torsdag 30. desember 2010

Extreme makeover, part 1






Då turen var over og vi hadde bodd ei stund i båten vår følte vi at vi byrja å kjenne han litt betre. Å halde ein slik båt i orden er ein heiltidsjobb, og ikkje uventa var det blitt mykje å ta igjen over dei siste åra. I tillegg ville vi gjere ein del ikkje heilt naudsynte, men ynskjelege, endringar både over og under dekk.

Etter at teakdekket var pussa og hadde fått fleire sjenerøse lag med kinesisk treolje tok vi til med det som hasta mest, nemleg sjølve skroget. Skroget var frå før dekka med fleire tjukke lakkstrøk. Fordelen med lakk er at ein har gode høve til å halde oppsyn med treverket og lettare kan oppdage fukt og råte. Mange meiner og at det er pent at treverket viser. Ulempa er at dersom lakken får ei lita skade og det lek inn nokre dråpar vaten hindrar han treverket i å tørke. Vi valde derfor å fjerne lakken og gi båten nokre strøk med tradisjonell linoljebasert måling.

Først måtte fleire lag med lakk fjernast. Båten blei med litt om og men satt på land på slippen på Longva, før den lange, tunge og keisame jobben med å pusse vekk lakken byrja. Vi fekk heldigvis låne pussemaskiner med pappa og Atle Longva, og pussa oss gjenom omkring 150 ark med pussepapir. Om noko var dei billege arka frå Biltema betre enn merkevarene.

Når lakken var vekk fekk skroget fire strøk med ei blanding av terpentin og rå linolje. Dette trekk inn i treverket og hindrar råte. Når denne hadde tørka var vi klare for måling. I "Ottar", eit blad som Tromsø Museum gjev ut, fann vi ei oppskrift på måling som dei nyttar på nordlandsbåtane sine. 2/3 kokt linolje + 1/3 terpentin blandast med like mykje fargepulver. Losbåtane var tradisjonelt kvite, så vi tinga titankvitt fargepullver frå Ekjord Farvehandel i Oslo.

Vi vart gledeleg overraska over dekkingsevna til målinga, og to strøk var nok. Han fekk og eit nytt lag med botnsmurning. I skøyten drista vi oss til ei småfrekk svart stripe. Dermed var skroget ferdeg, akkurat i tide til vinteren. Vi er særs nøgde med resultatet sjølve og gler oss til å lufte båten ordentleg i ny finstas!