søndag 6. mai 2012


Ein kveld vi kom attende til båten vår sto der ein blid mann og venta på oss. Han synst at det var noko kjend med Thalia, og spurte om ho var designa av Harrison Butler?  Det viste seg at han har ein likeeins, berre litt større. Då dette blei klart bad han oss sporenstreks på lunsj.

Federico kom ein time seinare og henta oss i Fiat Pandaen sin. Denne var raud og ikkje turkis, men eg har uansett byrja å få litt sansen for desse små enkle bilane. Etter å ha plukka opp sonen hans, Argante 5 år, bar det opp humpete grusvegar til huset der dei budde. Federico er yrkesdykkar og reiser mykje med jobben. Han har ofte seks månader fri om gongen, og dei ti siste åra har han brukt fritida si på å sigle med dei tre borna sine og å jobbe på huset. Huset er stort og moderne, bygd i gamal pantellerisk stil og kjempeflott.

Då vi var framme fyrte Federico opp grillen medan Argante viste oss rundt på italiensk. Vi nikka og smilte til det han sa, men det var diverre ikkje mykje vi forstod. Det tok han med eit stort, om noko undrande, smil. Snart kunne vi nyte fersk og nygrilla lokal grov pølse med fersk brød og tomat, mozarella og basilikumsalat. Fruktsalat til dessert va heller ikkje feil. Etterpå viste vi og blei vist bilete av båtar og segling på internettet, før vi blei kjørt rundt på ei lita omvisning. Før vi tok avskjed blei vi bedne med på grilling i fjøra neste dag.

Utflukta va en kjempesuksess. Vi grilla kreps og kosa oss i lag med Federico og Argante, Argante si mor Rossana og Rossana si dotter Rakel. Rossana hadde med seg  digre sitronar frå bestemora sin hage. Sjølve fruktkjøtet var på storleik med ei plomme, men det kvite skalet var saftig og smaka som eple!  Vi åt og kosa oss og prata om krig og fred og politikk og sånn, og samanlikna respektive skuleverk. 

Dagen etter tok Rossana oss med for å bade i varme kjelder. Dette var dammar i vasskanten som blei fylde med sjøvatten når det var store bårer, for så å bli varma opp av vulkansk aktivitet. Vi plaska rundt i dammar frå lunkne til glovarme, før vi hoppa i havet då tålegrensa var nådd.



Nokre dagar seinare stod Federiko på kaia igjen. Han hadde med hjelp frå Jared kjøpt eit drivanker han var svært nøgd med, og no ville han be oss på heimelaga fiskecouscous heime med Rossana den kvelden. Vi var ikkje vanskelege å be.  Rossana hadde pussa opp bestefaren sit gamle båthus kjempefint  og budde der. Rakel sov og Argente tusla småtrøytt omkring. Rossana hadde ringt bestemora etter oppskrift og koka couscous på gamlemåten i timesvis. Fisken hadde Federico tatt med spyd då han dykka tidlegare om dagen. Alt smaka nydeleg, og vi delte musikk med kvarandre på you tube. Etter ein uvanleg triveleg lag, køyrde Federico oss attende til byen. Bortsett for at vi råka på kvar sine to glas med Laphroaig på vegen, gjekk det fint for seg.

tirsdag 1. mai 2012




På Pantelleria har vi funne øyparadiset vi har leita etter.  Fyrste morgonen då eg stakk hovudet ut , stod der ein gamal knark og venta. På ei salig blanding av italiensk, fransk og litt nederlandsk, spurte han om vi ville kjøpe raudvin, kvitvin, søtvin, kapers eller oregano? Mest for å vere snill tinga eg ei flaske raudvin av han. 
Den kvelden var vi bedne på ein drink av våre franske vener. Litt før solnedgang  rusla vi over til båten Che te mi. Eg er glad i noko salt med drikke, så eg håpa på at det var satt fram litt potetgull. Og det var der. Så kom vertinna ut med eit brett med assorterte kanapear, og ein bolle med små tomatar fylte med tunfisk. ”Ein skal ikkje undervurdere franske damer på kjøkenet”, tenkte eg glad. Etter ei stund gjekk ho inn og henta ein varm, nylaga quiche. Når den var fortært kom ein heimelaga tiramisu med jordbær på bordet.”Kona mi er fantastisk. Ho er den beste restauranten i Monastir”, sa  Jèan Marie nøgd.  Vi kunne ikkje anna enn å vere einig. Det er ikkje farleg å bu i båt når det er slikt stell å få!
Neste morgon var vår lokale ven på plass med vinflaska vår. Han heitte Pasquale, 75 år gamal, født og oppvekst på Pantelleria. Vinen laga han sjølv, og etter å ha spurt litt, blei vi invitert til å vere med å sjå garden hans. Han kom og henta oss i ein bitteliten turkis Fiat Panda, og vi humpa av garde oppover grusvegane. På det vesle småbruket fekk vi sjå  kjøkenhagen, ein liten olivenlund, ein ”arabisk hage” med sitrontre og tomat, og ikkje minst vinmarkane med sortar som er unike for Pantelleria. Desse brukast til å lage den lokale kvite søtvinen Passito, som han sjølvsagt òg laga. Etter å ha smaka på både raud, kvit og søt frå Pasquales sortiment humpa vi nøgde ned fjellet igjen. I hamna avtala vi at han skulle hente oss neste dag for ei omvisning på øya.
Etter ein såkalla lunsj med Fransoice og Jèan Marie (kylling konfit med sprøsteikte amadinepoteter og smørdampa erter), blei vi henta av Pasquale. Han kjørte oss først gjennom det vakre landskapet til den  vidgjetne innsjøen på øya. Lago er langgrunn og held perfekt badetemperatur i april. Om sommaren er han så varm at ein ikkje kan bade i han. Vi nytta sjansen og sumde heilt ut til der marebakken ledar ned i det djupblåe krateret i midten.  På botnen grov vi opp svart gjørme som lukta promp. Pasquale sa den var bra for huda og raumatiske ledd, så vi smurde kvarandre inn med liv og lyst.
Etter å ha skylt godt av oss kjørte  vi vidare. Etter ei kort vatningspause heime med Pasquale, var vi på vegen igjen, no iført raffe, lånte stråhattar som gjorde at vi såg ganske mafioso ut. Han leda vegen en halvtimes gåtur langs ein sti med flott utsikt over Monastere, ein dal der munkar produserte vin i gamle dagar. Til slutt kom vi fram til ei grotte der damp siva ut. Det var ei naturleg badstue, varma opp av vulkanske krefter.  Berre iført badeklede huka vi oss ned og luska inn i den mørke varmen. Etter eit kvarter kom vi drypande ut at, glade for å kunne tøme ei flaske kaldt vatten over oss. Dagen blei avslutta heime med Pasquale igjen, der seniora serverte te med heimeavla sitron.

tirsdag 24. april 2012

Arabarpause...

I Monastir fann vi det triveligaste seglarmiljøet på heile turen. Kvar søndag møtast dei og grillar i lag, og kvar torsdag et dei i lag på den samme resturanten. Området rundt marinaen er reint og ryddig med fine resturantar og cafear omkring. Skipshandlaren er halvt skots eg ein særskilt triveleg kar som både fiksa motoren vår og gir oss tips om korleis å takle lokalbefolkninga. Og det trengs.

Eg har før trudd på teorien at generalisering er feil, og at mykje kan oppklarast om ein reiser til heimlandet til kulturen og prøver å forstå dei. Difor var det med ope sinnelag og positiv innstilling eg kom til mitt første arabiske  land. Etter to veker konkluderar eg, etter fleire ubehagelege hendingar, at arabiske menn stort sett er respektlause klyser. Både Jared og eg blei etter kvar mektig lei av at eg ikkje kunne gå nokon plass aleine, og sjølv når vi var i lag øydela framferda til arabarane det som skulle vere trivelege ekskursjonar. Respektlause, masete og skamlause alle saman. Punktum.

Nok om det. Vi fikk etter kvart nok, og bestemte oss for å ta ei arabarpause, og segle til den italiense øya Pantelleria. Eg som sist synns det var litt mykje glaning frå italienske menn kunne ikkje vente med å komme attende til latinoloverane. Seglinga gjekk for ein gongs skuld heilt greit, og etter ganske nøyaktig 24 timar sigla vi inn i hamna i vesle Pantelleria by.

Berggrunnen på øya er kolsvart, knudrete vulkansk stein. Øya er dekt med sjarmerande, små, tradisjonelle hus bygga av denne steinen, vingardar og velstelte kjøkenhagar, delt inn med mil på mil med svarte steingardar. Veret er prima, og Jared har snorkla rundt båten og skrubba skrog. Vi kosar oss med italiensk gelatio, og reiser ikkje her i frå før vi må. Chao!

tirsdag 10. april 2012

T.I.A.*



Kvelden før vi la av garde hadde Beppi to vener frå Cagliari på besøk. Då klokka var tolv den natta hadde dei to karane fiska nok fisk til ein liten midnattsmiddag til oss fire. Beppi kokte spagetti til og opna nokre flasker vin, og som den gentlemannen han er gav han den einaste dama i selskapet den siste skvetten med Mirto. Litt seinare enn planlagt neste føremiddag drakk vi den siste koppen italiensk kaffi, sa hadet til våre trivelege kafèvertar, og åt den siste italienske isen.

Overfarta gidd eg ikkje skrive noko særleg om, den gjekk som den brukar for oss, med skiftande/elendig/ikkje-eksisterande vind. Det som kan nemnast var at vi var så pass ute av trening at vi berre handla mat for dei tre dagane det var rimeleg å rekne med at turen skulle ta, så då vi endeleg tøffa inn i Monastir hamn etter sju dagar var vi rimeleg tomme. Sidan ingen i Italia kunne fylle på dei engelske gasstankane til kjøkkenet vårt har vi i tillegg ikkje hatt høve til å lage varm mat sidan vi gjekk tom for gass i februar. Kalde hermetiske bønner er ikkje så godt som folk skal ha det til. Einaste lyspunktet var at vi fekk eit gledeleg gjensyn med delfinane.

Så etter å ha segla langt, og lengre enn langt, austafor sol og vestafor måne, og sju hundre mil bak Babylons tårn (for å sitere eventyra), kom vi endeleg fram til Monastir i Tunisia ein regnfull torsdagskveld i slutten av mars. Ein triveleg kar tok i mot taua våre i hamna og sa på gebrokkent engelsk ”You are welcome!” Endeleg! Hamnemesteren sitt kontor var stengt, men vi blei vist til politistasjonen. Der satt det to bøse bebarta araberar, som nøye kikka gjennom passa våre, noterte all informasjon sirleg i fire forskjellige kladdebøker med bokbind av gamalt julepapir (ikkje noko datasystem der i garden!)medan dei såg strengt på oss. Papira til båten måtte og visast, og etter å ha gjort klart at Noreg er eit land i Europa, blei vi sendt vidare til tollvesenet i nabohuset.

Der avbraut vi ein forvirra eldre herre i å hjelpe eit barnebarn med leksene. Det viste seg å vere tollaren sjølv. Etter å ha spurt opp att politiet sine spørsmål fekk vi eit skjema der det skulle fyllast ut all elektronikk, alkohol og tobakk vi hadde med oss. Så skulle båten ransakast. Den gamle tollaren med tre politimenn på slep fulgte etter oss ned til Thalia. Dei blei litt lange i maska då dei såg den gamle vesle båten, men tollaren og ein politi klatra nedi saman med Jared. Etter å ha sett seg uinteressert rundt, utan å røyve noko, sa dei ”ok” og såg forventningsfullt på oss. Då det blei tydeleg at vi ikkje forstod kva dei ville sa tollaren skuffa: ”No thank you?” Etter litt forkava leiting fekk vi stukke til dei ein pakke italienske sigarilloar med vaniljesmak og Tom si flaske med portvin (Sorry, Tom!). Politiet sin edle representant bad verdig om ein nøytral plastpose å bere fangsten i, noko eg med utstudert nøytralt andlet fann fram til han. Så snart dei var ute av høyrevidde knakk mannskapet saman i vantru latter. Ikkje rart dei blei skuffa då dei såg båten, dei skjønte vel at det ikkje var mykje å hente der!

Framleis flirfulle fekk vi lånt nøkkelen til fasilitetane med ein triveleg nabo, og hadde ein av årets beste dusjar. Endeleg ein dusj med rikeleg med vasstrykk! Etterpå rusla vi forbi ein restaurant på bryggekanten, der ein blid kelner spurte ”Are you looking for me?” Over døra var der eit skilt med svensk, finsk og norsk flagg, teksten ”Välkomna” ved siden av det svenske flagget og ord som ikkje minner om noko språk eg nokon gong har hørt ved sidan av det norske. Vi tok likevel sjansen og bestilte ein fire-rettars tunisisk middag som smakte nydeleg, før vi utmatta kasta oss i køya.

* ”This Is Africa” frå filmen Blood Diamond (tilrådast!)

fredag 23. mars 2012

Vår i Italia



Etter veldig triveleg (og utvida) jul og nyttårsfeiring i USA, var vi attende i lille Carloforte. Det var eit koseleg gjensyn både med båten, byen, folk og kafear. Vi var no godt uti februar, og sjølvom nettene framleis var kalde, var dagane milde og vårlege.

Vi nytta fineveret til å gå turar i "fjellet", reparere småskadar på båten etter vinterveret og sitte i sola og drikke kaffi på dei små kafeane.

Før vi visste ordet av det var det blitt mars. Det som diverre ikkje hadde endra seg over vinteren var vindretninga. For oss som vil sørover er det framleis berre å vente.

Eit artig avbrudd var St.Patrick's Day. Vi kom til at Jared sannsynlegvis var det næraste som fantes ein ire her på øya, og med det fulgte det eit visst ansvar. På veg til Den Raude Baron, ein pub vi visste hadde godt utval på øl, traff vi hamnemesteren vår på kaikanten, og han baud på kråkebollar og sjampanje. Vi kunne ikkje la den sjansen gå frå oss! Med kvar si teskei skrapa vi rogn utav små svarte kråkebollar og skåla blidt. Kråkebollar er forresten ikkje noko å vere redd for, rogna smakar friskt og godt av sjømat. Vi haldt fram mot puben, og i respekt for St.Paddy starta vi kvelden med kvar si Guinness. I respekt for litt forskjellig anna prøvde vi nokre andre sortar og. Godt fornøgde spaserte vi heimover om kvelden, og der treff vi sanneleg på Hamnemester Guiseppi igjen. Denne gongen blir vi i invitert ombord på båten hans for den lokale drikken Mirtos, ein slags blåbærvin. "But only one glass", seier han, for han har drukke saman med ein kompis sidan vi gjekk. Famous first words. Etter i allefall fire glas utbryt han "We go to bar!" Og det er vi sjølvsagt med på. Carleoforte er ein liten by med det meste i gangavstand, men i det vi kjem til hamna sin parkeringsplass seier Guiseppi (Beppi): "We take car. Is good for police." Kva han meiner med det er uklart, men etter ein roleg biltur på 500 meter er vi framme. Det har no blitt søndag. Beppi virkar å vere ukjend med St.Patrick's-day, men no er det St.Guiseppi (St.Josef) sin dag, og det må sjølvsagt og feirast. St.Josefs dag er også farsdag i Italia, noko eg finn litt ironisk sidan det Josef er mest kjend for er jo det å IKKJE vere far. Etter to whiskey og eit knust glas er vi klare for heimvegen.

Siste nytt er at vinden er i ferd med å snu, og vi førebur oss for å setje kursen mot Tunisia i morgon. Hamneavgifta er betalt og Thalia er klar. Beppi har imidlertid bede på EI øl i kveld, som avskjed. Vi får sjå...

søndag 4. mars 2012

Advent-jul-nytt år




Sjølv om svigerfar berre fekk ein dags varsel om at vi var på veg stod det ikkje på gjestfridomen. Vi blei traktert til lunsj og middagar. Han og min svoger, Jared sin lillebror, har ein avtale om å møtast kvar tysdag for å klatre i ein innvendig klatrevegg i nærområdet. Her blei vi bede med, og han betala for å leige utstyret vi trengte. Det er kjekt å prøve, men litt demotiverande å sjå ein snart seksti år gamal mann klatre opp ein "ellevar" når ein sjølv skjelv i heile kroppen etter å ha baksa seg opp ein "sjuar". Trøysta blei å bli spandert på middag på "Bare Bones", ein resturant og mikrobryggeri som ein i slekta eig. Dei har verdas beste grillribbe, og ein tur dit byrjer å bli eit fast rituale når vi er i Amerika. Heldigvis!

Svigermor tok oss og ut for å ete saman med familien til Jared si tante. Vi endte opp på eit nusseleg lite te-hus, der vi åt ein nydeleg lunsj og hadde mykje moro av ei veldig søt og distre eldre servitrise.

Ein annan som var uforberedt på eit så snarleg gjensyn var vår tidlegare medsamansvorne seglar, Tom. Karane lot imidlertid ikkje høvet gå ifrå seg, og spelte med suksess på fleire opne scener på pubar og cafear i byen. Fruen var med som entusiastisk publikum og einmanns-film crew.

Julefeiringa var og triveleg, sjølvom julepresangane våre var sendt til Italia dagen før vi meldte fra om at vi kom. I tillegg til god mat og drikke spelte vi spel og hadde konkurransar, der eg vann ei diger kasse med "twizzler's" og Jared eit gavekort på ein sjømatresturant. Begge deler var svært velkomne.

Då svigermor ymta om at det hadde vore fint om vi kunne vere litt lenger, var vi ikkje vanskelege å be. Mørk, kald og fuktig båt i surt italiensk vinterver kunne ikkje konkurrere. Dermed hadde vi over ein månad til å nyte i godt selskap, før vi i slutten av februar var attende i Carloforte, Sardinia.

Sjå fleire bilete frå jul og nyttår i Eva sin album "USA" på facebook.

onsdag 29. februar 2012

Vi kryssar Atlantaren! (i fly...)

For dei som ikkje har vore i USA før, så kan eg avsløre at det er ei tildels omstendig affære. Seinast 72 timar før du kjem til landet må du fylle ut ein visumsøknad på internett, der du må krysse av ja eller nei på om du til dømes kjem til USA for å utføre terrorist-handlingar, eller om du hadde samkvem med nazistane under Andre Verdskrig. Heldigvis for meg var min ferdigbehandla på knappe 12 timar, sidan vi hadde kjøpt og betala billettane før vi kom på denne detaljen. Flyturen frå Roma til Washington gjekk greit, og vel framme skiljer vi lag for å gå gjennom kvar sin passkontroll, Jared som Statsborgar og eg som Skummel og Potensielt Farleg Utlending.

Eg viser passet mitt, poserer for det obligatoriske passbiletet og let grensevakta ta alle dei ti fingeravtrykka mine, som vanleg. Det som var uvanleg var at eg fekk beskjed om å gå innom "Kontor B" på veg gjennom bagasjekontrollen. Eg så gjorde, og endte opp i eit lite venterom i lag med fem-seks russiskutsjåande bestemødre. Bak ein skranke sat ein bøs ung mann i uniform. Etter å ha kvinna meg opp ei lita stund tusla eg meg fram til disken. Han tok passet mitt, visumet og tollpapira mine og bad meg setje meg og vente. Eg spurte kva det gjalt. Det visste han ikkje. Eg spurte kor lang tid det kom til å ta. Det visste han ikkje. "Men, officer, eg skal nå eit fly vidare til Philadelphia som lettar om 50 minutt." "Aller her skal nå eit fly." Slukøyrd gjekk eg og sat meg for å vente. Etter ei stund våga eg meg fram att og spurte om eg kunne få seie ifrå til mannen min, som sikkert lurte på kvar eg var blitt av. Eg fekk ikkje forlate rommet, men dersom eg hadde dekning på telefonen min måtte eg gjerne ringe.

Vi blei einige om at vi skulle møtast ved gaten som det neste flyet vårt skulle ta av frå. Med litt under ti minutt att blei eg endeleg kalla fram til skranken. Eg var då aleine i rommet, babushka'ane hadde i tur og orden blitt godkjende. "Det var noko problem med fingeravtrykka dine", kunne han meddele meg, og eg var fri til å gå. Eg bestemte meg for å droppe å sjekke inn bagasjen min, og heller håpe at dei som stod i gaten lot det gå for denne gang. Sidan eg hadde pakka for to vekers tur i Italia var det heller ikkje mykje eg hadde med meg.

I bagasjekontrollen peip det sjølvsagt. Eg fekk beskjed om å ta av meg skoa. Frustrert bøyde eg meg ned for å snøre ned dei store fjellskoa eg hadde på meg. Då eg røyste meg igjen sto der ei ny plageånd og spurte om dette var min sekk? Hadde eg noko flytande i den? Pokker! Sjølvsagt hadde eg det! Det var jo den sekken som eigentleg skulle sendast! Ja, innrømer eg, alle toalettsakene mine. I tur og orden plukker ho ut dei livsfarlege flaskene med sjampo og såpe. Då eg peiker ut at den eine flaska er renseveske til kontaktlinsene mine, legg ho til mi store overrasking den eine flaska attende i sekken min. Christmas spirit!

Dermed beinflyg eg gjennom Washington flyplass med open ryggsekk og lange skoreimer piskande alle vegar. "17.10-flyet til Philadelphia!" skrik eg til ein mann i refleksvest. "Gate 11B. Men flyet er kansellert grunna veret", svarer han. Å ja. Javel. Kremt. Då kan eg vel gå, då. Hm. Eg kasta eit blikk ut vindauget, og jo, eg kunne så vidt skimte eit par pistrete snøfiller som ertande dala ned i skjul.

Ved gate 11B fann eg att mannen min, som hadde fått vete at vi var ombooka til eit fly som letta neste morgon. Etter å ha samrådd med svigerfar tok vi undergrunnsbana så langt ho gjekk, der han henta oss med bil. På Jared sitt guterom velta eg over ende i senga, endeleg framme i "God's own country".