tirsdag 13. april 2010

Førrbannja anker-skit!


Då eg avslutta forrige innlegg var eg lukkeleg uvitande om korleis gårsdagen skulle ende. Vi kom til Auesøya, der vi hadde planlagt å ligge om natta, rett før sola gjekk ned. Ein kombinasjon av kommande nattemyrkre, for kort ankerkjetting og fortøyningstau, mangel på lettbåt og lite manøvreringsplass, gjorde at vi gav opp heile ankringsprosjektet ca kl 1. Då hadde vi bala sidan kl 21. Trøtte (etter å ha sigla halve forige natt kvar), slitne og svoltne (vi hadde ikkje ete sidan lunsj i 13-tida), beit vi i det sure eplet og heiv all stoltheit over bord. Vi slo på GPS og motor, og tøffa med halen mellom beina til Lillesand og gjestebrygga der.

Vi var framme i 3-tida åt vi kvar sine to skiver med varm fiskepudding, drakk ein halv kopp cognac (takk onkel Håkon, det trengdes!), og velta oss i køya.

Neste morgon rusla vi rundt i Lillesand, som er ein aldeles nydelig liten sørlandsby, på jakt etter havnevesent sitt kontor for å betale for oss og kjøpe polettar til ein dusj. Kontoret viste seg å vere umogeleg å finne, så vi vaska oss med klut og satte avgarde i 15-tida. Vinden som var lova såg vi lite til, men den hadde lagt att nokre irriterande bølger på veg forbi.

Kloke av skade stoppa vi tideleg i dag og rakk akkurat å ankre opp før sola gjekk ned. No ligg vi ved Sandøya, litt nærare Kristiansand enn Lillesand. Potetene kokar, og freda har senka seg. Vi skal prøve å få att døgnrytma, og starte tidleg i morgon.

1 kommentar:

  1. Sånn er seiling. Etterhvert begynner en å bli flink til å kjøpe mat som kan spises uten tilberedning ev. smøre niste. Fylle termos med varmt vann så kan en ha te eller kaffe. Alt er litt lettere med mat i magen. :)

    Høres ut som skikkelig fint seileventyr dere er på (litt misunnelig).

    SvarSlett