lørdag 18. juni 2011

Den spede byrjinga




No har vi vore ein knapp veke i England og byrjer å komme i orden. Bilturen frå Gatwick til Poole gjekk fint. Vi stoppa litt over halvegs i ein ørliten by med det fengande namnet Sherfield English og overnatta på eit koseleg b&b. Etter ein masiv engelsk frukost var vi klare for å halde det gåande i timesvis.

Vi kom til Poole og fann utan store problem Salterns Yacht Marina der Thalia ligg. Yngste generasjonen av dei tidlegare eigarane Jonathan B. møtte oss der, og på trass av å ha ligge til sengs med lungebetendelse dagen før viste han oss fleire av båten sine finesser i berre t-skjorte medan det høljeregna og var ca +14.

Etterpå kjøyrde vi til The Dolphin kjøpesenter i sentrum og handla det mest naudsynte. Då vi kom attende haldt Jared fram med studiane av utstyret på dekk medan fruen skrubba kahytten frå dekk til tak, noko som kanskje sist blei gjort då båten var ny i 1935. Den natta sov vi som stein medan dei engelske bølgjene byssa oss.

Torsdag skulle vi eigentleg ut å prøvesigle med Michael B.,den eldre generasjonen av dei tidlegare eigarane. Det bles diverre kuling, og sidan hamna i Poole er veldig grunn utanom nokre få utmuddra kanalar, blei det til at vi utsette det foreløpig til måndag. Det blei difor ny biltur til sentrum der vi handla inn store mengder hermetikk. Denne skal systematisk prøvesmakast for å finne ut kva som dug som proviant. Vi spaserte og litt i byen, og Jared kjøpte seg ny gitar som testast med stor iver om kveldane til stor glede for resten av mannskapet.

I går måtte leigebilen leverast attende, og vi fekk testa Poole sitt busstilbod. I båten har Jared lempa ut ankerkjettingen som skal bytast ut, og byrja fjerning av gammal måling frammi. Både skrape og skumle kjemikalar nyttast. Folk har palmetre i hagane sine her, men det sør-engelske sommarveret vi gledde oss på let vente på seg. Vi har hatt ekte sunnmørssommar til no med mykje vind og skiftande ver, mest regn diverre. Etter ei spesielt fæl byge såg vi til vårt store vonbrot at det dryp inn fleire plassar. Heldigvis jobbar Jonathan B. som båtbyggjar på marinaen der vi ligg, så vi håper at Jared saman med han skal få båten potte tett før vi reiser.

Den kvelden kosa vi oss med en betre middag og dertil egna tilbehør på marinaens bar, og feira med dette at vi har vore for rette ektefolk å rekne i fem år.

Fleire bilete kan nytas på Eva sin facebookprofil i ei album som foreløpig heiter "England".

1 kommentar: