tirsdag 20. april 2010

Big problem



Då vi la ut frå Lillehavn i dagtidlig såg vi til vår store glede at vinden var ypperleg for å runde neset. Ikkje lenge etter var vi forbi og både bølgene og vinden puffa oss venlege i ryggen, nordover og heimover. Det såg ut til å kunne bli ein kjempedag, sjølvom det var grått (sikkert den såkalla "skrekkskya" eg las om på framsida til VG) og regna for første gong på turen. Å komme forbi Lista skulle ikkje vere noko problem, kan hende kunne vi ligge ein plass i nærleiken av Stavanger i natt! "Haha, vi er forbi Lindesnes, no kan ingenting stoppe oss!" jubla eg, rimeleg tøff i trynet. Det skulle eg jammen få angre.

Berre ein time seinare knakk eine tinden på gaffelen som held gaffelbommen (den seglet heng frå) inntil masta. Dette gjer at storseglet blir veldig vanskeleg å få opp og ned, og umulig å kontrollere. Med andre ord ubrukeleg.

Med storseglet i fatle tøffa vi oss inn til Listahavn. Her kunne vi konstantere at gaffelen hadde hatt ei sprekke frå før, som den fyrste eigaren har forsterka med to godt kamuflerte boltar. Det har halde i årevis, heilt til i dag, faktisk. Og berre så det er sagt: Vi trur ikkje at han vi kjøpte med ante noko om dette. Han brukte mest motor, og har nok ikkje saumfart siglingsutstyret.

Tilfeldigvis vart båten bygd nett her på Lista, og vi håpa derfor å finne ekspertisa og materiale til å få det fiksa. Vi blei sett i kontakt med ein pensjonert båtbyggar, som kjende att båten. Han hadde vore med på å byggje han i 1984. Dessverre er alle båtbyggeria her lagt ned, og maskinene er demonterte. Materiala importerte dei frå Danmark og Sverige, fortalte han oss, og her er ikkje noko att.

Så no sit vi her. Vi har blitt tipsa om at dei kanskje kan hjelpe oss på det moderne båtbyggeriet i Egersund, men vi har våre tvil. Planen er derfor å finne ein dertil egna trebit, og så får Jared prøve å lappe saman kloa så godt han kan. Vêrmeldingane viser at dersom vi ikkje kjem oss vidare i dag kan vi bli liggande til laurdag, så vi vil forsøke å nytte den gode vinden i kveld og i natt. Vi kan sigle med berre fokket og kliveren, og kun nytte det skadeskotne storseglet når det er forsvarleg.

Vi har forøvrig konkludert med at dette er ein dritdag. Og eg skal ikkje juble ein lyd meir før båten er på plass i Lausundhamna. Æresord.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar