldig nøgde med båten som sigla godt og reagerte kjapt på roret. Det er stor forskjel på ein båt på 6 tonn og ein på 15! Skilnaden på bermudarigg og gaffelrigg er og lett å merke.

Ellers går dagane med til småforbedringar og ombygging. Jared har demontert cockpitten og planlegg fleire endringar. Små problem med å få tak i material har tvunge fram ei midlertidig pause i dette prosjektet. I mellomtida monterar han den nye gamle ankervinsjen vår som blei sendt i posten fra England til USA, frakta som handbagasje til Noreg, og så igjen draksa til England.

Eva malar taket i framrommet, og ergrar seg over dei som har vore der før og grisa utover. Å bruke tid å energi på å kante med tape verkar tåpeleg når nokon har slurvemala på augemål i årevis. Men det må til dersom eg skal få søve om natta. Medan malinga tørkar fjerner eg gammal maling frå dørken i ankerrommet. Her skal det lakkast slik at det er lettare å halde auge med terverket under. Når eg av og til dukker opp i ei luke med ulike dunstar omkring meg kallar Jared meg "Kjemiske Eva". Han skal vere forsiktig med å krenke den som bryggjer te til han.

Fleire bilete kan nytast på eva sin facebook profil i eit album som heiter England.

lørdag 18. juni 2011

Den spede byrjinga




No har vi vore ein knapp veke i England og byrjer å komme i orden. Bilturen frå Gatwick til Poole gjekk fint. Vi stoppa litt over halvegs i ein ørliten by med det fengande namnet Sherfield English og overnatta på eit koseleg b&b. Etter ein masiv engelsk frukost var vi klare for å halde det gåande i timesvis.

Vi kom til Poole og fann utan store problem Salterns Yacht Marina der Thalia ligg. Yngste generasjonen av dei tidlegare eigarane Jonathan B. møtte oss der, og på trass av å ha ligge til sengs med lungebetendelse dagen før viste han oss fleire av båten sine finesser i berre t-skjorte medan det høljeregna og var ca +14.

Etterpå kjøyrde vi til The Dolphin kjøpesenter i sentrum og handla det mest naudsynte. Då vi kom attende haldt Jared fram med studiane av utstyret på dekk medan fruen skrubba kahytten frå dekk til tak, noko som kanskje sist blei gjort då båten var ny i 1935. Den natta sov vi som stein medan dei engelske bølgjene byssa oss.

Torsdag skulle vi eigentleg ut å prøvesigle med Michael B.,den eldre generasjonen av dei tidlegare eigarane. Det bles diverre kuling, og sidan hamna i Poole er veldig grunn utanom nokre få utmuddra kanalar, blei det til at vi utsette det foreløpig til måndag. Det blei difor ny biltur til sentrum der vi handla inn store mengder hermetikk. Denne skal systematisk prøvesmakast for å finne ut kva som dug som proviant. Vi spaserte og litt i byen, og Jared kjøpte seg ny gitar som testast med stor iver om kveldane til stor glede for resten av mannskapet.

I går måtte leigebilen leverast attende, og vi fekk testa Poole sitt busstilbod. I båten har Jared lempa ut ankerkjettingen som skal bytast ut, og byrja fjerning av gammal måling frammi. Både skrape og skumle kjemikalar nyttast. Folk har palmetre i hagane sine her, men det sør-engelske sommarveret vi gledde oss på let vente på seg. Vi har hatt ekte sunnmørssommar til no med mykje vind og skiftande ver, mest regn diverre. Etter ei spesielt fæl byge såg vi til vårt store vonbrot at det dryp inn fleire plassar. Heldigvis jobbar Jonathan B. som båtbyggjar på marinaen der vi ligg, så vi håper at Jared saman med han skal få båten potte tett før vi reiser.

Den kvelden kosa vi oss med en betre middag og dertil egna tilbehør på marinaens bar, og feira med dette at vi har vore for rette ektefolk å rekne i fem år.

Fleire bilete kan nytas på Eva sin facebookprofil i ei album som foreløpig heiter "England".

mandag 13. juni 2011

Oppdatering




Lang tid har gått og mykje har hendt sidan siste innlegg, så no er det på høg tid med ei oppdatering.

Etter å ha budd i båten vår i vinter, og sigla med han når sjansane baud seg, kom vi til slutt til at han diverre ikkje var båten for oss. Det vart rett og slett litt mykje å handsame for kun oss to. Han blei difor seld i mars til en pensjonert fiskar frå Os, som vi voner får mykje glede av han.

Sjølve stod vi brått utan båt. Jared tråla verdsveven etter gode kandidatar, og det blei tideleg klart at vi måtte utanlands for å finne noko vi likte. Vi var nær med å kjøpe ein canadiskregistrert båt som låg i Sverige, men grunna firkanta reglar og lite hjelpsame funksjonærar på vår side av grensa, fall den planen i fisk.

Dermed fall valet på ein fin liten engelsk cutter. Vi hadde ein kjempefin tur til Sør-England i april og såg på fleire kandidatar. Vinnaren blei ein Harrison Butler på 26 fot. Jareden fall for dei fine linjene og sigleeigenskapane, eg fall for interiøret som minna om ein herres røkeværelse. Etter visninga inviterte dei dåverande eigarane oss på lunsj på den lokale puben, der vi inngejekk ein "gentleman's agreement" om kjøp. Sidan dette har vi ordna med meir papirarbeid enn då eg skulle importere ein ektemann, men no skal det meste vere i orden.

I morgon flyg vi til London, og tek dermed første steget på ei reise som skal vare eit år. Første stopp er Poole, for å gjere nokre små endringar på båten, før vi byrjer med øvingssigling. Når vi er blitt dus med Thalia, sett vi kursen sørover mot Middelhavet.

Vi voner mange vil gle seg over dei sporadiske livstegna her på bloggen vår, og på face.

torsdag 30. desember 2010

Extreme makeover, part 1






Då turen var over og vi hadde bodd ei stund i båten vår følte vi at vi byrja å kjenne han litt betre. Å halde ein slik båt i orden er ein heiltidsjobb, og ikkje uventa var det blitt mykje å ta igjen over dei siste åra. I tillegg ville vi gjere ein del ikkje heilt naudsynte, men ynskjelege, endringar både over og under dekk.

Etter at teakdekket var pussa og hadde fått fleire sjenerøse lag med kinesisk treolje tok vi til med det som hasta mest, nemleg sjølve skroget. Skroget var frå før dekka med fleire tjukke lakkstrøk. Fordelen med lakk er at ein har gode høve til å halde oppsyn med treverket og lettare kan oppdage fukt og råte. Mange meiner og at det er pent at treverket viser. Ulempa er at dersom lakken får ei lita skade og det lek inn nokre dråpar vaten hindrar han treverket i å tørke. Vi valde derfor å fjerne lakken og gi båten nokre strøk med tradisjonell linoljebasert måling.

Først måtte fleire lag med lakk fjernast. Båten blei med litt om og men satt på land på slippen på Longva, før den lange, tunge og keisame jobben med å pusse vekk lakken byrja. Vi fekk heldigvis låne pussemaskiner med pappa og Atle Longva, og pussa oss gjenom omkring 150 ark med pussepapir. Om noko var dei billege arka frå Biltema betre enn merkevarene.

Når lakken var vekk fekk skroget fire strøk med ei blanding av terpentin og rå linolje. Dette trekk inn i treverket og hindrar råte. Når denne hadde tørka var vi klare for måling. I "Ottar", eit blad som Tromsø Museum gjev ut, fann vi ei oppskrift på måling som dei nyttar på nordlandsbåtane sine. 2/3 kokt linolje + 1/3 terpentin blandast med like mykje fargepulver. Losbåtane var tradisjonelt kvite, så vi tinga titankvitt fargepullver frå Ekjord Farvehandel i Oslo.

Vi vart gledeleg overraska over dekkingsevna til målinga, og to strøk var nok. Han fekk og eit nytt lag med botnsmurning. I skøyten drista vi oss til ei småfrekk svart stripe. Dermed var skroget ferdeg, akkurat i tide til vinteren. Vi er særs nøgde med resultatet sjølve og gler oss til å lufte båten ordentleg i ny finstas!