mandag 17. oktober 2011

Tilbake til Spania




Vestavinden kom ikkje. Posten, der i mot, kom etter kvart, bortsett frå ein pakke. Dette var ei to meter lang skinne som skal monterast på masta for å få opp eit stormsegl. Etter å ha gått 4km til postkontoret i Gibraltar frå Spania, gjennom passkontroll kvar dag i over ei veke, ringte Jared avsendaren og fikk FedEx sitt pakkenummer. Det viste seg at pakken hadde vore i Gibraltar i over ei veke. Etter å ha snakka med ei veldig uhjelpsom dame i pakkeluka blei vi bedne om å gå til FedEx sitt kontor. (Alle dei andre pakkane var og sendt med FedEx, og hadde likevel dukka opp på postkontoret.)

På kontoret til FedEx, som var på loftet til ei lagerbygning bak flyplassen, sat ein kar som hadde prøvd å ringe oss om pakken, som vi måtte fortolle. Telefonen hadde sjølvsagt vore slått av for å spare batteri. Vi fekk eit ark med fyren, og blei henvist til tollavdelinga som var i ei brakkebygning bak lageret, og for å komme dit måtte vi traske gjennom ein byggeplass i full aktivitet. På tollkontoret traff vi Willy. Han gav oss eit nytt (totalt uforståeleg) ark som måtte fyllast ut med tallkodar verken han eller vi hadde tilgang på. Han tipsa oss om eit kontor i første etasjen der dei kanskje kunne hjelpe oss for ein billig penge. Javel. Vi ned trappene og fann ei dame som aller nådigst kunne hjelpe oss for 15 GBP. Kvar var båten? Den ligg for anker i Spania. Er ikkje båten i Gibraltar? Nei, men vi skal ikkje importere denne skinna til Gibraltar, vi tek ho med oss så snart vi reiser. Men båten ligg ikkje i Gibraltar no? Nei. Sukk. Gå opp i andre etasje og snakk med Willy. Og Willy kleier seg i hovudet og snakkar litt på spansk med ein kolega som trekk på akslene og stempler papiret vårt. Så var det gjort!

Med skinna om bord set vi endeleg kursen inn i Middelhavet. Vestavinden har enno ikkje lat høyre frå seg, så vi kryssar sakte austover eit par dagar, til vinden finn det for godt å døy. Deretter følgjer tre døgn på speilblangt hav. Vi les, søv og badar litt i solsteika. Vi ser havskallpaddar. Småfuglar på veg til Afrika for vinteren tek ei velfortjent pause i riggen. Vi får fisk for fyrste gong sidan den engelske kanalen. Vi anar ikkje kva det er, men han liknar ørlitegrann på makrell, så vi tek sjansen. Han smakar litt som makrell og, og ingen av oss blei sjuke, så eg døyper han "mekrall".

Endeleg blir det vind att, men framleis frå aust. Planen for neste stopp var Formenterra, ei lita øy sør for Ibiza, men etter åtte dagar og inga von om betre vind retter vi kursen meir nord over og ender opp i Moraira i staden. Denne kjempefine lille byen ligg litt nord for Benidorm på Spnia sin austkyst. Her har vi kosa oss med fjelltur, strandtur og god mat. Lageret er igjen fullt med hermetikk, og i morgon set vi kursen mot Sardinia. I austavinden.

Fleire fine bilete kan nytast på Eva si Facebook-side.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar