lørdag 8. mai 2010

Stadten overvunne!




Torsdag 6.4 for vi frå Kalvåg og passerte Frøya på innsida. På grunn av alle dei små øyene vart vi nødde til å nytte motor. Då vi kom opp i Bremangerfjorden slo vi han av og kryssa så godt vi kunne i den svake vinden. Det gikk så sakte at fruen til slutt heiv ut eit fiskesnøre i rein keisemd. Snøret gjekk til botns, og då eg skulle dra det opp att var det så tungt at eg var sikker på at vi skulle måtte ete tare til middag. Men den gong ei: På snøret hang det ein velvaksen torsk! Så vart det nykokt torsk både til lunsj og til middag. Nammis!

Etter kvart friskna heldigvis vinden, og jammen dreide han ikkje og blei nærast sydleg. Vi slo fast at vi måtte nytte denne sjeldne lukka og peisa på utover kvelden. Og der framme låg Stadten. Himmelen var lys grå og vinden ein letthandsambar frisk bris. Vi tok sjansen. Med stadige nervøse blikk austover mot land, lista vi oss nordover medan eg sang "Stadten sover, Stadten sover.... men man kan jo aldri være trygg!" inni hovudet mitt. Så var vi nesten forbi, og eg var nesten litt skuffa. Det gjekk nærast for lett. Lindesnes var langt verre!

Men då vakna jammen Stadten! Vinden dreide vestleg og auka til stiv kuling. Det veksla mellom å regne og å sludde. Kl. 3 om natta krafsa Jared oss i land på Nerlandsøya. Frua hadde då for lengst søkt tilflukt under dekk, og var veldig glad for å kome i land nord for Stadt.

Dagen etter vakna vi til sol og fint igjen, vi kunne sjå Runde og kjende oss rett som heime. Resten av turen gjekk uten dramatikk (sjølvom vi syns det var litt for grunt under Rundebrua), og i 21-tida la vi til i Brosundet. Pappa henta oss, og heime var det pizza. Nydla gøtt!

tirsdag 4. mai 2010

Vi mot vinden


Trass i ugunstig motvind og regnbyger gjorde vi ein kjempeinnsats og kom heilt til Herland på Atløy sist sundag. Vi hadde då kryssa over fylkesgrensa til Sogn og Fjordane, og var godt nøgde med det. Sjølvom vi kryssar som heltar vert vi likevel nødd til å nytte motoren av og til, der det rett og slett er for trongt eller vinden er heilt umogeleg. Vi kjenner tidspresset no.

Då vi vakna mandags morgon, kunne kapteinen konstantere at vi snart var tomme for motorolje. Optimistiske la vi i veg på jakt etter ein bensinstasjon. Etter å ha gått ei stund kom vi over eit informasjonsskilt som viste at næraste butikk og bensinstasjon var på andre sida av øya. Bomtur.

Dagen byrja med sol og fint vêr (motvind, sjølvsagt), men ute på sjøen var det surt. Byger for forbi og slapp frå seg både regn og haggel på oss, masse ekkel vind hadde dei og med. Då vi nærma oss Florø fekk vi og sterk straum imot oss, og måtte til slutt motvillige slå på motoren eit stykke før vi sigla inn i Florø hamn. Etter at vi hadde funne ein bensinstasjon og handla olje snødde det på oss. I mai. Vi skunda oss attende til båten og fyrte opp i dieselomnen vår for å få fart på den globale oppvarminga.

I dag vakna vi til lite vind. Heldigvis friskna han då vi kom litt utpå, og vi kryssa trottig vidare. Planen var å passere Bremangerlandet på innsida fordi kysten såg så rotete ut, men då vi kom opp i Frøysjøen og snudde baugen nordaustover kom vinden plystrande rett ned fjorden. Det freista ikkje å krysse rett mot vinden i slike tronge farvatten. Heldigvis er vi fantasifulle og tilpassningsduktige folk, så vi bestemte oss for å snu heilt rund og bli i Kalvåg natta over. Dagens etappe vart derfor ikkje så lång som vi hadde håpa, men den tidlige slutten i dag gjer at vi kan starte tidleg i morga. I Kalvåg traff vi ei gruppe som var på "Kystkultur-tur". Dei hadde sett oss der vi baksa oss nordover, og spanderte lokalt øl på oss. Nais.

søndag 2. mai 2010

Ferden går videre...




Onsdag 28. reiste vi frå Sagvåg med splitter ny klo på gaffelbommen vår. Vinden var kjempefin, så vi var blide og fornøgde sjølv om det regna og var tåkete. Turen gjekk greit og roleg føre seg, og då vi kom til Bergen i 21.30-tida var vi glade for å komme i hamn. Tåka var då så tett at vi ikkje kunne ha sigla noko lenger i alle fall.

Neste morgon fekk vi låne dusj, vaskemaskin og tørketrommel av min venninDe Siv, noko som var kjærkome, sidan kapteinen var fri for rein intmbekledning. Deksguten virka nøgd med førehalda slik som dei var. Då dette var teke hand om spaserte vi byen på kryss og tvers, før vi møtte Siv, Mari Dorte og Frank for ein framifrå middag på HotWok. Etterpå tok Siv oss med til ein fantastisk pub som heitte Henrik, der dei hadde mykje godt og spanande øl frå inn- og utland. PS: Gratulerer med dagen, Mamma!

Fredag kom i vi oss relativt tidleg av garde, sjølvom kvelden før hadde vore litt sein og litt fuktig. Dette var siste dagen det var meldt medvind nordover, så vi var ivrige på å komme eit godt stykke. Til vårt store vonbråt var vinden veldig svak, så vi veksla stort sett mellom å sige sakte eller ligge still. Den kvelden la vi til ved ei privat hyttebrygge halvegs i det smale sundet nordaust for Radøya, i mangel på noko anna i mils omkrets.

I går vakna vi til kraftig nordavind. Vi kryssa tappert heile dagen, og nytta berre motor på dei smalaste stadane der det ikkje var plass til å vende. På Feste fekk vi bunkra både diesel og vatten. Då kvelden kom kunne vi glade konstantere at vi hadde kome eit godt stykke, og då vi la til i Skjerjehamn vinka H.K.H. Olav V oss blidt velkomne. Vi var så heldige å få med oss ein gratiskonsert med Håvart Lothe, det gjorde seg godt etter ein dag på sjøen!

tirsdag 27. april 2010

Det går likar no!




Sundag 25. fekk vi endeleg medvind, og for ein vind! På grunn av dei store dønningane turde vi ikkje å nytte det handikappa storsiglet vårt så mykje, likevel fauk vi av garde nordover berre med kliver og fokk i vinden. Vêret var fint og stemninga god. Det var deilig å endeleg vere på farta igjen etter å ha lege i ro og trippa utålmodig to heile dagar. Vi var inne på tanken å sigle heile natta, men då vi nærma oss Karmøya løya vinden så mykje at vi kom fram til at det ikkje var verd det. Den natta låg vi i Skudeneshavn, som er ein bedårande liten by vi gjerne kjem attende til.

Morgonen etter var det mykje skodde og regn, og då vi kom ut i Skutenesfjorden var der nesten ikkje vind heller. Meldingane hadde lova oss medvind heimover, så vi heiste litt molefonkne storseglet og håpa på det beste. Inni foldane i seglet hadde ei diger humle søkt ly for regnet. Ho var så kald og våt og pjuskete i pelsen at vi tok ho med inn så ho fekk tørka og varma seg litt. Vi baud ho på bihonning som ho stakk den longe tunga si i et par gongar, så brumla ho i veg mot land mellom regnbygene. Dagen gode gjerning!

Då vi kom inn i Karmsundet friskna heldigvis vinden og vi passerte brua og Haugesund med fin fart. Nord for Karmøya vart vinden enno betre, og vi rett suste avgarde. Utover kvelden minka han att og da vi kom inn i Stokkesundet mellom Stord og Bømlo var vinden så svak og tåka så tett at vi, litt på impuls, svinga inn Sagvågen og overnatta der.

Neste morgon blei vi møtt av nåkre karar frå det lokale kystlaget som sa pene ting om båten vår og gav oss ein nøkkel så vi fekk dussja oss. Dei tipsa oss og om eit båtbyggeri litt lenger ute i vågen, der vi kunne få hjelp for den øydelagde gaffelkloa vår. Og hjå "Skipstømraren" møtte vi velvillige og trivelege karar som lånte Jared verkty og kom med råd og tips. No er den nye kloa snart ferdig, i morgon skal ho monterast før vi breier ut vengane og vender baugspydet heimover att. Bergen neste!

fredag 23. april 2010

Problem solved...?



Etter at min nevenyttige ektemann fekk tak i ein plankebit, ei sag og ei boks med spiker, snikkra han saman ei brukandes naudløysing slik at vi fekk nytta storseglet likevel. Nattsiglinga gjekk føre seg utan store hendingar. Vinden var slett ikkje så bra som yr.no hadde lova oss, og store dønningar gjorde det umogeleg å søve for den som hadde fri. I halv åtte-tida om morgonen søkte vi ly i Rekefjorden, og hadde dermed kryssa grensa til Rogaland. Etter å ha sove til tidleg på ettermiddagen gjekk vi oss ein lang tur og handla litt mat.

I går (fredag) var vêrmeldingane så dårlege at vi eigentleg ikkje hadde tenkt oss ut. Vi var imidlertid ivrige på å komme oss vidare, og vinden var slett ikkje så ubrukeleg som var meldt. Vi hadde fin fart, og var freista til å halde fram og sigle heile natta. Det var imidlertid spådd at vinden skulle snu til rein motvind utover natta, så vi tok ikkje sjansen sidan det er få plassar å søke ly mellom Egersund og Stavanger dersom vêret blir umogeleg. Vi kom i havn i Sirevåg i går kveld, og no ventar vi på passande vind til å komme oss forbi Jæren. Det ser diverre ikkje ut til at det blir nokon sjanse før på sundag.

Vi har rusla langs stranda i Ognabukta og i det spesielle sanddyne-landskapet bak.

tirsdag 20. april 2010

Big problem



Då vi la ut frå Lillehavn i dagtidlig såg vi til vår store glede at vinden var ypperleg for å runde neset. Ikkje lenge etter var vi forbi og både bølgene og vinden puffa oss venlege i ryggen, nordover og heimover. Det såg ut til å kunne bli ein kjempedag, sjølvom det var grått (sikkert den såkalla "skrekkskya" eg las om på framsida til VG) og regna for første gong på turen. Å komme forbi Lista skulle ikkje vere noko problem, kan hende kunne vi ligge ein plass i nærleiken av Stavanger i natt! "Haha, vi er forbi Lindesnes, no kan ingenting stoppe oss!" jubla eg, rimeleg tøff i trynet. Det skulle eg jammen få angre.

Berre ein time seinare knakk eine tinden på gaffelen som held gaffelbommen (den seglet heng frå) inntil masta. Dette gjer at storseglet blir veldig vanskeleg å få opp og ned, og umulig å kontrollere. Med andre ord ubrukeleg.

Med storseglet i fatle tøffa vi oss inn til Listahavn. Her kunne vi konstantere at gaffelen hadde hatt ei sprekke frå før, som den fyrste eigaren har forsterka med to godt kamuflerte boltar. Det har halde i årevis, heilt til i dag, faktisk. Og berre så det er sagt: Vi trur ikkje at han vi kjøpte med ante noko om dette. Han brukte mest motor, og har nok ikkje saumfart siglingsutstyret.

Tilfeldigvis vart båten bygd nett her på Lista, og vi håpa derfor å finne ekspertisa og materiale til å få det fiksa. Vi blei sett i kontakt med ein pensjonert båtbyggar, som kjende att båten. Han hadde vore med på å byggje han i 1984. Dessverre er alle båtbyggeria her lagt ned, og maskinene er demonterte. Materiala importerte dei frå Danmark og Sverige, fortalte han oss, og her er ikkje noko att.

Så no sit vi her. Vi har blitt tipsa om at dei kanskje kan hjelpe oss på det moderne båtbyggeriet i Egersund, men vi har våre tvil. Planen er derfor å finne ein dertil egna trebit, og så får Jared prøve å lappe saman kloa så godt han kan. Vêrmeldingane viser at dersom vi ikkje kjem oss vidare i dag kan vi bli liggande til laurdag, så vi vil forsøke å nytte den gode vinden i kveld og i natt. Vi kan sigle med berre fokket og kliveren, og kun nytte det skadeskotne storseglet når det er forsvarleg.

Vi har forøvrig konkludert med at dette er ein dritdag. Og eg skal ikkje juble ein lyd meir før båten er på plass i Lausundhamna. Æresord.

Musesteg...



Det blei nokre dagar til i Mandal. Vi slo i hel tida så godt vi kunne; fleire rusleturar, mellom anna langs den fine stranda deira og inn i småskogen der det aula av kvitrande småfuglar og blomstrande kvitveis, eg har kjøpt meir lesestoff og vi var på kino og såg "Alice in Wonderland". Ein av dagane gjekk vi på fin resturant og kjøpte dessert og kaffidrikk. Eg åt noko som likna på ein pecan-pai, seinare såg eg eit skilt på utsida av resturanten som proklamerte at nett denne "dessert-pizzaen" var kåra til verdas beste i Las Vegas, 2008. Og god var han!

I går (mondag) hadde vi imidlertid fått nok byliv. Sjølvom vêrmeldingane ikkje var dei beste ville vi likevel gjere eit forsøk på å runde Lindesnes. I byrjinga såg det lovande ut, men så dreide vinden og vi måtte til å krysse. Sjølvom vi kryssa milevis inn og ut på sjøen og holdt på i 6 timar til, måtte vi skuffa innsjå at då kvelden kom hadde ikkje all kryssinga flytta oss noko særleg i det heile tatt i den retninga vi ville. Litt slukøyrde måtte vi tilbringa natta i Lillehavn, rett aust for spissen av Lindesnes.