torsdag 24. mai 2012

Ved Hanibals porter


Hadde det vore opp til meg så skulle vi ha blitt verande på Pantelleria til vi skulle heim, men vi hadde ein avtale i Tunisia. Venen vår, Mark, kom flygande frå USA til hovudstaden Tunis, og vi skulle møte han på flyplassen. I Tunisia har dei ein teneste der minibussar gjeng i rute mellom dei større byane. Desse blir kalla ”loage”, er rimelege og køyrer frå eigne stasjonar så snart der er åtte passasjerar på plass.  Etter å ha bytta loage i Souse var vi framme i Tunis etter to timar. Mark, som hadde lettare tilgang på internett enn oss, hadde tinga rom på Hotel Ibis. Det viste seg at dette hotellet berre hadde vore ope i tre månadar, noko som gjorde at drosjesjåføren vår ikkje visste kvar det var. Det hindra han ikkje i å leite på måfå ei stund medan taksameteret gjekk. Hotellet var derimot  ei gledeleg overrasking, nytt og moderne med blide og hjelpsame damer i resepsjonen. Serleg kosa eg meg med privat bad, og dusja så spruten stod alle vegar både vel og lenge.

Sidan det tilfeldigvis var bursdagen min tok vi drosje til restaurantområdet La Goulette, og åt steinbukk på den fjonge restauranten Cafè Vert. Deretter kula vi egget på hotellrommet før vi tok ny drosje til flyplassen. Drosjer er veldig billege i Tunisia. Frå hotellet til flyplassen, om lag 20 minutt, kosta det fem dinar som rundt rekna er 25 kroner. Ein må likevel vere obs på skurkaktige sjåførar som ikkje bruker taksameteret (dei seier ofte det ikkje verkar), for så å krevje mangedobla pris av intetanande turistar. Då vi etter å ha møtt Mark kom ut frå flyplassen dreiv sjåførane klappjakt på turistar. Vi blei nærast jaga inn i ein ventande bil, noko som viser seg å vere vanleg prosedyre,  der ein svartmuska kar med eit sjølvsikkert sleipt smil fortalte at det kosta 25 dinar å kjøre drosje i Tunis om natta. Væpna med tips frå vår skotsk-arabiske skipshandlar kunne vi heldigvis berre flire og klatre inni den neste drosja, der sjåføren slo på taksameteret sitt medan han kjefta høglydt på vår ekssjåfør som energisk ropte ”Ok, 20 dinar!” etter oss.

Med ein amerikansk turist med på laget hadde vi ei orsaking til å koste på oss litt turistering vi og. Dagen etter tok vi lokaltog, noko som var ei oppleving i seg sjølv, til det tidlegare kunstnar- og bohemreiret Sidi Bou Saïd. Denne vesle byen er namngjeten for sine vakre kvite og blå hus, og høve til å kjøpe maleri og anna frå kunstnarar som held stand. Etter  ha rusla rundt ei stund og kunn sett små turistsjapper med masseproduserte suvenirar, sat vi kursen mot Kartago i staden. Kartago var som de sikkert alle saman veit godt den store konkurrenten til det gamle Roma. Hanibal  (nei, ikkje kanibalen) kom der i frå. Då Romerriket endeleg klarte å nedkjempe kartagarane var dei så skremte at dei ikkje let stein stå oppå stein i byen, og salta jorda omkring for at riket aldri skulle kunne truge dei igjen. Det er derfor ikkje så frykteleg mykje å sjå av gamle Kartago.

Vi fann derimot etter litt strabasar eit arkeologisk museum og ruinar etter ein gammal romersk villa. Der stod et ein blid kar som gjerne ville vise oss rundt på området. Etter at han hadde fortalt oss nokre meir eller minder truverdige fakta og tømt vatten på nokre flotte mosaikkar for å få fram fargane betre, lurte han Jared med seg bak ein mur. Der grov han fram hovudet av ei gamal keisarleg statue, og tilbaud å selje det for 300 dinar (ca 1500 kr). Jared hadde heldigvis vet til å takke nei. Men då han tok nokre gamle myntar ut av lomma og lurte på om vi var interesserte i dei, blei freistinga for stor for Mark og meg, så vi kjøpte ein kvar for 25 dinar. Orsakinga mi for å smugle ein liten bit av Tunisia si kulturarv ut av landet er at eg reknar med å verdsette den meir enn dei, og alle som vil skal få sjå mynten. Dessutan er ikkje mynten tunisisk, han er romersk. Og å lure med seg funn ut av landet er ein gamal arkeologskikk. Såh deh… Uansett, etter at han hadde vist oss vegen til utgangen spurte han om nokre dinar for omvisninga, sjølv om han allereie var 50 dinar rikare. I det vi forlet staden, høyrte vi at dei andre arabarane som hang rundt billettluka kalla han Ali Baba. Herleg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar