tirsdag 15. november 2011

I fare for å gro fast?

Den utypiske vinden frå sør-aust har ikkje endra seg, og vi har så smått fosona oss med at vi blir i Italia ei stund. Folk har byrja å nikke til oss i gatene her i byen, og på kafeen vi gjestar oftast veit dei kva vi skal ha. Veret er langt betre enn det var ei stund, no har vi stort sett sol og gradestokken er av og til opp i mot 20 grader.

Sist helg var vi ein tur til Cagliari. Vi tok ferga over frå Carloforte til Portovesma på Sardinia, og var så heldige å få haik et stykke av vegen. Etter at mange hadde susa forbi oss med stivt blikk, var det til slutt ein gamal kar med tydeleg leddgikt i hendene som stoppa og plukka oss opp. Han snakka til vår store glede svært godt engelsk, og fortalte at han hadde gått på college i Vancouver på 50-talet. No var han 86 år, og hadde nett byrja å lære seg tjekkisk. Problemet var berre at han var svært tunghøyrd, men Jared klarte likevel å kommunisere godt med han, med hjelp av repetisjon og utestemme. Ved ein liten by omtrent halvvegs mellom Portovesma og Cagliari slapp han oss av midt på motorvegen etter å ha kjøyrt forbi avkjørselen sin. Så tok han ein kjekk u-sving, kjøyrte mot kjøyreretninga medan andre trafikantar fløyta og svinga unna, og smatt ned avkjøyrselen og ut av syne. Storaugde og med litt veike kne skunda vi oss av motorvegen og rusla til neste by der ein triveleg engelskmann viste oss vegen til togstasjonen.

Vel framme i Cagliari tok Jared meg med på kleshandel(!). I nye antrekk møtte vi Michelle, ein sofasurfer (for meir info sjå couchsurfing.com) som vi hadde avtalt å møte. Han tok oss med på ein triveleg pub og fortalte oss litt om Sardinias historie før han skunda seg videre til ein anna avtale. Vi fann ein spanande huleresturant der eg åt indrefilet av hest, før vi la i veg på ei ørlita pub-til-pub-runde. Då det blei leggetid var diverre vandrerheimen i byen stengd for natta, så Jared spanderte på strak arm firestjerners hotell på madammen (å nei, å nei). Det var heldigvis ikkje alt for dyrt. Det var fyrste gongen vi sov i ei seng som sto still sidan ein b&b på veg til Poole i juli.

Det er for gale at kameraet låg att i båten. Vi tek sjølvkritikk og lovar bot og betring.

1 kommentar:

  1. Hei !Takk for kortet! Det er jamen artig å følgje med på ekspedisjonen ,sjøl om misunninga av og til melder seg .Her oppe i nord har vi nett hatt lengste fineversperioden for heile hausten(5 dagar med berre litt regn!)No er alt normalt att.Elles går livet sin skeive gang i Pegarden.Vert det for lenge å vente på bør får dokke heller prøve å plystre eller slå mynt i mastra.God tur vidare i alle fall!
    Atle

    SvarSlett