fredag 4. november 2011

Italia, Italia!




På vegen mot Sardinia blei vi igjen råka av usamarbeidsvillig vind, og etter ei skikkeleg ekkel byge med lyn og torden søkte vi tilflukt på Mallorka. I den lille, stygge og krampaktig turistorienterte byen Sta. Rapita låg vi ei natt i turen sin dyraste marina (46 euro!) før vi nærast blei jaga der i frå då dei venta ei gruppe tyskera i større båtar som dei kunne skvise enda meir pengar utav.

Vi kryssa trottig vidare i motvinden, gjennom enda ei tordenbyge, før vi fire dagar seinare endeleg såg italienske fyr i horisonten. Sidan vinden ikkje egna seg til å halde fram mot Sisilia, satte vi kursen mot Isola de San Piedro, ei lita øy på vestkysten av Sardinia. Her la vi til i Marina Sifredi i øya sin einaste by, Carloforte. Eigaren Guiseppe Sifredi, som er på vår alder, ga oss ein kjempedeal. For 10 euro om dagen har vi uavgrensa tilgang på straum, vatten, internett og toalettfasilitetar.

Så er det berre å vente på brukandes vind. Igjen. Guiseppe forsikrar oss om at vindretninga vi har no er utypisk, men ho har vart over ei veke, og vermeldingane lover inga betring. Vi smører oss med tålmod, og prøver å slå i hel tida så godt vi kan. Første kvelden gjekk vi på pizzeria. Eg hadde gledd meg lenge på ekte italiensk pizza, og italiensk meny var ingen hindring. Eg følte meg verdsvant og dristig da eg på måfå peikte på eit namn. Det var berre pizza, kor gale kan det bli? Frykteleg gale. På pizzaen min låg det masse ekle, små slimete ansjosar. Eg prøvde å ete rundt, men heile greia smakte harsk fisk og svineri. Dama som jobba der forsto problemet og ba meg velge ein ny pizza gratis, men eg hadde heilt mista lysta. Slukøyrd gjekk eg der ifrå, og ba om engelsk meny neste gong. Det lønte seg!

Tredje dagen leigde vi scooter og utforska øya. I løpet av ein dag hade vi vore overalt, og sett attraksjonane som var merkte på turistkartet, stort sett naturformasjonar og eit no tomt fuglefjell. Dagen etter besøkte vi eit observatorium som og var merka. Det fekk vi vite seinare hadde vore stengt i to år. Vi fann imidlertid ville granateple utanfor og åt oss mette på dei, så heilt bomtur var det ikkje! I ei saltvattensmyr utanfor byen såg vi flamingo. Vi er i ferd med å bli stamgjestar på ein av dei få kafeane som held ope i lavsesongen, og i går var vi innom byens lille bibliotek og lånte ein av dei åtte DVD'ane dei hadde der. Eg fann og ei bok på engelsk.

I dag fann Jared til si store glede laks i "fersk"varedisken på butikken. Litt for seint såg vi at han hadde reist like langt som oss for å kome hit. Jaja. Han har sikkert ikkje brukt like lang tid, så i dag blir det skikkelig norsk middag: fisk og poteter!

1 kommentar:

  1. Dere er på seiltur og kjøper norsk laks i butikken?? :D

    Godt dere koser dere!

    SvarSlett