mandag 8. august 2011

Fine dagar i Frankrike




Her i Frankrike har vi kosa oss mykje! Etter å ha slappa av i Cherbourg nokre dagar var vi klare for ein ekspedisjon, og valet fall på St. Vaast (uttalast Sankt Va), ein liten by aust for Cherbourg. Siglinga dit gjekk kjempefint, og vi var framme på ettermiddagen ein gong. Vi ankra opp i bukta utanfor byen siden hamna var stengt. På grunn av den store skilnaden mellom flo og fjøre er hamnene i mange av dei mindre byane bygde nesten som sluser. Etter at Thalia var ankra og i orden tok vi jolla og rodde til Tatihou, ei lita øy utanfor byen som blir landfast når det er fjøre. Her fann vi fleire festningsverk, sauar, måsar og ein diger idyllisk hage. På veg attende til Thalia kunne vi vasse langt utover grunna og plukke blåskjell. Om kvelden rodde vi inn til byen og åt middag.
Då vi skulle attende var det blitt mørkt, og sjølvom vi hadde tent ankerlanterne før vi forlot Thalia, kunne vi ikkje finne ho. Vi rodde rundt i bekmørkre i over ein time, samstundes som alle dei store fiskebåtane var på veg ut med floa. Vinden auka og straumen ville gjerne ha oss med til havs, så til slutt fann vi det tryggast å komme oss i land på Tatihou igjen, som i mellomtida hadde blitt ei øy. Her overnatta vi i eit delvis nedlagt drivhus fullt med kaktus. Det regna og var mørkt og kaldt, men vi trøysta oss med at vi i alle fall hadde fulle magar.

Neste morgon var det sjølvsagt latterleg enkelt å finne Thalia. Vi var ombor igjen litt før 6 om morgonen og sov nokre timar til tidevatnet snudde slik at vi fekk han med oss mot Cherbourg. Det var deileg å komme "heim" til varm dusj og trygg småbåthamn!

Ein gong Jared og Tom var ute og spela musikk i ein park, kom dei i kontakt med nokre franske trillingar som inviterte oss på fest. Saman med meg og vårt nye mannskapsmedlem Nikolai frå Danmark troppa vi opp utanfor den fire-etasjes bygården der dei budde. Dei kunne fortelje at dei hadde spandert hotellrom på mora si, og alle etasjane var fulle med festande ungdomar. Trass i at vi var omkring ti år eldre enn alle andre hadde vi ein utrukig artig kveld der vi lærte ufine franske gloser og den makabre drikkeleiken "le petit Gregory".

No sit vi Granges litt lengre inn i landet der mine foreldre har leigd eit sommarhus med basseng saman med familien Hanken. Her har vi blitt traktert med ekte norsk brennsnut (med fransk vri), og kaker i lange baner. I kveld blir vi kjørt attende til Cherbourg, og i morgon skal vi handle det vi treng av mat for å krysse Biscaiabukta. Bon voyage!

1 kommentar: