fredag 9. april 2010

Jomfrutur!


For dei av dykk som ikkje har høyrt rykta, slepp vi no katta utav sekken: Vi har kjøpt oss seglbåt! Etter å ha leita meir eller mindre aktivt etter eit småbruk å slå oss ned på utan å finne noko som fall i smak, bestemte vi oss for å tenke alternativt. Valet fall på ein Colin Archer på 34 fot, som vart bygd i 1984. (Eg veit av erfaring at dette er eit bra år å vere bygd i.)

Så i går bar det av gårde med tog til Råde, ein stad nord for Fredrikstad. Vi hadde uhorveleg mykje bagasje med oss, eit heilt flyttelass eigentleg. Særleg eg grudde meg litt til togturen. I tillegg til kvar sin ryggsekk og koffert/bag, draksa vi med oss ein redningsflåte på ca 70kg. På sidene til NSB stod det at togpassasjerar kan ha med seg 30kg bagasje, og vi hadde med oss over det dobbelte- kvar! Det gjekk heldigvis nærast knirkefritt, og på Råde Stasjon kom Frode, som vi kjøpte båten av, og henta oss. Etter eit lynkurs i den uvante elektronikken som følgte med båten handla vi inn nok mat til både Napoleon og hans hær.

Den natta sov vi som kampestein i våre heilt eigne køyer.

I dag byrja vi med å vaske litt i skuffer og skap, og flytte inn for alvor. Så sat vi kursen mot Fredrikstad for å kjøpe naudrakettar, igjen med Frode som velvillig sjofør. Etter eit repetisjonslynkurs, ein prøvetur og lunsj, starta vi den store reisa mot Ålesund.

Sola skein strålande frå knallblå aprilhimmel, men vi ønska oss litt meir vind. Vi klarte likevel å krysse Oslofjorden med æra i behold (d.v.s. utan motorhjelp), og med hjelp frå Redningsselskapets framifrå bok, "Ferie- og fritidshavner", fann vi ei småbåthamn på Østre Bolærne, og kom oss akkurat på plass før sola gjekk ned. No er planen å gruse Jared i eit blodig slag Uno, før vi et kvelds og køyer. Vi gler oss til i morgon!

3 kommentarer:

  1. Skip o hoi: Velkomne til Vestfold, solkysten som dåkke ser !!Gratulerer med ny båt, bygd i Larvik ?
    Hugs å ha Ferder Fyr på venstre hand når ferden går videre ( hm...) 3.fjord inn til høgre ( nord ) e då Sandefjordsfjorden. Kjerringvik er ved utløpet av fjorden, på vestsida. Ring på Vivian dersom det passer, så kanskje vi sjåast !! Helsing 5 landkrabber i Sandefjord

    SvarSlett
  2. Flott at alt e bra!
    Mormor å kattane hilsa.
    Ikke plops uti, no da :- D

    -Mamma og Marthe

    SvarSlett
  3. Hei hei!

    Høres ut som om dere er godt i gang og på god vei. Har dere ikke GPS og kart? Gaar fint å seile i natta også ;)

    Hååper vinden er god mot dere videre. Jeg er nettopp kommet meg inn døren hjemme etter en lang reisedag.

    SvarSlett