lørdag 24. september 2011

Portugal, Porto og portvin!



I Porto hadde vi fine dagar! Første kvelden gjekk vi tradisjonen tru på leiting etter ein resturant for eit betre måltid. Etter å ha sett eit pussig skilt endte vi opp hos Senhor Abade (Herr Abbot). Her fekk vi turens til no beste mat. S. Abade betrudde oss tidleg at han ikkje var utdanna kokk, men han hadde på eiga hand studert og fordjupa seg i mellomaldersk matkultur. Han kunne garantere at det vi fekk servert med han ville vi ikkje finne nokon anna plass. Her er menyen: Jared- Svartgrilla torsk med ris, bønner og saus, krydderkake til dessert. Tom: Grilla svineribbe med bønner og brødbitar kokt i melk, skinkepudding til dessert. Eva: Villsvinribbe med ris, bønner og brekkbønner, eggerøre med mandlar til dessert. Og alt var overmåte godt! Til og med skinkepuddingen, som ikkje smakte skinke, men var som ein fast karamellpudding med brent sukkersaus, og eggerøra som minna meir om glasuren på luksuskake enn det eg er vand med å få i lag med røykelaks. I det vi gjekk spurte vi han om kva vi burde prøve av tradisjonell portugisisk mat. Han rista på hovudet og sa at den ikkje var verd å prøve. Merkeleg antireklame for eigen matkultur, tenkte eg.

Nokre dagar etter leigde vi syklar og tok turen opp elva til gamlebyen. Her er det alle dei gamle portvinhusa held til, og alle tilbaud omvisning og prøvesmaking for ein billeg penge. Det blei nokre slike. I tillegg til å lære mykje om portvin, kunne vi og konkludere med at dei fleste omvisarane hadde tøysete tendensar, uten at det gjorde dei mindre kunnskapsrike. Kanskje heller tvert i mot. Kvelden blei avslutta med nydeleg paella (som er spansk, så langt hadde vi ikkje motbevist S. Abade angående potugisisk mat), før vi sykla heimover. På vegen måtte vi ned ein bratt bakke med fine små resturantar streika bakbremsene mine. Eg hogg instiktiv til med frambremsene, resultatet blei at bakhjulet flau opp i lufta og reiv med seg en kelner. Han blei faktisk sur. Ærleg talt.

Neste stopp blei Casais. Tom har vore plaga med sporadisk sjøsjuke heile turen, men mellom Porto og Casais blei han skikkeleg dårleg. Vi mista alle tellinga over kor mange ganga han brølte fånyttes etter elgen, og da vi kom i hamn fortalte han at han rengte ei pause. Ei lang pause. Dermed tok Tom fatt på landstrykerlivet, med planar om å møte oss lenger aust ved eit seinere høve.

Men først måtte vi ha ein siste middag ilag. Vi fann ein liten resturant som tilbaud tradisjonell portugisisk mat. Eg var godt fornøgd med dei grilla sardinene mine, men Jared stirra vantru på sin såkalla portugisiske stuing. På ei seng av ris og gråkokt kål låg ein bit hardt og tørrt svinekjøt, forskjellige pølsebitar og noko som såg ut som ei hudfille. Denne la han resolutt på rusketalerkenen og dekka han til med ein serviett. Etter å ha prøvesmakt på pølesebitane kunne han fortelle at der ikkje var brukt noko krydder, fleskepøla smakte berre flesk og blodpølsa smakte berre blod. "Eg kan kanskje ete risen", sa han forsiktig. Etter kraftig oppmoding fra sine bordfeller gjekk han inn for å klage. Kokken tok det ille opp og sa bryskt at det ikke var noko feil på maten. Det kunne så vere, sa Jared, men eg likte han ikkje, og vil ikkje ete han. "And what the fuck is this?" Skinnfilla viste seg å vere ei kokt griseøyre. Takk for maten. Senhor Abade, du hadde heilt rett!

lørdag 10. september 2011

Sørover, sørover!



Vi fann oss fort til rette i La Coruna. Dansken var imidlertid sugen på å snakke morsmålet sitt, og gjekk på leiting etter landsmenn. Dette var uventa lett, sidan hamna hadde ein stor del skandinaviske båtar. Den kvelden hadde vi mannskapet til to danske båtar på besøk til middag, og det var reineste landturen på brygga. Begge båtane var på veg sørover med planar om å krysser Atlanteren til Karibien. Den eine var fire unge menn, den andre to tøysete karar som hadde solgt leiligheta si og kjøpt ein diger og flott seglbåt for å leve draumen. Det kom vel litt brått på oss alle då Nicolai fortalte at han hadde fått plass ombord, og at dei skulle reise neste morgon. Han hadde nemt før at han kanskje ville sjå seg om etter ein båt som skulle over havet når vi kom lengre sør, og når sjansen baud seg, så tok han den. God tur, Nicolai!

Vi andre blei liggande nåkre dagar og vente på betre vind. Tida nytta vi til å gjeste nåkre av attraksjonane i byen, "Herkules' tårn", det eldste fyrtårnet i Europa som framleis er i bruk, og den gamle festninga i hamna.

Til slutt var høva brukbare, og vi satte avgarde. Vinden var som vanleg varierande, stort sett motvind som vi måtte krysse i. Våre venar, delfinane, slo følge på vegen. Særleg er det flott om natta, når du berre høyrer eit pes i det dei kjem opp etter luft, for så å forsvinne i ei sky av moreld ned i djupet. Ei av nettene låg vi fo anker utanfor ein liten fiskelandsby som heitte Finisterra, "Verdas Ende". Hamneguiden vå kunne fortelje at dette var den antikke verda sin nordvestlegaste utpost. Det var fint å kunne sitte i sola og fundere på korleis det såg ut der då. Eit møtepunkt mellom spanske gallerar og greske eller romerske handelsmenn?

Den iberiske halvøya si vestlege kystlinje er og kjend for mykje tåke, noko som gjer at fyr og lykter kan vere vanskelege å få auge på. Vi kom oss imidlertid (med ørlite hjelp av motoren) i hamn i Leixoes, ein av hamnebyane til Porto i Portugal.

onsdag 31. august 2011

Biscaia: challenge accepted!




Vi forlot Falmouth i fint ver og med god vind. Første dagen gjekk utan store hendingar, det var likevel med litt sug i magen eg såg lysa frå Cornwall forsvinne under horisonten i skumringen. No kunne det gå over ei veke før vi såg land igjen.

Neste morgon sat dansken ved roret, og vi tre som låg under dekk vakna av rop om "delfin!" Vi skunda oss opp, og tett med båten svømte to store og ein liten delfin. Den lille spegla nøyaktig rørslene til mor si. Etter ei stund forsvann dei, men på ettermiddagen hadde vi pluttseleg omkring tjue delfinar som dansa og leika seg rundt båten i sola. Det var ei fantastisk oppleving, og eg trur det var fleire av oss som var litt blanke i augene medan vi gleda oss over selskapet.

Men det var ikkje berre idyll. Nokre dagar seinare bles det opp til stiv kuling eller liten storm, med bølger som var 7-8 meter. Til slutt var veret så gale at vi ikkje kunne sigle lenger, vi vart nødd til å legge bi og hive ut drivanker. I over eit døgn låg vi og rulla i bølgene. Både å lage varm mat og å sove var så godt som umulig. Neste morgon: Null vind, null bølger, strålande sol. Alle våte klede blei heve ut til tørk, og endeleg kunne vi få nokre timar på puta.

Det verkar som Biscaia meinte ho hadde herja nok med oss etter dette, og vi fekk fantastisk siglevind siste døgnet. Vi surfa av garde til lyden av gledesrop frå karane, når ei ekstra sterk bølge skubba oss av garde. Fruen tedde seg sjølvsagt roleg og verdig heile tida. Den kvelden hadde eg vakt og då det mørkna såg eg lys i horisonten. Ikkje navigasjonslysa til fiskebåtar eller frakteskip men kystfyr! Spania! Etter at eg gjekk av vakt kl 24. fekk eg nesten ikkje sove. Vi hadde vore uta i 8 dagar, eg var trøyt, mørbanka, svolten på mat som ikkje kom utav ei boks og akutt udusja.

Om morgonen når eg kom opp på dekk var vi så nære land at vi kunne sjå husa, men til min store frustrasjon hadde vinden døydd igjen. Vi knaska molefonkent gammal musli med langtidshaldbar melk til frukost, medan vi kunne lukte skogen på land. Det blei for mykje. På med motoren som vi ikkje hadde nytta ein einaste gang i Biscaia, og vi dura inn i La Corona. Her dusja vi som berre pokker, rusla gatelangs i fineveret og åt på ein dritdårleg og ein kjempefin resturant.

Kneika er passert. Vi er i Syden!

fredag 19. august 2011

Koselege Cornwall




Ting gjeng sjølvsagt aldri etter planen. Første forsøket på å forlate Cherbourg måtte avbrytast etter at vind, tidevatten og bølger slett ikkje ville spele på lag. Det blei derfor nokre dagar til i Frankrike før vi våga oss utpå igjen. Denne gongen sikta vi på Cornwall, heilt sør-vest i Storbritania. Der er vi nemlig i ein betre posisjon når vi vil unngå Biscaiabukta på veg til Spania.

Turen over kanalen tok denne gongen fire dagar og tre netter. Veret var langt ifrå det beste. Karane var sjøsjuke og fruen sov omkring fire timar i løpet av overfarta. Dersom vi får liknande høve når vi set kursen sørover blir taktikken min å svime av av utmatting omkring dag fem, trur eg.

Det var derfor med stor glede vi kom fram til Cornwall, og etter nokre uhell fann vi til slutt byen vi leita etter, Falmouth. Den viste seg, noko overraskande, å vere eit populært turistmål i tillegg til eit vanleg utgangspunkt for siglarar på veg sørover. Vi er med andre ord i godt selskap. Karane nyttar trengselen til å tjene seg nokre grunkar som gatemusikantar, og treff rett som det er folk som er ute i same ærend. Då slår dei seg gjerne saman ein times tid, og søt musikk blir til.

Sjølv om vermeldingane framover ikkje er optimale når det gjeld vindretning, vil vi likevel gjere eit forsøk på å komme oss til Syden ein av dei næraste dagane. Å bli fanga nord for Biscaia i vinter er ikkje eit alternativ.

mandag 8. august 2011

Fine dagar i Frankrike




Her i Frankrike har vi kosa oss mykje! Etter å ha slappa av i Cherbourg nokre dagar var vi klare for ein ekspedisjon, og valet fall på St. Vaast (uttalast Sankt Va), ein liten by aust for Cherbourg. Siglinga dit gjekk kjempefint, og vi var framme på ettermiddagen ein gong. Vi ankra opp i bukta utanfor byen siden hamna var stengt. På grunn av den store skilnaden mellom flo og fjøre er hamnene i mange av dei mindre byane bygde nesten som sluser. Etter at Thalia var ankra og i orden tok vi jolla og rodde til Tatihou, ei lita øy utanfor byen som blir landfast når det er fjøre. Her fann vi fleire festningsverk, sauar, måsar og ein diger idyllisk hage. På veg attende til Thalia kunne vi vasse langt utover grunna og plukke blåskjell. Om kvelden rodde vi inn til byen og åt middag.
Då vi skulle attende var det blitt mørkt, og sjølvom vi hadde tent ankerlanterne før vi forlot Thalia, kunne vi ikkje finne ho. Vi rodde rundt i bekmørkre i over ein time, samstundes som alle dei store fiskebåtane var på veg ut med floa. Vinden auka og straumen ville gjerne ha oss med til havs, så til slutt fann vi det tryggast å komme oss i land på Tatihou igjen, som i mellomtida hadde blitt ei øy. Her overnatta vi i eit delvis nedlagt drivhus fullt med kaktus. Det regna og var mørkt og kaldt, men vi trøysta oss med at vi i alle fall hadde fulle magar.

Neste morgon var det sjølvsagt latterleg enkelt å finne Thalia. Vi var ombor igjen litt før 6 om morgonen og sov nokre timar til tidevatnet snudde slik at vi fekk han med oss mot Cherbourg. Det var deileg å komme "heim" til varm dusj og trygg småbåthamn!

Ein gong Jared og Tom var ute og spela musikk i ein park, kom dei i kontakt med nokre franske trillingar som inviterte oss på fest. Saman med meg og vårt nye mannskapsmedlem Nikolai frå Danmark troppa vi opp utanfor den fire-etasjes bygården der dei budde. Dei kunne fortelje at dei hadde spandert hotellrom på mora si, og alle etasjane var fulle med festande ungdomar. Trass i at vi var omkring ti år eldre enn alle andre hadde vi ein utrukig artig kveld der vi lærte ufine franske gloser og den makabre drikkeleiken "le petit Gregory".

No sit vi Granges litt lengre inn i landet der mine foreldre har leigd eit sommarhus med basseng saman med familien Hanken. Her har vi blitt traktert med ekte norsk brennsnut (med fransk vri), og kaker i lange baner. I kveld blir vi kjørt attende til Cherbourg, og i morgon skal vi handle det vi treng av mat for å krysse Biscaiabukta. Bon voyage!

mandag 1. august 2011

Goodbye England, bonjour Francè!




I skrivande stund sit eg på ein internet-cafè i Rue au Blè i Cherbourg. Turen over kanalen gjekk utan dramatikk, sjølvom vi endte opp med motorhavari og total vindstille midt i eit av dei mest rafikkerte havsterkka i verda. Vi kom roande inn i Cherbourg hamn tidleg på ettermiddagen etter to døger på sjøen. Reisa frå England til Frankriket tok oss også frå haust til sommar vêrmessig. Her kosar vi oss i 25+ og sol med små koselege kafear, resturantar og botiquear.

I går var eg og Siv ein dagstur til Bayeux og såg det omgjetne "veggteppet" som er eit 70 meter langt og nesten 1000 år gamalt broderi som fortel historia om då Vilhelm erobra England. I Bayeux har dei og ein kjempefin katedral som vi beundra.

No er motoren i orden og vi har bunkra vatten og handla proviant. Vi skal loffe langs den franske kysten til komande helg, då reiser Siv heim, og vi venter gjesting av familien som er i landet på ferie.

Sjå fleire bilete på Eva sin facebook-profil i albuma "England" og "Frankrike".

fredag 22. juli 2011

Wales og søt musikk!




Sist Jared var i Storbritania spela han inn fleire sjølvkomponerte songar ved eit studio i Wales. Sidan vi var i landet leigde vi ein bil og tok turen til Phill og Jane sitt studio i Llanfyllin. Der blei vi gjestfritt innkvartert i ein noko sleten mobile home. I denne traileren budde allereie wales' største edderkoppar, heldigvis gjorde min ridder i skinnande rustning, Tom (!) kort prosess ved hjelp av joggeskoen min.

Karane nytta kveldane til øving og dagane til innspeling, medan eg spaserte når veret var fint og sat inne og las når vere var dårleg. Sangane blir snart å finne på Jared si myspace-side: http://www.myspace.com/jaredmcclune

Turen sit høgdepunk for meg var då Jared bykste ut av bilen, greip ein halvvaksen fasan og sleit hovudet av han med berre nevane. Sidan eg har jobba litt i ein slakterbutikk fekk eg oppgåva å sløye (eller kva no det heiter når det gjeld fugl) og ribbe kreket, før det vart smugla over grensa til England for å ende opp i Tom sin fasanstuing. Nydeleg!

Ellers har materiala vi har venta på i vekesvis endeleg komme. Noko var sjølvsagt feil, men skipperen har bestemt at vi ikkje har tida å vente lenger. Vi klarer oss derfor med det vi har fått tildelt, og cockpitten er nesten ferdig. I dag var vi på bytur og henta segla våre med seglmakaren og mi studievenninDe Siv på Poole Station. Mannskapet er dermed komplett, og vi håper å kunne sette segl sydover om eit par dagar. Slik vermeldingane ser ut no, kan det hende vi set kursen rett mot Frankrike. Endeleg.