torsdag 24. november 2011

Nea polis ("Ny by" paa gresk)




Siste dagen min i Roma koste eg meg i ein kjempefin park som heitte Villa Borghese, foer eg tok ettermiddagstoget mot Napoli. Eg hadde litt sommerfuglar i magen, for alle eg hadde snakka med i Roma sa at Napoli var eit tjuvereir fult med veskenapparar og taskenspillarar.

Eg var framme i 21-tida om kvelden, og avtalen var aa ringe Maura, min sofasurfarvert den kvelden, og faa forklart vegen vidare. Skrekk og gru! Telefonnummeret fungerte ikkje, og stasjonen toemtes raskt for alle som ikkje budde der fast. Fortvilt proevde eg aa laste opp ei internettside med telefonnummeret paa den ubrukelege mobilen min som laaste seg heile tida. Etter aa ha maatta bruk utestemme og skubbing paa ein gamal tiggar med en fael verkebyll i andletet var eg klar for aa praie ein taxi og komme meg til eit hotell. Daa kom eg paa at eg hadde nummeret til Marta, som eg skulle bu med natta etter.

Og Marta kom, som ein reddande engel, og henta meg paa stasjonen. Ho losa meg gjennom smug og bakgater fulle med klesvask, altertavler og hoegroeysta italienarar til leiligheta ho delte med tre andre. Lat meg berre seie at norske studentar som faar over 6000kr i maanaden skulle hatt seg en tur og sett korleis andre studentar har det. Der moette eg Jan Paul og David, som var klar med soendagsmiddagen dei henta med mora til JP kvar helg. Det var litt vanskeleg aa settje seg ned med lommene fulle med oljepengar, men maten var god og selskapet uovertruffent.

Dagen etter tok eg den obligatoriske turen til Pompeii. Paa togturen dit kom eg i prat med ein kar som advarte meg mot det spanske kvarteret i Napoli. Berre mafia og lommetjuvar, sa han. Pompeii er diger, heldigvis faar ein utdelt kart og guidebok med billetten. Dei var diverre tom for engelske guideboeker, saa der fikk eg bruk for skuletysken min. Takk Karlsbakk!

Attende i Napoli moette eg Maura (som eg skulle ha budd med foerste natta). Ho jobba som laerar i barneskulen nettopp i det spanske kvarteret som eg hadde blitt advara mot. Eg er veldig gla for at ho viste meg rundt der. "Dei som bur her er ikkje onde", fortalte ho, "dei er kriminelle familiar med smaa barn". Fleire av ungane kom springande for aa helse paa laeraren sin. Etterpaa peika ho ut ein liten gut med ein fotball og soester og sa at dei var arvingane til byens mektigaste mafiafamilie. Sproett. Etterpaa gjekk vi til byens beste pizzeria, og ho tok meg med paa ei oeving med inprovisert teater, som var overraskande lite korny. Oevelsane dei gjorde skulle trene konsentrasjon og snartenktleik, og egna seg ypperleg som drikkeleikar, trur eg.

Siste dagen viste Marta meg "Eggefortet", eit fort der forteljingane seier det er gjoeymt eit egg ein plass. Hvis dette egget knuser, vil Napoli oeydeleggjast. Ikkje saa utrulig med Vesuv saa naer... Den kvelden moette eg Katarzyna, ein sofasurfar som hadde lova aa ta meg med til ein typisk napolitansk resturant. Ikkje uventa laag han i det spanske kvarteret. "Kelnerane" sprang rundt og skreik til kvarandre og han paa kjoekenet, skremte inn ein kar med gitar som spelte nokre strofer foer han stakk, ga oss noko anna enn det vi tinga (som vi aat, uten aa kny)og etter tredje gongen vi etterlyste vinen small det plutseleg rett ved oeyra mi. Kelneren hadde aapna flaska og gliste noegd meda dei andre gjestane flira. Matern var berre ok, men det var ei uforgloeymeleg oppleving, og utan tvil den mest utmattande middagen eg nokon gong har ete!

Etter litt styr med undergrunnsbanetog (i all verda det heiter paa norsk, da?) som ikkje kom (heilt normalt, forsikra Marta meg), var eg paa nattogget mot Palermo.

1 kommentar:

  1. Hoi! Blir nesten sliten av å lese jeg. Og dypt imponert over hvor tøff du er! :D

    SvarSlett