onsdag 31. august 2011

Biscaia: challenge accepted!




Vi forlot Falmouth i fint ver og med god vind. Første dagen gjekk utan store hendingar, det var likevel med litt sug i magen eg såg lysa frå Cornwall forsvinne under horisonten i skumringen. No kunne det gå over ei veke før vi såg land igjen.

Neste morgon sat dansken ved roret, og vi tre som låg under dekk vakna av rop om "delfin!" Vi skunda oss opp, og tett med båten svømte to store og ein liten delfin. Den lille spegla nøyaktig rørslene til mor si. Etter ei stund forsvann dei, men på ettermiddagen hadde vi pluttseleg omkring tjue delfinar som dansa og leika seg rundt båten i sola. Det var ei fantastisk oppleving, og eg trur det var fleire av oss som var litt blanke i augene medan vi gleda oss over selskapet.

Men det var ikkje berre idyll. Nokre dagar seinare bles det opp til stiv kuling eller liten storm, med bølger som var 7-8 meter. Til slutt var veret så gale at vi ikkje kunne sigle lenger, vi vart nødd til å legge bi og hive ut drivanker. I over eit døgn låg vi og rulla i bølgene. Både å lage varm mat og å sove var så godt som umulig. Neste morgon: Null vind, null bølger, strålande sol. Alle våte klede blei heve ut til tørk, og endeleg kunne vi få nokre timar på puta.

Det verkar som Biscaia meinte ho hadde herja nok med oss etter dette, og vi fekk fantastisk siglevind siste døgnet. Vi surfa av garde til lyden av gledesrop frå karane, når ei ekstra sterk bølge skubba oss av garde. Fruen tedde seg sjølvsagt roleg og verdig heile tida. Den kvelden hadde eg vakt og då det mørkna såg eg lys i horisonten. Ikkje navigasjonslysa til fiskebåtar eller frakteskip men kystfyr! Spania! Etter at eg gjekk av vakt kl 24. fekk eg nesten ikkje sove. Vi hadde vore uta i 8 dagar, eg var trøyt, mørbanka, svolten på mat som ikkje kom utav ei boks og akutt udusja.

Om morgonen når eg kom opp på dekk var vi så nære land at vi kunne sjå husa, men til min store frustrasjon hadde vinden døydd igjen. Vi knaska molefonkent gammal musli med langtidshaldbar melk til frukost, medan vi kunne lukte skogen på land. Det blei for mykje. På med motoren som vi ikkje hadde nytta ein einaste gang i Biscaia, og vi dura inn i La Corona. Her dusja vi som berre pokker, rusla gatelangs i fineveret og åt på ein dritdårleg og ein kjempefin resturant.

Kneika er passert. Vi er i Syden!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar