lørdag 25. februar 2012

Alle vegar leder til Rom





Tideleg om morgonen klatra eg av bussen i Bari, på austkysten av Italia. Eg draksa med meg bagsjan min, som eg byrja å bli rimeleg lei av å bere med meg, og sat meg på ein benk på busstasjonen for å vente nokre timar til ting byrja å opne. To timar seinare vakna eg, ganske forvirra, og kunne litt overraska konstantere at eg ikkje hadde blitt rundstelt medan eg sov. Eg fann bagasjeoppbevaringa og betalte blodpris for å kunnne nyte Bari utan 10 tonn på ryggen.

Bari er kjend for ein kjempeflott gamleby frå mellomalderen. Den er nett slik mellomalderbyar skal vere, nemleg ein totalt uoversiktleg labyrint av tildels overbygde smaug og smale brulagte gater. Etter eit kvarter hade e gått meg håplaust og fornøyeleg vill, og råka innom ei bakgate der fire gamle italienarar var i gang med det som såg ut som ei blodeg alvorleg turnering i ludo. Eg reknar med at dei ikkje var heilt einige i kva terningen viste, sidan to av dei var på beina og ropte til kvarandre. Eg lista meg der i frå.

Diverre var kameratet mitt tomt for batteri, så eg har ingen bilete frå vakre Bari.

Etter å ha tilrakt kvar natt i ei ny seng/tog/buss, kjende eg at eg var klar for å roe ned tempoet litt. Eg tok derfor toget attende til Roma (Gamalt jungelordtak: "Roma vart ikkje sett på ein dag.), tok inn på eit halvrimeleg motel og hadde rolege dagar medan eg venta på Jared som stortrivdes i Paris og Renes.

Eg tilbrakte mykje tid i dei store, flotte parkane i byen, særleg Villa Torlonia der eg satt i timessvis under ei furu og las i det nydelege haustveret. Eg traff att Silvia, som skaffa meg operabillettar sist eg var i byen. Tilfeldig gjekk eg inn i ei fin, gamal kyrkje og fann utgravningar av ei eldre kyrkje under denne (bonus!) og utgravningar av eit Mithrastempel fra den helenistiske perioden under denne igjen (jackpott!). Det var ikkje lov å ta bilete der nede, men eg vil absolut tilrå eit besøk av Jesus sin største konkurrent då kristendommen var ny. Kyrkja er via til St. Clement og ligg 5 minutt å gå austover frå Colosseum på gata Via St. Giovanni in Laterano.

Etter nokre dagar med kvile og restitusjon kom Jared med nattoget frå Paris. På motelrommet vårt den kvelden sa han: "Skulle vi ha reist til USA og feira jul?" Og det gjor vi, gristidleg neste morgon!

lørdag 10. desember 2011

Rundturen held fram




Foerste natta i Palermo hadde eg tinga rom paa eit motel. Det viste seg aa vere lengre vekke fraa togstasjonen enn eg hadde rekna med, men etter aa ha leita meg fram ei sund kunne eg endeleg dumpe fraa meg bagasjen min paa golvet i Motel Regina sin resepsjon. Den hyggelege mannen som jobba der ga meg eit bykart og viste meg kvar den naeraste minibanken og daglegvarebutikken var. Begge deler var feil. I kvelden sitt mulm og moerkre vepna eg meg med mine vanlege FAQ og fann minibanken. Paa veg mot der daglegvarebutikken liksom skulle vere, blei eg stoppa av ein ung inder: "Maybe I can talk to you two minutes one day?" Litt forfjamsa sa eg at det kunne han vel. Medan vi spaserte ned gata ilag fortalte han at han hadde budd nokre aar i USA, men flytta attende til familien sin i Palermo daa han mista jobben grunna daarlegare tider. Eg betrudde han at eg nett hadde kome til byen og var veldig paa jakt etter mat. No problem, onkelen hans hadde eit gatekjoeken rett nedi gata her. Sjoelvsagt hadde han det!

Den kvelden sat eg paa min lille balkong og aat deileg indisk mat medan eg spionerte paa livet i den lugubre bakgata nedanfor.

Dagen etter vakna eg med masse raude insektbitt over heile kroppen. Sengelopper! Foerste stopp den dagen (etter ein dobbel dusj) blei derfor aa finne eit vaskeri, og vaske alle kledene som ikkje hadde vore trygge i sekken den natta. Medan dette var i gang snubla eg over ein kjempestilig marknad der eg kjoepte meg epler og biscotti til lunsj. Eg fann og tilslutt ein internettkafe (resepsjonisten hadde markert feil paa kartet igjen), der eg er ganske sikker paa at eg fekk blondinerabatt. Palermo er som dei fleste byane i Soer-Italia, rotete og kaotisk med masse bygningar og fontener som vitnar om fordums storleik. Den flottaste var nok fontena paa Piazza Pretoria. Den kvelden skulle eg bu med nok ein sofasurfar som heitte Marta. Ho arrangerte picknick paa altanen sin den kvelden, saa eg fekk moete mange av venane hennar. Ingen av dei snakka noko saerleg engelsk, men med Marta som tolk gjekk det an aa kommunisere litt likevel. Einaste skaaret i gleda var at ho hadde in stor og uoppdragen hund som hoppa opp og beit folk i arma heile tida.

Dagen etter var eg tidleg oppe for aa ta toget til Messina. Denne gongen var det dagslys, og eg kunne verkeleg nyte det flotte landskapet paa Sicilia. Etter ein roleg dag i Messina tok eg fega over til Villa San Giovanni, heilt yst paa taaa :) av den italienske stoevelen. Her venta eg paa nattbussen til Bari. Eg kom i prat med ein eldre mann som venta paa same bussen. Han var den einaste oekologiske arkitekten i Italia, sa han. Sjoelvlaerd. Medan vi prata om danske straahus kom det to karar fra carabineriet (italiensk militaerpoliti) og ba om aa faa sjaa passet mitt. Etter aa ha bladd sakte gjennom det og studert kvar side, skreiv han ned all den personlege informasjonen min i ei lita notisbok, foer han ga passet til sin kollega som gjorde det same, medan den foerste karen snakka i mobilen sin. Daa eg spurte kva det gjalt, fekk eg beskjed om at det var ein heilt vanleg kontrol. Litt forseinka ba han om aa faa sjo legetimasjonen til arkitekten. Etter aa ha kasta eit lykgyldig blikk paa dette, ga han meg passet mitt og dei gjekk derifraa. "Det der var ingen vanleg kontroll", sa min nye ven arkitekten. Men eg hoeyrte ikkje noko meir og sat snart paa bussen austover mot Bari.

torsdag 24. november 2011

Nea polis ("Ny by" paa gresk)




Siste dagen min i Roma koste eg meg i ein kjempefin park som heitte Villa Borghese, foer eg tok ettermiddagstoget mot Napoli. Eg hadde litt sommerfuglar i magen, for alle eg hadde snakka med i Roma sa at Napoli var eit tjuvereir fult med veskenapparar og taskenspillarar.

Eg var framme i 21-tida om kvelden, og avtalen var aa ringe Maura, min sofasurfarvert den kvelden, og faa forklart vegen vidare. Skrekk og gru! Telefonnummeret fungerte ikkje, og stasjonen toemtes raskt for alle som ikkje budde der fast. Fortvilt proevde eg aa laste opp ei internettside med telefonnummeret paa den ubrukelege mobilen min som laaste seg heile tida. Etter aa ha maatta bruk utestemme og skubbing paa ein gamal tiggar med en fael verkebyll i andletet var eg klar for aa praie ein taxi og komme meg til eit hotell. Daa kom eg paa at eg hadde nummeret til Marta, som eg skulle bu med natta etter.

Og Marta kom, som ein reddande engel, og henta meg paa stasjonen. Ho losa meg gjennom smug og bakgater fulle med klesvask, altertavler og hoegroeysta italienarar til leiligheta ho delte med tre andre. Lat meg berre seie at norske studentar som faar over 6000kr i maanaden skulle hatt seg en tur og sett korleis andre studentar har det. Der moette eg Jan Paul og David, som var klar med soendagsmiddagen dei henta med mora til JP kvar helg. Det var litt vanskeleg aa settje seg ned med lommene fulle med oljepengar, men maten var god og selskapet uovertruffent.

Dagen etter tok eg den obligatoriske turen til Pompeii. Paa togturen dit kom eg i prat med ein kar som advarte meg mot det spanske kvarteret i Napoli. Berre mafia og lommetjuvar, sa han. Pompeii er diger, heldigvis faar ein utdelt kart og guidebok med billetten. Dei var diverre tom for engelske guideboeker, saa der fikk eg bruk for skuletysken min. Takk Karlsbakk!

Attende i Napoli moette eg Maura (som eg skulle ha budd med foerste natta). Ho jobba som laerar i barneskulen nettopp i det spanske kvarteret som eg hadde blitt advara mot. Eg er veldig gla for at ho viste meg rundt der. "Dei som bur her er ikkje onde", fortalte ho, "dei er kriminelle familiar med smaa barn". Fleire av ungane kom springande for aa helse paa laeraren sin. Etterpaa peika ho ut ein liten gut med ein fotball og soester og sa at dei var arvingane til byens mektigaste mafiafamilie. Sproett. Etterpaa gjekk vi til byens beste pizzeria, og ho tok meg med paa ei oeving med inprovisert teater, som var overraskande lite korny. Oevelsane dei gjorde skulle trene konsentrasjon og snartenktleik, og egna seg ypperleg som drikkeleikar, trur eg.

Siste dagen viste Marta meg "Eggefortet", eit fort der forteljingane seier det er gjoeymt eit egg ein plass. Hvis dette egget knuser, vil Napoli oeydeleggjast. Ikkje saa utrulig med Vesuv saa naer... Den kvelden moette eg Katarzyna, ein sofasurfar som hadde lova aa ta meg med til ein typisk napolitansk resturant. Ikkje uventa laag han i det spanske kvarteret. "Kelnerane" sprang rundt og skreik til kvarandre og han paa kjoekenet, skremte inn ein kar med gitar som spelte nokre strofer foer han stakk, ga oss noko anna enn det vi tinga (som vi aat, uten aa kny)og etter tredje gongen vi etterlyste vinen small det plutseleg rett ved oeyra mi. Kelneren hadde aapna flaska og gliste noegd meda dei andre gjestane flira. Matern var berre ok, men det var ei uforgloeymeleg oppleving, og utan tvil den mest utmattande middagen eg nokon gong har ete!

Etter litt styr med undergrunnsbanetog (i all verda det heiter paa norsk, da?) som ikkje kom (heilt normalt, forsikra Marta meg), var eg paa nattogget mot Palermo.

lørdag 19. november 2011

"Den Evige Stad"




Som nemnt foer (skriver med tastatur uten nordiske bokstaver), ser det ut som om baaten maa bli ei stund paa Sardinia. Vi to kan imidlertid reise rundt for det. Og nett det har vi blitt einige om aa gjere. Sidan vi no i nesten fire maanadar har budd i lomma til kvarandre, blei vi og einige om aa reise kvar for oss slik at vi har noko aa prate om resten av vinteren. Etter ein dag i lag i Roma tek Jared nattog mot Paris, medan eg omsider reiser soerover mot Napoli.

Turen til Cagliari gjekk denne gongen utan dei store hendingane, sidan vi tok buss i staden for aa haike. Fraa Cagliari til Civitavecchia tok vi ferge over natta. Det viste seg at dette var strekninga cruiseskip kjoeyrer foer dei skal doey. Skipet skilta med baade cafe, resturant, kino og butikk, men det einaste som var i drift var ein halvopen bar der dei selde kaffi.

Fraa Civitavecchia tok vi toget inn til Roma. Etter aa ha faatt tak i eit bykart sette vi kursen mot Colosseum, som var like kolosal som namnet seier. Naar vi naerma oss var det lett aa gjere om bylydane og bilduren til fjern applaus og jubel fraa det gamle cirkuset. Det var rett saa eg fekk frysningar nedover ryggen. Etter aa ha sett Palantinerhoegda og Forum spaserte vi til Trevifontena og heiv i ein peng. Saa aat vi ein elendig middag som maatte supplerast med ein god dessert foer Jared saa vidt rakk toget sitt. Saa var eg paa eiga hand.

Eg hadde paa foerehand avtala med eit sofasurferpar (sjaa couchsurfing.com for meir info) aa bu med dei den natta. Etter aa ha tatt eit lokaltog kom Irene og plukka meg opp paa stesjonen. Heime hadde Claudio laga pasta carbonara, og vi diskuterte mytane om vikinar med horn og romerar med vomatorium. Den natta sov eg paa ein sofa med ein katt til aa varme foetene mine. Neste morgon tok dei meg med paa cafe og spanderte kaffi og kake til frukost (urk), foer eg tok toget attende til Roma.

Dag to i Roma gjekk med til aa sjaa Vatikanstaten. Eg blei halvvegs lurt med paa ein dyr men veldig bra guida tur, og fekk sjaa baade museet og Det Sikstinske Kapellet, som var kjempeflott. Den kvelden saag eg Mozart sin"Tryllefloeyten". Sjoelvom alt foregikk paa fransk og tysk (teksta paa italiensk!) var det ei kjempeflott oppleving. Silvia, ein sofasurfer som hadde skaffa meg billetten gjennom jobben sin, moette meg etterpaa. Vi gjekk ut og tok oss ei oel foer ho soerga for at eg kom meg paa rett buss attende til vandrarheimen min.

No set eg kursen mot Napoli og nye eventyr!

tirsdag 15. november 2011

I fare for å gro fast?

Den utypiske vinden frå sør-aust har ikkje endra seg, og vi har så smått fosona oss med at vi blir i Italia ei stund. Folk har byrja å nikke til oss i gatene her i byen, og på kafeen vi gjestar oftast veit dei kva vi skal ha. Veret er langt betre enn det var ei stund, no har vi stort sett sol og gradestokken er av og til opp i mot 20 grader.

Sist helg var vi ein tur til Cagliari. Vi tok ferga over frå Carloforte til Portovesma på Sardinia, og var så heldige å få haik et stykke av vegen. Etter at mange hadde susa forbi oss med stivt blikk, var det til slutt ein gamal kar med tydeleg leddgikt i hendene som stoppa og plukka oss opp. Han snakka til vår store glede svært godt engelsk, og fortalte at han hadde gått på college i Vancouver på 50-talet. No var han 86 år, og hadde nett byrja å lære seg tjekkisk. Problemet var berre at han var svært tunghøyrd, men Jared klarte likevel å kommunisere godt med han, med hjelp av repetisjon og utestemme. Ved ein liten by omtrent halvvegs mellom Portovesma og Cagliari slapp han oss av midt på motorvegen etter å ha kjøyrt forbi avkjørselen sin. Så tok han ein kjekk u-sving, kjøyrte mot kjøyreretninga medan andre trafikantar fløyta og svinga unna, og smatt ned avkjøyrselen og ut av syne. Storaugde og med litt veike kne skunda vi oss av motorvegen og rusla til neste by der ein triveleg engelskmann viste oss vegen til togstasjonen.

Vel framme i Cagliari tok Jared meg med på kleshandel(!). I nye antrekk møtte vi Michelle, ein sofasurfer (for meir info sjå couchsurfing.com) som vi hadde avtalt å møte. Han tok oss med på ein triveleg pub og fortalte oss litt om Sardinias historie før han skunda seg videre til ein anna avtale. Vi fann ein spanande huleresturant der eg åt indrefilet av hest, før vi la i veg på ei ørlita pub-til-pub-runde. Då det blei leggetid var diverre vandrerheimen i byen stengd for natta, så Jared spanderte på strak arm firestjerners hotell på madammen (å nei, å nei). Det var heldigvis ikkje alt for dyrt. Det var fyrste gongen vi sov i ei seng som sto still sidan ein b&b på veg til Poole i juli.

Det er for gale at kameraet låg att i båten. Vi tek sjølvkritikk og lovar bot og betring.

fredag 4. november 2011

Italia, Italia!




På vegen mot Sardinia blei vi igjen råka av usamarbeidsvillig vind, og etter ei skikkeleg ekkel byge med lyn og torden søkte vi tilflukt på Mallorka. I den lille, stygge og krampaktig turistorienterte byen Sta. Rapita låg vi ei natt i turen sin dyraste marina (46 euro!) før vi nærast blei jaga der i frå då dei venta ei gruppe tyskera i større båtar som dei kunne skvise enda meir pengar utav.

Vi kryssa trottig vidare i motvinden, gjennom enda ei tordenbyge, før vi fire dagar seinare endeleg såg italienske fyr i horisonten. Sidan vinden ikkje egna seg til å halde fram mot Sisilia, satte vi kursen mot Isola de San Piedro, ei lita øy på vestkysten av Sardinia. Her la vi til i Marina Sifredi i øya sin einaste by, Carloforte. Eigaren Guiseppe Sifredi, som er på vår alder, ga oss ein kjempedeal. For 10 euro om dagen har vi uavgrensa tilgang på straum, vatten, internett og toalettfasilitetar.

Så er det berre å vente på brukandes vind. Igjen. Guiseppe forsikrar oss om at vindretninga vi har no er utypisk, men ho har vart over ei veke, og vermeldingane lover inga betring. Vi smører oss med tålmod, og prøver å slå i hel tida så godt vi kan. Første kvelden gjekk vi på pizzeria. Eg hadde gledd meg lenge på ekte italiensk pizza, og italiensk meny var ingen hindring. Eg følte meg verdsvant og dristig da eg på måfå peikte på eit namn. Det var berre pizza, kor gale kan det bli? Frykteleg gale. På pizzaen min låg det masse ekle, små slimete ansjosar. Eg prøvde å ete rundt, men heile greia smakte harsk fisk og svineri. Dama som jobba der forsto problemet og ba meg velge ein ny pizza gratis, men eg hadde heilt mista lysta. Slukøyrd gjekk eg der ifrå, og ba om engelsk meny neste gong. Det lønte seg!

Tredje dagen leigde vi scooter og utforska øya. I løpet av ein dag hade vi vore overalt, og sett attraksjonane som var merkte på turistkartet, stort sett naturformasjonar og eit no tomt fuglefjell. Dagen etter besøkte vi eit observatorium som og var merka. Det fekk vi vite seinare hadde vore stengt i to år. Vi fann imidlertid ville granateple utanfor og åt oss mette på dei, så heilt bomtur var det ikkje! I ei saltvattensmyr utanfor byen såg vi flamingo. Vi er i ferd med å bli stamgjestar på ein av dei få kafeane som held ope i lavsesongen, og i går var vi innom byens lille bibliotek og lånte ein av dei åtte DVD'ane dei hadde der. Eg fann og ei bok på engelsk.

I dag fann Jared til si store glede laks i "fersk"varedisken på butikken. Litt for seint såg vi at han hadde reist like langt som oss for å kome hit. Jaja. Han har sikkert ikkje brukt like lang tid, så i dag blir det skikkelig norsk middag: fisk og poteter!

mandag 17. oktober 2011

Tilbake til Spania




Vestavinden kom ikkje. Posten, der i mot, kom etter kvart, bortsett frå ein pakke. Dette var ei to meter lang skinne som skal monterast på masta for å få opp eit stormsegl. Etter å ha gått 4km til postkontoret i Gibraltar frå Spania, gjennom passkontroll kvar dag i over ei veke, ringte Jared avsendaren og fikk FedEx sitt pakkenummer. Det viste seg at pakken hadde vore i Gibraltar i over ei veke. Etter å ha snakka med ei veldig uhjelpsom dame i pakkeluka blei vi bedne om å gå til FedEx sitt kontor. (Alle dei andre pakkane var og sendt med FedEx, og hadde likevel dukka opp på postkontoret.)

På kontoret til FedEx, som var på loftet til ei lagerbygning bak flyplassen, sat ein kar som hadde prøvd å ringe oss om pakken, som vi måtte fortolle. Telefonen hadde sjølvsagt vore slått av for å spare batteri. Vi fekk eit ark med fyren, og blei henvist til tollavdelinga som var i ei brakkebygning bak lageret, og for å komme dit måtte vi traske gjennom ein byggeplass i full aktivitet. På tollkontoret traff vi Willy. Han gav oss eit nytt (totalt uforståeleg) ark som måtte fyllast ut med tallkodar verken han eller vi hadde tilgang på. Han tipsa oss om eit kontor i første etasjen der dei kanskje kunne hjelpe oss for ein billig penge. Javel. Vi ned trappene og fann ei dame som aller nådigst kunne hjelpe oss for 15 GBP. Kvar var båten? Den ligg for anker i Spania. Er ikkje båten i Gibraltar? Nei, men vi skal ikkje importere denne skinna til Gibraltar, vi tek ho med oss så snart vi reiser. Men båten ligg ikkje i Gibraltar no? Nei. Sukk. Gå opp i andre etasje og snakk med Willy. Og Willy kleier seg i hovudet og snakkar litt på spansk med ein kolega som trekk på akslene og stempler papiret vårt. Så var det gjort!

Med skinna om bord set vi endeleg kursen inn i Middelhavet. Vestavinden har enno ikkje lat høyre frå seg, så vi kryssar sakte austover eit par dagar, til vinden finn det for godt å døy. Deretter følgjer tre døgn på speilblangt hav. Vi les, søv og badar litt i solsteika. Vi ser havskallpaddar. Småfuglar på veg til Afrika for vinteren tek ei velfortjent pause i riggen. Vi får fisk for fyrste gong sidan den engelske kanalen. Vi anar ikkje kva det er, men han liknar ørlitegrann på makrell, så vi tek sjansen. Han smakar litt som makrell og, og ingen av oss blei sjuke, så eg døyper han "mekrall".

Endeleg blir det vind att, men framleis frå aust. Planen for neste stopp var Formenterra, ei lita øy sør for Ibiza, men etter åtte dagar og inga von om betre vind retter vi kursen meir nord over og ender opp i Moraira i staden. Denne kjempefine lille byen ligg litt nord for Benidorm på Spnia sin austkyst. Her har vi kosa oss med fjelltur, strandtur og god mat. Lageret er igjen fullt med hermetikk, og i morgon set vi kursen mot Sardinia. I austavinden.

Fleire fine bilete kan nytast på Eva si Facebook-side.