tirsdag 27. april 2010

Det går likar no!




Sundag 25. fekk vi endeleg medvind, og for ein vind! På grunn av dei store dønningane turde vi ikkje å nytte det handikappa storsiglet vårt så mykje, likevel fauk vi av garde nordover berre med kliver og fokk i vinden. Vêret var fint og stemninga god. Det var deilig å endeleg vere på farta igjen etter å ha lege i ro og trippa utålmodig to heile dagar. Vi var inne på tanken å sigle heile natta, men då vi nærma oss Karmøya løya vinden så mykje at vi kom fram til at det ikkje var verd det. Den natta låg vi i Skudeneshavn, som er ein bedårande liten by vi gjerne kjem attende til.

Morgonen etter var det mykje skodde og regn, og då vi kom ut i Skutenesfjorden var der nesten ikkje vind heller. Meldingane hadde lova oss medvind heimover, så vi heiste litt molefonkne storseglet og håpa på det beste. Inni foldane i seglet hadde ei diger humle søkt ly for regnet. Ho var så kald og våt og pjuskete i pelsen at vi tok ho med inn så ho fekk tørka og varma seg litt. Vi baud ho på bihonning som ho stakk den longe tunga si i et par gongar, så brumla ho i veg mot land mellom regnbygene. Dagen gode gjerning!

Då vi kom inn i Karmsundet friskna heldigvis vinden og vi passerte brua og Haugesund med fin fart. Nord for Karmøya vart vinden enno betre, og vi rett suste avgarde. Utover kvelden minka han att og da vi kom inn i Stokkesundet mellom Stord og Bømlo var vinden så svak og tåka så tett at vi, litt på impuls, svinga inn Sagvågen og overnatta der.

Neste morgon blei vi møtt av nåkre karar frå det lokale kystlaget som sa pene ting om båten vår og gav oss ein nøkkel så vi fekk dussja oss. Dei tipsa oss og om eit båtbyggeri litt lenger ute i vågen, der vi kunne få hjelp for den øydelagde gaffelkloa vår. Og hjå "Skipstømraren" møtte vi velvillige og trivelege karar som lånte Jared verkty og kom med råd og tips. No er den nye kloa snart ferdig, i morgon skal ho monterast før vi breier ut vengane og vender baugspydet heimover att. Bergen neste!

1 kommentar:

  1. Hei
    Gi lyd når dere er i Bergen, så skal jeg komme og lage imponerte lyder over båten deres:)

    SvarSlett