fredag 19. august 2011

Koselege Cornwall




Ting gjeng sjølvsagt aldri etter planen. Første forsøket på å forlate Cherbourg måtte avbrytast etter at vind, tidevatten og bølger slett ikkje ville spele på lag. Det blei derfor nokre dagar til i Frankrike før vi våga oss utpå igjen. Denne gongen sikta vi på Cornwall, heilt sør-vest i Storbritania. Der er vi nemlig i ein betre posisjon når vi vil unngå Biscaiabukta på veg til Spania.

Turen over kanalen tok denne gongen fire dagar og tre netter. Veret var langt ifrå det beste. Karane var sjøsjuke og fruen sov omkring fire timar i løpet av overfarta. Dersom vi får liknande høve når vi set kursen sørover blir taktikken min å svime av av utmatting omkring dag fem, trur eg.

Det var derfor med stor glede vi kom fram til Cornwall, og etter nokre uhell fann vi til slutt byen vi leita etter, Falmouth. Den viste seg, noko overraskande, å vere eit populært turistmål i tillegg til eit vanleg utgangspunkt for siglarar på veg sørover. Vi er med andre ord i godt selskap. Karane nyttar trengselen til å tjene seg nokre grunkar som gatemusikantar, og treff rett som det er folk som er ute i same ærend. Då slår dei seg gjerne saman ein times tid, og søt musikk blir til.

Sjølv om vermeldingane framover ikkje er optimale når det gjeld vindretning, vil vi likevel gjere eit forsøk på å komme oss til Syden ein av dei næraste dagane. Å bli fanga nord for Biscaia i vinter er ikkje eit alternativ.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar